Norsk målungdom selde nynorsk.no til Nynorsk kultursentrum, so me måtte ordna litt opp i nettsida vår. Vonleg fungerer alt att no.
Blogg
Eit halvår i bilete
Fyrstkomande tysdag (9. februar 2016) har Studentmållaget i Bergen årsmøte. Du er hjarteleg velkomen og me håpar du kjem! Under fana «årsmøte» kan du lesa meir, og her vil etter kvart sakspapira bli lagt ut. Ein av dei årlege sakane er «vitring frå styret»/årsmelding, og sidan det er ei stund sidan me har lagt ut noko her, tenkte eg det var på sin plass med ei halvårsmelding på bloggen… i bilete!
Juli og sumarleir på Osterøy:
August og stand:

September og semesterstartmøte:

Oktober, haustkonferanse og vervesiger:
Ljose dagar
Så var plutseleg juni og sommaren her, i alle fall i kalenderen. Sjølv om den siste månaden for dei fleste av oss har vore prega av eksamen, har det òg skjedd mykje fint og nynorskrelatert. Her kjem derfor ei oppsummering av mai månad:
1. Den nynorske grunnlova vart eitt år 6. mai, hurra!
2. Det er viktig å markera jubilé, og den 12. mai feira Studentmållaget i Bergen at Jamstillingsvedtaket var 130 år med jamstillingsvedtaksfest. God stemning og masse folk!

3. Nasjonaldagen vart òg feira, på tradisjonelt SmiB-vis. Me la ned krans ved Ivar Aasen-bysta, song vekk regnet, og hadde dessutan Oddny Miljeteig på besøk som festtalar. Ein skikkeleg fin dag!
4. Bystyret i Bergen har vedteke eit forsøksprosjekt med sidemålsundervisning frå tredje klasse. Plutseleg vart me litt ekstra glad i studiebyen vår, les leiarteigen i BT om vedtaket her!
5. Me oppmodar sjølvsagt alle til å be om eksamen på nynorsk, og står klar til å hjelpa viss de må klaga på manglande eller dårlege oppgåver.
Det vert ikkje fleire SmiB-samlingar før etter sommaren, men me håpar å sjå dykk att då, og at nye medlemar vil stikka innom. Det er alltid mogeleg å ta kontakt viss du lurar på noko (òg i sommar), og klistremerka vil framleis bli sendt ut, om kanskje noko sjeldnare enn resten av året.
Om du er ferdig med eksamen eller ei, sommarferien kjem uansett til slutt! Me håpar du kosar deg masse, et is og jordbær i hagen, drikk te i sommarnatta, reiser til fine plasser, og ikkje minst: at me ser deg på sumarleiren på Osterøy. (Meld deg på her) God sommar!
Lesarbrev i Studvest nr. 15 – 2015

Færre vel norsk
I førre Studvest var det ein artikkel om at færre vel norsk, til føremon for realfag. Det er heilt klårt at det er eit problem, men det er òg eit problem at ein i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. klasse kan velje vekk norskfaget.
No når ein visstnok etter kvart skal gå over til 5-årig lærarutdanning med master, so bør ein prøve å få plass til obligatorisk norsk. Det er heilt håplaust at ein skal kunne gå gjennom lærarstudiet utan å kunne vise til gode evner i norsk. Det burde vere eit minstekrav for ein lærarstudent i dag å kunne undervise i både nynorsk og bokmål, men slik stoda er no, so har ein ikkje lovfest det høvet til å få testa ut studentane. Og har ein fyrst fått fritak frå sidemål i vidaregåande, so er vegen stutt til å få fritak frå sidemålet sitt ved det eine arbeidskravet ein skal levere på sidemålet sitt ved høgskulen. Ein kunne i minsto tryggje god undervising ved å få inn røynlege vurderingssituasjonar i bokmål og nynorsk som ein del av undervisinga – til dømes gjennom PEL-faget (pedagogikk og elevkunnskap).
Det er synd det skal vere slik. Det ein burde tenkje på er at alle skal vere språklærarar i sine fag, anten det er samfunnsfag, matematikk eller norsk. Og då må ein kunne både nynorsk og bokmål (dette gjeld for vidaregåande ogso). Ein kan jo spørje seg kva styresmaktene driv på med når dei for ei stund sidan auka karakterkravet i matematikk til 4 – og heldt norskkravet på 3.
Poenget er: ein bør ikkje berre ottast for dårlege norsklærarar. Alle skal vere språklærarar i sine fag.
Håkon Remøy
Styremedlem i Studentmållaget i Bergen
Eit tilbakeblikk på Bergenskonferansen
Laurdag 25. og sundag 26. april var det duka for Bergenskonferansen ved Høgskolen i Bergen.
Konferansen handla om nynorsk i samanheng med både norskfaget i lærarutdanninga, kommune- og institusjonsstruktur og ikkje minst – Bergen som nynorskbyen i Noreg.

