Heilhus; DJ Aasen: Norsk på ekte norsk, vellukka

På laurdag skipa brukarorganisasjonane til eit heilhus på kvarteret. Me er visstnok ein brukarorganisasjon, so me vart med og hadde Maos vesle raude-rommet frå kl. 21 heilt til me stengde baren 02.00. Folk sat inne hjå oss til 02.30 fyrr me rydda rommet heilt.

Norsk på ekte norsk (DJ Aasen)

Me hadde altso «norsk på ekte norsk», der me spelte norskspråkleg musikk. Og med «ekte»-varianten so tyder berre det at me ekskluderte alt som var for bokmålsnært. Me spelte t.d. Ravi, av di han syng på austfoldsmål (som me godt kan høyra meir av!), men ikkje DeLillos (Oslo vestkant) eller Marte Wulff (bokmål med kristiansandsk tonefall). Me er sjølvsagt ikkje mot musikken deira, men, vel, dette var vårt arrangement og då ville me konsentrera oss om det som er mest interessant for oss 😉

Fisking

Me hadde fisking, som de truleg kjenner frå barneselskap i ungdomen. Der fekk folk godteri og ymse nynorsk tilfang. Overraskande nok viste det seg å fungera ganske bra (var berre eg som var overraska, forresten). Folk såg ut til å lika det. Spesielt i byrjingi då Helene var veldig flink til å dra inn folk som stod i døropninga og lurte på om dei turte å gå inn.

Korleis gjekk alt saman?

Heilt frå starten av var det god stemning. Eg ville ikkje tru at folk kom før sein-seint, som normalt her i Noreg (forspel, altso :/ ), men det var oss 5 frå SmiB pluss 2-6 andre der inne heile tidi. Sidan Maos vesle raude er eit so lite rom so treng du ikkje so mange folk for at det skal sjå moro ut.

På det meste hadde me vel truleg rundt 20 dansande folk i rommet. Det var dansing omtrent utan stopp heile tidi; nesten 5 timar!

Halvvegs uti vart me vitja av nokon som digga trønderrock. Eg trur den demografien er ganske lite tilfredsstilt i Bergen by, so dei spurte heile tidi om meir Åge Aleksandersen, DDE osb. Dei var med oss til slutten. Det vart kanhenda litt mykje til slutt 😛 Sjølvsagt ispedd ein heil del annan norsk dansemusikk.

Me spelte mykje av:

  • Valkyrien Allstars
  • Kvelertak
  • Kaizers Orchestra
  • Odd Nordstoga
  • Tog
  • Lars Vaular
  • Casiokids
  • Skambankt
  • Hellbillies
  • Hopalong Knut
  • John Olav Nilsen og gjengen
  • Rammsund
  • Gåte
  • DDE

Og mange-mange fleire…

Til slutt

Det heile gjekk altso veldig bra. Sers vellukka. Det var ikkje mykje jobb, og det var veldig koseleg. Det var ikkje fullt rom (rommet tek 30 stk), men heile heilhuset var ikkje so veldig mykje blesta, og det var ikkje so mange folk totalt på bygget.

Fekk tilogmed høyra frå ein av dei tilsette at me hadde det livlegaste rommet! ;D

Til slutt ein kort video frå 22-ish på kvelden. Det ser ekstremt mørkt ut, men det er berre objektivet eg brukar til kamera som er so ekstremt lite ljossensitivt (hadde ikkje andre med meg).

Oi, videoen er /skikkeleg mørk og dårleg/, det ser eg no, jaja. Han viser litt stemning ;]