Landsmøte i Noregs Mållag

Me leigde bil og drog på landsmøte i Noregs Mållag 8.-10. april på Sand i Suldal.

Landsmøtet var på Sand på grunn avslutninga av det superlange Rasmus Lølande-jubileet (fem år!).

Frå SmiB sende me, Odin, Helene og Martine. I tillegg var Martin tilstades, men då for Hordaland Mållag.

Elles drøsa me godt med Studentmållaga i [Oslo](http://smio.no/) og [Kristiansand](http://smikristiansand.blogspot.com). [Nidaros](http://smin.no/) var fråverande.

Pakka og sendt Nei takk-klistremerke

Då har me starta på den ganske store bakloggen av klistremerketingingar. Me har nett brukt 2000 kroner på porto for Dagverd, og no held me fram å spytta inn ein heil del hundrelappar i den [gratis klistremerkesendingi vår](/ting-klistremerke/?utm_source=smib.no&utm_medium=innlegg&utm_campaign=klistremerke).

Omlag 1 av 20 gjev oss ein donasjon på rundt 100 kr, og det hjelper på slik at me ikkje går so ekstremt mykje i minus. Kvar sending kostar oss frå 20 til 40 kroner. Dessutan hjelper sjølvsagt dei små donasjonane òg.

Det kulaste er likevel at me får spreidd ein heil haug klistremerke rundtom i Noregs land, og eg vonar dei som tek mot klistremerka våre faktisk er flinke til å bruka kvart einaste merke. At dei ikkje vert liggjande heime, men vert spreidd dei vidare til naboar, vener og kjende.

Me har [matpakkesamlinger](/matpakkesamling/) på tysdagar og torsdagar no. Torsdag kl. 12, tysdagane er ikkje tid spikra enno. Send ein epost til smib@malungdom.no so minner me deg på samlingane. I dag var me 5 stykk, so pakkingi gjekk fort heilt til me ikkje hadde fleire konvoluttar att. So me får pakka resten neste tysdag, då!

Hopalong Knut-sponsing

HOPLAONG KNUT (som vann dialektprisen til NMU i 2006) speler på Hulen på
fredag. Det kostar 160, men SmiB sponsar ein grei del av det sidan dei vann dialektprisen
«vår». 🙂

Me har ein avslappa førfest hjå Ida Haugum som bur rett ved Hulen. Kom
innom der kl. 20 for å få rabatt og lada opp. Ingen av oss bit. Send sms
til 93 24 37 25 (obs, eg skreiv feil nummer i eposten) viss du tenkjer koma (eller epost).

[Kart](http://goo.gl/htwyx)

LANDSMØTET til NMU er ferdig. Me dreg på Noregs Mållag sitt i Suldal
8.-10. april.

DAGVERD er laga til, og det har du truleg fått i posten.

MATPAKKESAMLING på torsdag (i morgon). Kl. 12 i kantina på
studentsenteret. Me må pakka klistremerkesendingar (eg tek med
klistremerke og brev, friviljugt arbeid altso). Ring/SMS 93 24 37 25.

NYNORSKHEFTE. Kristin Fridtun i Studentmållaget i Nidaros har laga eit
hefte om nynorsk målføring, spesielt mynta på studentar.
[Flippbok](http://www.ntnu.no/trykk/publikasjoner/nynorsk/) eller [PDF](http://www.ntnu.no/trykk/publikasjoner/nynorsk/files/assets/downloads/publication.pdf)

KVISS. Kvissen med Helge Jordal var so inst bra at me tenkjer på å laga
til fleire.

STIPEND/PENGAR. Skriv du fagbok på nynorsk? Skuleboknemndi har
ein pris på 100.000 kr for arbeid med slikt!

Nynorsk Fagbokpris 2003-2011

Dersom det er for mykje for deg, so kan alle studentmållagsmedlem
søkja skuleboknemndi om utviklingsstøtte til skulebøker på nynorsk.
Små og store prosjekt.

SmiB i Studvest

Studvest skreiv ei sak om Rammsund som hadde sin siste konsert i Bergen.

Eg fekk ein telefon for to dagar sidan og vart spurt om å koma med ein kommentar til at «Rammsund har sagt nynorsken har eit imageproblem».

Frå [Ram svanesong](http://studvest.no/kultur/ram-svanesong) i Studvest:

> Odin Hørthe Omdal, leiar av Studentmållaget i Bergen, har berre gode ord å sei om bandet.

> – Det er synd at dei no legg opp. Dei er heilt klart ein av dei kule artistane som syng på nynorsk, og dei rettar opp ein del av det negative ryktet til målforma, seier han, og fortel at studentmållaget også har spandert billettar til Rammsund-konsertar på medlemmane sine.

Eg hadde nok aldri sagt _nett det_, men det er no ei slags omskriving av noko eg sa med fleire ord. Dessutan legg eg aldri ordet ­«målform» i min munn, og kallar nynorsken eit eige språk slik han òg er.

Men i det heile teke ei koseleg og fin sak av Studvest, og moro at dei spurte oss om meininga vår.

Studentsamling!

