Store ting på gang! Nemner i fleng: digital satsing, matpakkesamling (neste: måndag klokka 12 på studentsenteret), aktivitetskalender – kjem snart til ein SmiB-logg nær deg (her), og me har skrive årsmelding, byrja på søknad om midlar, og gledd oss til møte og anna mållagsverksemd. Utsendingane til NM-årsmøtet gler seg til å festa i bunad med vyrde målfolk i hovudstaden – førfest med Ølve mållag? Berre tida vil visa. Vidare vil me til Osterøy for å snakka målsak, og til Flåm og sutla med øl. Om det er humor på programmet? Ja.
Stikkord: Styre
Nytt styre
Me hadde årsmøte torsdag 28. februar, og fekk valt eit nytt styre:
- Odin Hørthe Omdal, leiar
- Martin Årseth, nestleiar
- Ida Haugum, skrivar
- Lisa Ovesen, økonomiandsvarleg
- Diederik Masure, styrelem
- Helene Urdland Karlsen, styrelem
Dette semesteret skal me gira opp aktiviteten eit lite hakk, so me ynskjer so mange aktive som mogleg.
Me les epost, so det er berre å senda ein epost vår veg dersom du skulle lura på noko.