Store ting på gang! Nemner i fleng: digital satsing, matpakkesamling (neste: måndag klokka 12 på studentsenteret), aktivitetskalender – kjem snart til ein SmiB-logg nær deg (her), og me har skrive årsmelding, byrja på søknad om midlar, og gledd oss til møte og anna mållagsverksemd. Utsendingane til NM-årsmøtet gler seg til å festa i bunad med… Continue reading Styremøte
Skribent: Ida Haugum
Årsmøte
SmiB skipar til årsmøte onsdag 1. februar klokka 19. Møtestad er kontoret vårt i Nygårdsgata 1b. Sjå kart her. Vel møtt! Førebels saksliste: 1. Årsmelding 2. Økonomi 3. Val av nytt styre 4. Den nye tufta til NMU 5. Aktivitetar i 2012 6. Ymist Kom gjerne med framlegg om saker du ynskjer å drøfta på… Continue reading Årsmøte
Niste og kviss
Studentmållaget har pønska seg fram til to lågterskelaktivitetar me vil freista gjera kvar veke denne hausten; matpakkesamling og kviss-krasjing. Matpakkesamlinga finn stad tysdagar kl. 12, på studentsenteret. Matpakkesamlingane er uformelle samlingar med niste og drøs. Drøsen går om alt mogeleg, men siste nytt på nynorskfronten plar koma opp. Me oppmodar SmiB-ar på mindre sentrumsnære skular… Continue reading Niste og kviss
Pønsk og kino på torsdag
PØNSK Torsdag 8/9 er det duka for pønskarkveld i studentmållaget! Me legg duken i Stjernesalen på Kvarteret klokka 18:00 (det er lov å komma rekande etter kvart, me vert der ei god stund) og idémyldrar saman om kva me vil gjera i haust. Me vonar mange tek turen, særleg nye medlem og de som kanskje… Continue reading Pønsk og kino på torsdag
Kven er SmiB, og kvifor er me best?
Gilde student! Her er informasjonen me sende ut til dei som skreiv seg opp på e-postlistene våre på studenttorget 16/8. Me vil gjerne dela han med så mange som råd, difor legg me han ut på bloggen òg. Her får du ein kort presentasjon om laget, kva me har gjort dei siste semestra, og kva… Continue reading Kven er SmiB, og kvifor er me best?
Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!
I år som tidlegare år stilte SmiB på studiestarttilskipingane til Universitetet og Høgskulen i Bergen. Me hadde smått med tilfang (korttilgangen til kontoret var som vanleg vorten stengd over sumaren) men jamna ut med enorm entusiasme, bokstavkjeksskilt og muffins. Dette likte dei nye studentane. Sjølve hadde me stasa oss opp i «eg <3 nynorsk»-skjortene våre.… Continue reading Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!
Vaflar i mai; hug, elsk og Aasen!
Torsdag 12. mai var ein dag for vaflar og verving, denne gongen utanføre SV-bygget. Vaflane var ein suksess som alltid, men nye medlem vart det lite av. I minsto har fleire studentar fenge vita um oss, ikkje berre dei nynorskvenlege HF-arane me vanlegvis dreg til oss. Me fekk mykje godhug frå samfunnsvitarane òg! Her er… Continue reading Vaflar i mai; hug, elsk og Aasen!
Årsmøte
SmiB skipar til årsmøte torsdag 28. januar klokka 18.00! Møtestad er portalen til Sydneshaugen skule, som ligg rett bak Johanneskyrkja. Illustrasjon: (Berre å gå etter Ivar Aasen, så finn de fram!) Ei førebels saksliste 1. Godkjenning av innkalling og dagsorden. Val av ordstyrar. 2. Årsmelding og arbeidsprogram – Aktiviteten i laget i 2009, og det… Continue reading Årsmøte
Nynorskbar!
Bergen Mållag inviterer alle interesserte til idèdugnad, nynorskbaren 6.oktober! — Kva trengst for å fremje nynorsk og målsak? — Vi har alle mange tankar om kva som er lurt, når det gjeld dette. Kom til Logen bar tysdag 6.oktober kl.19.30! Ta med kjentfolk, og ver med i diskusjonen!
Vend vinden!
Helga 23. – 25. oktober er det «Vend Vinden»-konferanse i Valdres. Litt om kva som skjer, henta frå nettstaden til konferansen: Om du slit med å vinne debattar om nynorsk og sidemål kan du kome på argumentasjonskurset. Og om du då får ein trong til å skrive argumenta ned, men ikkje veit korleis du skal… Continue reading Vend vinden!