I dag startar ho. Me har òg fått den syrlegsarkastiske nynorskavisi vår, Dagverd, i frå trykkeriet! Få ho på samlingi 😀

Her er det oppdaterte programmet (alt som ikkje er spesifisert annanstads hender på St. Pauls):

Fredag

17.00 – Nokon kjem til å kome, innsjekking
– Middagen klar, me er klare
18.30 – Velkomen!
19.00 – Verta kjent-leik
20.00 – Slepp av Dagverd!
20.30 – Kveldsverd
21.00 – Fart og smell
24.00 – Tystnad

Laurdag

09.00 – Frukost + niste til utferd
10.00 – Arnfinn Kolerud, forfattar av Når ein fyrst skal skyte nokon
11.30 – Maskinomsetjing, nynorsk–bokmål, Kevin Unhammer
12.00 – Tur på Fløien
14.00 – Nynorskkurs med Kristin Fridtun (på studentsenteret, seminarrom B)
16.30 – Fri fram til middag
17.30 – Middag.
19.00 – Kviss med Helge Jordal (på Kvarteret)
21.00 – Fritt vilt
23.00 – Nattverd (for dei svoltne)

Sundag

09.30 – Frukost
10.00 – Stadnamsnormering, Ole Jørgen Johanessen
11.30 – Idémyldring, samarbeid mellom (student)mållaga – og korleis aktivera ikkje-aktive medlem?
13.00 – Dugurd og avslutning
14.00 – Utsjekk

Årsmøte i Studentmållaget + mat (komande tysdag) :D

Eg gløymde å skriva tid i eposten (gah!), men det er altso kl. 18.

TID: Tysdag 15. februar, kl. 18
KVAR: Nygårdsgaten 1B, 3. etasje.

Leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård kjem! Woo, kjendis! … nesten 😀

Me tenkjer å tinga mat (truleg pizza) og ymse drykk til. Møtet er
forresten opent for alle utanom beint fram nynorskhatarar.

Mobilnummeret mitt er 93 24 37 25, dersom det er noko.

Framlegg til sakliste

  1. Opning
    – Val av ordstyrar og møteskrivar
  2. Årsmelding
  3. Økonomi
  4. Arbeidsplan for 2011
  5. Val
    – Styre (leiar, nestleiar, økonomiandsvarleg, styremedlemer)
    – Utsendingar til landsmøtet i NMU (25.-27. mars)
    – Utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag (8.-10. april)
  6. Ymse


Vis større kart

Fleirspråk eller einfald, med Håvard B. Øvregård

Me har invitert leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, til å prata om fleirspråk eller einfald; om morsmålsopplæring, sidemålshat og mykje i mellom. Vert språk verdsett i Noreg?

Det heile skjer komande tysdag (26. oktober), kl. 19.00-20.00. So, kom-kom. Håvard er ein god talar, so det er ikkje noko du vil gå glipp av.

Heilhus; DJ Aasen: Norsk på ekte norsk, vellukka

På laurdag skipa brukarorganisasjonane til eit heilhus på kvarteret. Me er visstnok ein brukarorganisasjon, so me vart med og hadde Maos vesle raude-rommet frå kl. 21 heilt til me stengde baren 02.00. Folk sat inne hjå oss til 02.30 fyrr me rydda rommet heilt.

Norsk på ekte norsk (DJ Aasen)

Me hadde altso «norsk på ekte norsk», der me spelte norskspråkleg musikk. Og med «ekte»-varianten so tyder berre det at me ekskluderte alt som var for bokmålsnært. Me spelte t.d. Ravi, av di han syng på austfoldsmål (som me godt kan høyra meir av!), men ikkje DeLillos (Oslo vestkant) eller Marte Wulff (bokmål med kristiansandsk tonefall). Me er sjølvsagt ikkje mot musikken deira, men, vel, dette var vårt arrangement og då ville me konsentrera oss om det som er mest interessant for oss 😉

Fisking

Me hadde fisking, som de truleg kjenner frå barneselskap i ungdomen. Der fekk folk godteri og ymse nynorsk tilfang. Overraskande nok viste det seg å fungera ganske bra (var berre eg som var overraska, forresten). Folk såg ut til å lika det. Spesielt i byrjingi då Helene var veldig flink til å dra inn folk som stod i døropninga og lurte på om dei turte å gå inn.

Korleis gjekk alt saman?

Heilt frå starten av var det god stemning. Eg ville ikkje tru at folk kom før sein-seint, som normalt her i Noreg (forspel, altso :/ ), men det var oss 5 frå SmiB pluss 2-6 andre der inne heile tidi. Sidan Maos vesle raude er eit so lite rom so treng du ikkje so mange folk for at det skal sjå moro ut.

På det meste hadde me vel truleg rundt 20 dansande folk i rommet. Det var dansing omtrent utan stopp heile tidi; nesten 5 timar!

Halvvegs uti vart me vitja av nokon som digga trønderrock. Eg trur den demografien er ganske lite tilfredsstilt i Bergen by, so dei spurte heile tidi om meir Åge Aleksandersen, DDE osb. Dei var med oss til slutten. Det vart kanhenda litt mykje til slutt 😛 Sjølvsagt ispedd ein heil del annan norsk dansemusikk.

Me spelte mykje av:

  • Valkyrien Allstars
  • Kvelertak
  • Kaizers Orchestra
  • Odd Nordstoga
  • Tog
  • Lars Vaular
  • Casiokids
  • Skambankt
  • Hellbillies
  • Hopalong Knut
  • John Olav Nilsen og gjengen
  • Rammsund
  • Gåte
  • DDE

Og mange-mange fleire…

Til slutt

Det heile gjekk altso veldig bra. Sers vellukka. Det var ikkje mykje jobb, og det var veldig koseleg. Det var ikkje fullt rom (rommet tek 30 stk), men heile heilhuset var ikkje so veldig mykje blesta, og det var ikkje so mange folk totalt på bygget.

Fekk tilogmed høyra frå ein av dei tilsette at me hadde det livlegaste rommet! ;D

Til slutt ein kort video frå 22-ish på kvelden. Det ser ekstremt mørkt ut, men det er berre objektivet eg brukar til kamera som er so ekstremt lite ljossensitivt (hadde ikkje andre med meg).

Oi, videoen er /skikkeleg mørk og dårleg/, det ser eg no, jaja. Han viser litt stemning ;]