Store ting på gang! Nemner i fleng: digital satsing, matpakkesamling (neste: måndag klokka 12 på studentsenteret), aktivitetskalender – kjem snart til ein SmiB-logg nær deg (her), og me har skrive årsmelding, byrja på søknad om midlar, og gledd oss til møte og anna mållagsverksemd. Utsendingane til NM-årsmøtet gler seg til å festa i bunad med vyrde målfolk i hovudstaden – førfest med Ølve mållag? Berre tida vil visa. Vidare vil me til Osterøy for å snakka målsak, og til Flåm og sutla med øl. Om det er humor på programmet? Ja.
Stikkord: studentmållag
Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!
I år som tidlegare år stilte SmiB på studiestarttilskipingane til Universitetet og Høgskulen i Bergen. Me hadde smått med tilfang (korttilgangen til kontoret var som vanleg vorten stengd over sumaren) men jamna ut med enorm entusiasme, bokstavkjeksskilt og muffins. Dette likte dei nye studentane. Sjølve hadde me stasa oss opp i «eg <3 nynorsk»-skjortene våre. Dei nye studentane likte dei òg.
Etter desse tilskipingane har laget fenge 10 nye medlem – hjarteleg velkomne skal de vera! I tillegg til desse var oppunder hundre studentar lystne på å få vita meir om oss, og skreiv seg opp på e-postlistene våre (det gilde, gule og fullskrivne arket du ser fremst på bordet). Sidan interessa var sopass stor, hadde me i går eit lite spontanmøte for å pønska ut kva den fyrste SmiB-hendinga dette semesteret skal vera. Me kan seia so mykje at ho er kjekk og sosial, heilt utan innslag av møteverksemd, og vil finna stad torsdag i veke 36. Meir informasjon kjem over helga! Fleire bilete frå studiestart kjem òg.
Årsmøte
SmiB skipar til årsmøte torsdag 28. januar klokka 18.00! Møtestad er portalen til Sydneshaugen skule, som ligg rett bak Johanneskyrkja. Illustrasjon:
(Berre å gå etter Ivar Aasen, så finn de fram!)
Ei førebels saksliste
1. Godkjenning av innkalling og dagsorden. Val av ordstyrar.
2. Årsmelding og arbeidsprogram
– Aktiviteten i laget i 2009, og det me vil gjera i 2010.
3. Økonomi
4. Val av nytt styre
5. Landsmøtet til Norsk Målungdom 19.-21. mars
– Vil du vera utsending?
6. Anna
Hurra!
For Studentmållaget i Oslo sin parole i 1. mai-toget, som kom på trykk i Aftenposten med nynorsk bilettekst. (Nr 7 i biletserien)
Ikkje verst!
Studiemøte i Trondheim
Er du i Trondheim 29. april, ta deg ein tur på studiemøte om talemål i medieverda! Kjenner du nokon i området som kan vera interesserte, tips dei!
SniN melder:
SmiN skipar til studiemøte om talemål i medieverda onsdag 29. april. Staden er ikkje fastsett enno, men fylg med!
Korleis pratar folk i radioen og fjernsynet? Kva er føremonen med dialektbruk, og med normert talemål? Kva slags politikk og reglement finst? Korleis reagerer folk på dialekt/normert tale? Kva vanskar og ulemper er der? Kan målet i radio og fjernsyn vera av relevans for folk som skal læra seg norsk? Spørsmåla er mange!
Til neste år vert det ein ny mediekvardag her til lands, og målrørsla må tenkja nytt når det gjeld arbeidet for å få meir nynorsk i media. Til neste år er berre NRK allmennkringkastar, etermedia, nett og aviser
smeltar saman.
Innleiarar denne kvelden er
Ein språkforskar ved NTNU (litt uvisst kven det vert enno)
Tarjei Vågstøl, Kringastingsringen
Attåt desse har vår legendariske sosiolingvist Brit Mæhlum lova å koma innom.
Det vert lett servering.
Vel møtt til eit spanande ordskifte!
Styret
i SmiN
Kjelde: fjesboka