Matpakkesamling

Våren 2009 vil SmiB halda matpakkesamlingar onsdagar frå klokka 12:05, i kantina på Sydneshaugen skule. Det går fint å koma seinare enn dette, me plar å halda oss der ein time i alle fall.

Sydneshaugen skule er det gule bygget bak Johanneskyrkja, og me brukar å finna oss eit bord oppe. Styret skal vera flinke og ta med skilt, så du finn oss!

Matpakkesamlinga er eit uformelt møte med andre SmiB-ar, og det er sjeldan noko plan for desse samlingane. Her pratar me om alt, men kanskje særskilt emne som aktuelle nynorskhendingar, mattilbodet til SiB, vêret, studentnyhende og eksamen. Nærlesing og kommentering av Studvest har også synt seg å vera ein populær aktivitet på samlingane.

Me sest på onsdag!