Heilhus i morgon (i dag)!

Me er (laurdag kl. 21.00–) i Maos vesle raude. Her skal me spela Norsk på ekte norsk. Dvs. på øvste hylla er musikk med nynorsk sangtekst, på ant øvste hylla er songar på ikkje-oslo-vest-dialektar. Med andre ord speler me Ravi (austfold!), men ikkje t.d. DeLillos eller Marte Wulff (diverre høyrast det ganske bokmålsk ut, men… Continue reading Heilhus i morgon (i dag)!

To Valkyrien Allstars-konsertar

Sist fredag var me på konsert med Valkyrien Allstars. Me klarte å få 50 kr rabatt frå Hulen, det kom 4-5 medlem utanom oss 6 i styret. Me selde 2 EG♥NYNORSK-t-skjorter, og kunne seld fleire dersom folk hadde hatt meir lommepengar. Me høyrde mange godord om dei. Sidan me brukte t-skjortene som ein samla gjeng… Continue reading To Valkyrien Allstars-konsertar

Pønsk + Valkyrien (rabatt!)

I morgon (1. september) har me pønskekveld for å finna ut kva me skal gjera frametter. Kom innom! Ta deg ein munkholm/kaffi/saft/hansa eller kva-har-du. Funder på kva me skal gjera frametter. Få signert medlemsprov slik at du får 50kr rabatt på Valkyrien Allstars-konserten på fredag. Få (evt. kaup) t-skjorte til konserten dersom du ikkje allereie… Continue reading Pønsk + Valkyrien (rabatt!)

Studenttorg på studentsenteret, 15 nye medlem(!)

For nokre dagar sidan hadde me stand på studentsenteret. Det viste seg å vera ganske so lurt. Ida og Helene klarte å verva 15 medlem på den dagen. Vel, ei av dei vart verva av Odin, men ho var allereie innstilt på å verta medlem. Me gav ut gratis t-skjorter til alle som vart medlem… Continue reading Studenttorg på studentsenteret, 15 nye medlem(!)

Framleis ferie

Det har vore eit par tingingar på klistremerke i ferien, men det vil nok framleis taka minst 2 veker før eg er heime i Bergen for å kunne senda ut nye. Ingen av dei som har kome inn i ferien har vore med friviljug pengedonasjon heller, so det hastar ikkje so fælt 😉 Elles ynskjer… Continue reading Framleis ferie

Medlemsepost for slutten av vårsemesteret

Eg fekk spørsmål om eg kom til å leggja medlemseposten ut på netsida. Kvifor ikkje? Her er ho, den fyrste og truleg siste dette vårsemesteret. SmiB går inn i ei lita stilleperiode no grunna sumar; folk reiser vekk 😉 Gode SmiB-medlem! Nye epostlister for SmiB (lurt å lesa) Få tidsskriftet Mål og Makt gratis Me… Continue reading Medlemsepost for slutten av vårsemesteret

Me hev fengje klistremerke! – Uadressert bokmål? Nei takk!

I dag fekk me levert dei nye klistremerka våre, me hev i overkant av 1000 stykk, so det er rikeleg til alle saman. Me skal få til ein måte der folk kann tinga merke, men de må truleg betala frakten sjølv dersom de ikkje hentar dei direkte her. Merka er gratis, me vil helst sjå… Continue reading Me hev fengje klistremerke! – Uadressert bokmål? Nei takk!

Planleggjingsmøte for skiping av Mållag i Austevoll

På tysdag tok Odin, Helene og Ida som utsendingar for SmiB turen saman med Hordaland Mållag for å få laga eit interimstyre som kan jobba med å få i gang ei skiping av Austevoll Mållag (eller kva dei no veljer å kalla det!). Det kom 6 damer som ikkje var «påmelde». Det var eit ganske… Continue reading Planleggjingsmøte for skiping av Mållag i Austevoll