På laurdags ettermiddag diskuterte desse rektorane kva språklege konsekvensar institusjonsstrukturen kunne ha for nynorsken. Det var nokre ting me var meir samde i enn andre.
Rektor ved Høgskulen i Volda sa noko svært fornuftig om at det ikkje naudsynleg var størst mogleg einingar som var best, so det me følte at me laut dela på twitter med ein gong:
Heia Per Halse og Høgskulen i Volda, det største er kanskje ikkje alltid det beste. #nynkonf15
— SmiB (@SmiBergen) April 25, 2015
Rett etter rektordetbatten, utan nokon pause mellom, fór me vidare over på Bergen som nynorskbyen i Noreg. Det var kanskje noko uklårt for nokre kva ein meinte med at Bergen skulle vera nynorskby, men ein kan seia det nokso stutt: Ein vil gjerne at nynorsken skal vera synleg i bybiletet, samstundes som ein skal ha kulturelle tilbod òg – mellom anna nynorskteateret Hordaland teater. Og so vil ein sjølvsagt sjå Odda-modellen verta innført i Bergen ogso. At Bergen rett og slett skal vera nynorskhovudstaden i Noreg.

Det beste var jo at under denne innleiinga, kom Odda-modellen opp (språkdelte klasser på ungdomstrinnet og i vidaregåande, noko det berre er lovkrav om i barneskulen), og då snakka Terje Kollbotn so varmt om han at Høgre-politikar Eriksen inviterte han på møte i Bergen Høgre for å snakka om modellen, eller halda eit vekkingsmøte. Han merka seinare at det var fyrste gongen Høgre hadde invitert han med på noko som helst, sidan han sjølv er Raudt-politikar i heimkommunen Odda.

Den siste av paneldebattane på laurdagen, var om norskfaget i lærarutdanninga. Det var både interessant og til dels sjokkerande å høyra på kva dei hadde å seia. Mellom anna at det ikkje er obligatorisk å ha norsk på grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. klasse, og at ein dessutan kunne få fritak frå til dømes nynorsk, om ein hadde hatt fritak på vidaregåande (dette galdt ogso glu 1.-7.). So i teorien, og til ei viss grad i praksis òg, kan ein koma gjennom lærarutdanninga ved kva som helst slags høgskule i Noreg – utan å kunna båe skriftspråka! Og det verste er: dei som ikkje kan båe skriftspråka og kjem seg gjennom studiet er like kvalifisert som einkvan annan – på papiret (dette har noko med at nynorskkrava i regelen er forprøver og ikkje eigne eksamenar, og at ikkje alle kommunane har vett til å krevja nynorskkompetanse), og kan dimed få jobb i ei nynorskklasse utan å vera røynd i språket.
Før (eller vert det etter?) møteslutt laurdagen, so kom Frode Grytten og underheldt oss, han hadde med to musikarar og las nokre nokso stutte noveller, medan dei song og spelte.

Etter Grytten var me ferdige på høgskulen for dagen, og då var det av garde for å skifta kle (og for nokre var vel sminking nokso sentralt), og koma oss i retning Grand Hotel Terminus for sosialt samvære og middag.

Det var ein røynleg festmiddag, kan ein vel seia: For det var tre rettar, og det var ikkje godt å veta kva slags gaffel som skulle brukast til kva. Føreretten var i alle fall kylling og noko kaninmat, medan hovudretten, for ein gongs skuld var fisk, av typen laks. Og desserten er eit stort mysterium, med det var godt då, det likna kanskje mandelpudding, men utan mandlar.
Det vart ein hyggjeleg kveld, me fekk henga med vaksenmållagsfolk, og nokre av oss fekk noko godt i glaset òg. Og det var jammen det litt lått ogso! Is-mannen, Øystein Skjæveland underheldt oss med «dagsnyttmeldingar», og me fekk ogso etter kvart høyra Terje Kollbotn snakka om Odda-modellen. Men det vart ikkje seine kvelden, brorparten drog frå hotellet i ellevetida, og nokre få lengde kvelden med ein liten tur ut i byen.
Sundags morgon. Ikkje alle var like snøgge med å koma attende til møtestart, det var vel litt lite svevn for somme. Det var nemleg klokka 09.30 det byrja, og då er det vel ein del som lyt stå opp i otta.. (men underteikna kom seg tidsnok opp). Og det gjorde ogso ordstyrarane:

Denne tidlege sundagsmorgonen, var det kommunereforma som vart diskutert. Det var fyrst ei innleiing ved Jan Olav Fretland, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, før ein gjekk over på ordskifte, med både leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, Kjersti Toppe frå Senterpartiet og Olav Kobbeltveit. Der fekk me nokre innspel på kva kommunereforma kunne ha for nynorsken.

