Vellukka aksjonar

Nattaksjon

Siste krampetrekning før valet – me dekte Bergen med sidemålsplakatar:

nattaksjon4w

Trass mykje regn fekk dei fleste hengja fram til valdagen. (Det sterke limbandet er frå Clas Ohlson, greitt å vita til seinare aksjonar) Nokre plakatar fekk jamvel hengja på «partitorget» nede på Torgalmenningen. Mange takk til Raudt for det!

Mykje gjev plass i augehøgd på plakatsøyla ved stasjonen:
nattaksjonw

Og me utnyttar alle opningar i plakatlandskapet ved musikkpaviljongen (merk teknikken):
nattaksjon1w

Dag og Tid-aksjon med vaflar

Onsdag 16. september stod me i borggarden på Sydneshaugen skule og delte ut nynorske vaflar og Dag og Tid. Ein uslåeleg kombinasjon – i eittida var me tomme for både aviser og vaffelrøre, og måtte avslutta aksjonen før planlagt.

vafleaksjon1w

Me fekk til og med nokon nye medlem i laget! Fantastisk!

Ei lita mengd aviser tok me med opp på lærarhøgskulen. Det var ikkje nett like lett å dela ut aviser her, men det skuldast sikkert tidspunktet (for seint på dagen) og fråværet av vaflar (ikkje lov, grunna ein aktiv brannvarslar).