Store ting på gang! Nemner i fleng: digital satsing, matpakkesamling (neste: måndag klokka 12 på studentsenteret), aktivitetskalender – kjem snart til ein SmiB-logg nær deg (her), og me har skrive årsmelding, byrja på søknad om midlar, og gledd oss til møte og anna mållagsverksemd. Utsendingane til NM-årsmøtet gler seg til å festa i bunad med vyrde målfolk i hovudstaden – førfest med Ølve mållag? Berre tida vil visa. Vidare vil me til Osterøy for å snakka målsak, og til Flåm og sutla med øl. Om det er humor på programmet? Ja.
Stikkord: møte
Årsmøte
SmiB skipar til årsmøte torsdag 28. januar klokka 18.00! Møtestad er portalen til Sydneshaugen skule, som ligg rett bak Johanneskyrkja. Illustrasjon:
(Berre å gå etter Ivar Aasen, så finn de fram!)
Ei førebels saksliste
1. Godkjenning av innkalling og dagsorden. Val av ordstyrar.
2. Årsmelding og arbeidsprogram
– Aktiviteten i laget i 2009, og det me vil gjera i 2010.
3. Økonomi
4. Val av nytt styre
5. Landsmøtet til Norsk Målungdom 19.-21. mars
– Vil du vera utsending?
6. Anna
Medlemsmøte
Det vert medlemsmøte i SmiB onsdag 26. august klokka 18:00. Møt opp ved bjørka utanfor HF-fakultetet (bak Johanneskyrkja).
Førebels saksliste:
1. Val av representant til studentutvalet
Om studentutvalet: «Studentutvalet skal arbeide med spørsmål som er relevante
for nynorskbrukande studentar, og prøver i år å stable på beina ein
solid og målretta studentpolitikk»
2. Aksjonar i haust
«Dag og Tid»-aksjon. Me deler ut aviser og får pengar til laget.
Vafleaksjon. Me deler ut vaflar for å gleda studentar og syna at me finst. (Ein slager)
3. Studentsamling i Oslo 10. – 11. oktober
Denne veit me ikkje så mykje om. Gjer du?
4. Framtida til matpakkesamlingane
Kvar? Kortid?
5. Stoda til SmiB
Korleis står det med styret og økonomien til SmiB?