Styremøte

Store ting på gang! Nemner i fleng: digital satsing, matpakkesamling (neste: måndag klokka 12 på studentsenteret), aktivitetskalender – kjem snart til ein SmiB-logg nær deg (her),  og me har skrive årsmelding, byrja på søknad om midlar, og gledd oss til møte og anna mållagsverksemd. Utsendingane til NM-årsmøtet gler seg til å festa i bunad med… Continue reading Styremøte

Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!

I år som tidlegare år stilte SmiB på studiestarttilskipingane til Universitetet og Høgskulen i Bergen. Me hadde smått med tilfang (korttilgangen til kontoret var som vanleg vorten stengd over sumaren) men jamna ut med enorm entusiasme, bokstavkjeksskilt og muffins. Dette likte dei nye studentane. Sjølve hadde me stasa oss opp i «eg <3 nynorsk»-skjortene våre.… Continue reading Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!

Årsmøte

SmiB skipar til årsmøte torsdag 28. januar klokka 18.00! Møtestad er portalen til Sydneshaugen skule, som ligg rett bak Johanneskyrkja. Illustrasjon: (Berre å gå etter Ivar Aasen, så finn de fram!) Ei førebels saksliste 1. Godkjenning av innkalling og dagsorden. Val av ordstyrar. 2. Årsmelding og arbeidsprogram – Aktiviteten i laget i 2009, og det… Continue reading Årsmøte

Hurra!

For Studentmållaget i Oslo sin parole i 1. mai-toget, som kom på trykk i Aftenposten med nynorsk bilettekst. (Nr 7 i biletserien) Ikkje verst! Kjelde