Fyrstkomande tysdag (9. februar 2016) har Studentmållaget i Bergen årsmøte. Du er hjarteleg velkomen og me håpar du kjem! Under fana «årsmøte» kan du lesa meir, og her vil etter kvart sakspapira bli lagt ut. Ein av dei årlege sakane er «vitring frå styret»/årsmelding, og sidan det er ei stund sidan me har lagt ut noko her, tenkte eg det var på sin plass med ei halvårsmelding på bloggen… i bilete!
Så var plutseleg juni og sommaren her, i alle fall i kalenderen. Sjølv om den siste månaden for dei fleste av oss har vore prega av eksamen, har det òg skjedd mykje fint og nynorskrelatert. Her kjem derfor ei oppsummering av mai månad:
1. Den nynorske grunnlova vart eitt år 6. mai, hurra!
2. Det er viktig å markera jubilé, og den 12. mai feira Studentmållaget i Bergen at Jamstillingsvedtaket var 130 år med jamstillingsvedtaksfest. God stemning og masse folk!
Jamstilling mellom bokmål og nynorsk i 130 år!
3. Nasjonaldagen vart òg feira, på tradisjonelt SmiB-vis. Me la ned krans ved Ivar Aasen-bysta, song vekk regnet, og hadde dessutan Oddny Miljeteig på besøk som festtalar. Ein skikkeleg fin dag!
4. Bystyret i Bergen har vedteke eit forsøksprosjekt med sidemålsundervisning frå tredje klasse. Plutseleg vart me litt ekstra glad i studiebyen vår, les leiarteigen i BT om vedtaket her!
5. Me oppmodar sjølvsagt alle til å be om eksamen på nynorsk, og står klar til å hjelpa viss de må klaga på manglande eller dårlege oppgåver.
Det vert ikkje fleire SmiB-samlingar før etter sommaren, men me håpar å sjå dykk att då, og at nye medlemar vil stikka innom. Det er alltid mogeleg å ta kontakt viss du lurar på noko (òg i sommar), og klistremerka vil framleis bli sendt ut, om kanskje noko sjeldnare enn resten av året.
Om du er ferdig med eksamen eller ei, sommarferien kjem uansett til slutt! Me håpar du kosar deg masse, et is og jordbær i hagen, drikk te i sommarnatta, reiser til fine plasser, og ikkje minst: at me ser deg på sumarleiren på Osterøy. (Meld deg på her) God sommar!
I førre Studvest var det ein artikkel om at færre vel norsk, til føremon for realfag. Det er heilt klårt at det er eit problem, men det er òg eit problem at ein i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. klasse kan velje vekk norskfaget.
No når ein visstnok etter kvart skal gå over til 5-årig lærarutdanning med master, so bør ein prøve å få plass til obligatorisk norsk. Det er heilt håplaust at ein skal kunne gå gjennom lærarstudiet utan å kunne vise til gode evner i norsk. Det burde vere eit minstekrav for ein lærarstudent i dag å kunne undervise i både nynorsk og bokmål, men slik stoda er no, so har ein ikkje lovfest det høvet til å få testa ut studentane. Og har ein fyrst fått fritak frå sidemål i vidaregåande, so er vegen stutt til å få fritak frå sidemålet sitt ved det eine arbeidskravet ein skal levere på sidemålet sitt ved høgskulen. Ein kunne i minsto tryggje god undervising ved å få inn røynlege vurderingssituasjonar i bokmål og nynorsk som ein del av undervisinga – til dømes gjennom PEL-faget (pedagogikk og elevkunnskap).
Det er synd det skal vere slik. Det ein burde tenkje på er at alle skal vere språklærarar i sine fag, anten det er samfunnsfag, matematikk eller norsk. Og då må ein kunne både nynorsk og bokmål (dette gjeld for vidaregåande ogso). Ein kan jo spørje seg kva styresmaktene driv på med når dei for ei stund sidan auka karakterkravet i matematikk til 4 – og heldt norskkravet på 3.
Poenget er: ein bør ikkje berre ottast for dårlege norsklærarar. Alle skal vere språklærarar i sine fag.