Kva skal me med denne nynorsken?

Linda Eide og Ragnar Hovland snakkar om nynorsk! Møtet vert arrangert av Studentersamfunnet i Bergen, og går føre seg på Logen, onsdag 22. april. Dette vert ein fantastisk kjekk kveld og den er garantert verdt ei pause i eksamenslesinga! Les meir om den herlege hendinga!

Published
Categorized as Hendingar

Nynorskbar

Skrivekunstakademiet og Bergen Mållag arrangerer temakveld med basar på Logen 31. mars kl. 19:00. Alfred Fifjestøl presenterer Per Sivle Ernst Berge Drange presenterer Rasmus Løland Opplesing av Løland- og Sivle-tekstar ved Fanny Holmin

klart språk i staten

Neste tysdag vert det arrangert «temamøte om språkforståing, «Klårspråk» og arbeidet for eit betre og meir publikumsretta språk i statsforvaltinga». Om du er ein SmiB-ar som er oppteken av godt språk, høver dette for deg! Nedanføre er heile skrivet sitert: «Skjemaoverveldet?» Måndag 9. mars lanserte regjeringa nettstaden www.klarsprak.no og kampanjen “Klart språk i staten”. Studentar… Continue reading klart språk i staten

Matpakkesamling

Våren 2009 vil SmiB halda matpakkesamlingar onsdagar frå klokka 12:05, i kantina på Sydneshaugen skule. Det går fint å koma seinare enn dette, me plar å halda oss der ein time i alle fall. Sydneshaugen skule er det gule bygget bak Johanneskyrkja, og me brukar å finna oss eit bord oppe. Styret skal vera flinke… Continue reading Matpakkesamling