Verveveke!

Neste veke er det «lagveke» i vervekampanjen – dette vil seia at det lokallaget som vervar flest i løpet av denne veka får ein gjev premie (i tillegg til dei andre premiane, sjølvsagt). Så om de sit og rugar på nokon vervelappar, er det strategisk å senda dei inn innan neste veke. Om de driv… Continue reading Verveveke!

Published
Categorized as Ymse

Vellukka aksjonar

Nattaksjon Siste krampetrekning før valet – me dekte Bergen med sidemålsplakatar: Trass mykje regn fekk dei fleste hengja fram til valdagen. (Det sterke limbandet er frå Clas Ohlson, greitt å vita til seinare aksjonar) Nokre plakatar fekk jamvel hengja på «partitorget» nede på Torgalmenningen. Mange takk til Raudt for det! Mykje gjev plass i augehøgd… Continue reading Vellukka aksjonar

Aksjon!

Onsdag vert det SmiB-aksjon på Sydneshaugen skule! Me stiller med (gratis) vaflar og aviser, og satsar på å vera i gang før kantina for optimal effekt og lite konkurranse. Føremålet med aksjonen er stort sett berre å syna at me finst, og å gleda studentane med eit godt alternativ til Studvest, nemleg Dag og Tid.… Continue reading Aksjon!

Kronikk frå BT

Ein kronikk av Erlend Bakke, som tek opp tilhøvet mellom makt og språk i Noreg, samt bergensarane sitt tilhøve til nynorsk. (Teksten den refererer til fann eg ikkje.)

Published
Categorized as Ymse

Matpakkesamling

I haust vert det matpakkesamling torsdagar klokka 12 ( + akademisk kvarter for dei som treng det). Staden er førebels kantina på studentsenteret, Nygårdshøyden. Ta med deg skiva di og kom!

Medlemsmøte

Det vert medlemsmøte i SmiB onsdag 26. august klokka 18:00. Møt opp ved bjørka utanfor HF-fakultetet (bak Johanneskyrkja). Førebels saksliste: 1. Val av representant til studentutvalet Om studentutvalet: «Studentutvalet skal arbeide med spørsmål som er relevante for nynorskbrukande studentar, og prøver i år å stable på beina ein solid og målretta studentpolitikk» 2. Aksjonar i… Continue reading Medlemsmøte

Exphil-ordliste

Medan me ventar på å få meir Exphilpensum og -bøker på nynorsk, kan me setja saman ei ordliste med omsetjingar til alle dei vanskelege bokmålsorda frå emnet.  Kom gjerne med framlegg til nye ord og betre omsetljingar i kommentarfeltet (å redusera talet på heit-ord hadde vore kjekt). Dette er dei problemorda eg fann i mine… Continue reading Exphil-ordliste

Published
Categorized as Fagleg Tagged

Freistnad på røysting

Dette var ikkje berre enkelt, og utforminga vart ikkje så frekk og fin som planlagt, men stem likevel 🙂 (kom gjerne med framlegg til klokkeslett under innlegget!) [polldaddy poll=1802170]

Published
Categorized as Ymse

Hurra!

For Studentmållaget i Oslo sin parole i 1. mai-toget, som kom på trykk i Aftenposten med nynorsk bilettekst. (Nr 7 i biletserien) Ikkje verst! Kjelde

Nynorskbar!

Bergen Mållag arrangerar nynorskbar på Logen Bar imorgon, tysdag 5. mai, klokka 19:30. «Skulemålsskrivar Ingar Arnøy snakkar om korleis mange er for kulturelt mangfald, men mot nynorsk.» Gratis inngang.