Aksjon!

Onsdag vert det SmiB-aksjon på Sydneshaugen skule! Me stiller med (gratis) vaflar og aviser, og satsar på å vera i gang før kantina for optimal effekt og lite konkurranse. Føremålet med aksjonen er stort sett berre å syna at me finst, og å gleda studentane med eit godt alternativ til Studvest, nemleg Dag og Tid.

Me er truleg å finna i portalen heile føremiddagen, vaflar så lenge røra rekk 🙂