Fretland la vekt på at me er sopass mange nynorskbrukarar, og at det då gjev oss ein heil del marknadsmakt, me må berre ha hug til å krevja henne.
Og Olav Kobbeltveit som var ordførarkandidat i Fjell kommune på Sotra, han meinte at «ein bør på ny definera innhaldet i ein nøytral kommune, nett no er det lik bokmål», so då byggjer vel del litt på det Fretland hadde nemnt om at «det må til ein revisjon av mållovi».
Ordførarkandidaten i Fjell meinte at all samanslåing ikkje trong vera negativt for nynorsken, han hadde tru på at Sotra som eigen kommune i seg sjølv kunne hjelpa for nynorsken på øya.
Og kva skal ein seia? Det er inkje eit skikkeleg ordskifte utan at det vert kasta ljos på Odda-modellen:
Lærdom frå #nynkonf15 : Odda-modellen kan takast opp uansett kva vi diskuterer. Vi <3 Terje Kollbotn.
— SmiB (@SmiBergen) April 26, 2015
Ordskiftet tok sopass tid at pausen vart både utsett litt og avstutta, men det er jo eit luksusproblem!
Det var ogso ei innleiing om nynorskforsking, det synte seg at ein gjerne ynskte meir forsking på nynorsk. Men det hadde vore eit problem at det for somme forskarar kunne sjå ut som å vera eit tingingsverk frå Noregs Mållag.
Heilt til slutt var det ei innleiing om media og nynorsk, sidan hovudinnleiiaren ikkje var til stades, so stod kommentatoren Olav Kobbeltveit fram og snakka. Han snakka i all hovudsak om nynorsk i Bergens Tidende. Det hadde vore meir eller mindre frislepp på nynorsk i bladet sidan 70-talet, men at ein og annan bladstyrar (redaktør) hadde prøvd seg – og møtt hard motstand frå nynorskjournalistane. Eine bladstyraren trekte seg tilmed stutt tid etter han byrja. Men poenget var at ein laut passa på i framtida. Og grunnen til at ein lét dei nynorske bladmennene halde fram, var sidan omsetjinga gjekk opp. Det hadde òg gått sameleis etter ein slapp nynorsken til på Alexandra hotell i Loen og Lerum syltetøy frå Sogn. «Det verkar meir ekte», kom ein vel fram til.
Tilskipinga gjekk på overtid, og nærare halv to vart det av garde for å få seg litt lunsj.

Det ein sakna på denne tilskipinga var meir tid, og ikkje minst, meir synging. Me fekk songhefte, men me brukte det berre under festmiddagen.
Bergenskonferansen 25.-26. april
Laurdag 25. og sundag 26. april skipar Bergen mållag i samband med Høgskolen i Bergen til Bergenskonferansen.
På konferansen tek ein mellom anna opp kva konsekvensar institusjonsstrukturen i høgare utdanning kan ha for nynorsken, det tek dei opp på laurdagen, medan dei spør om nesten det same på sundagen, berre då er det kommunereforma som står i sentrum.
Attåt mykje fagleg interessant stoff, so skal det òg vere ein kulturkveld laurdagen, kor mellom andre Frode Grytten kjem. Og det vert nok artig!
Det er berre å sjekke programmet og melde seg på her – innan 19. april! (Det vart nyleg kjent at dei lengjer fristen fram til sundagen før)
Og eg kan tilmed nemne at me dekkjer studentprisen for dei som er medlem hjå oss! So då er det berre å take turen.
Er du ikkje medlem? Send kodeord NMU og namn, e-post og fødeår til 2090 (kr. 50,-, dekkjer kontingenten ut 2015). Eller du kan gå inn på målungdomen sine nettsider og fylle inn eit skjema der.
E-posten med rekning og sånn, treng de berre å vidaresende til smib hjå nynorsk punkt no, so ordnar me med betalinga.
Veke utan pause

Etter ei relativt rolig helg starta Studentmållaget på ei verkeleg dedikert veke. Måndag samla heile styret, inkludert vår travle vara, på kontoret for eitstyremøte. Me starta med å fråtsa i oss pavlova, før intensivt organisasjonsarbeid byrja. Den uerfarne vesletrælen tok på seg sekretær-jobben, då skrivaren var litt forsinka. Resultatet vart eit overdetaljert referat. Me avslutta som vanleg med å senda ein stor bunke med klistremerke.
Tysdag vart Studentmållaget invitert av Langhaugen vgs til ein norsktime. Norskklassen hadde fokus på målstrid og skriftspråka i Noreg. Då passar det godt å invitera oss. Leiar og to andre trufaste styremedlemar stod framføre tavla på Langhaugen vgs, og fortalte om språkhistorie og Ivar Aasen. Me nådde ikkje 1900-talet, før dei første spørsmåla dukka opp. Då var det gjort: Spørsmål og kritiske kommentarar hagla, og representanane våre veskla med å svara dette majoritetsoppkoket.
Studentmållaget samla seg seinare utanfor Konsertpaleet. Det var kinotid, og den etterlengta barnefilmen Reisa til Fjørkongens rike stod for tur. Fin animasjon, mange bodskapar og ikkje minst stort mangfald av dialektar hjå karakterane. Hovudpersonen sjølv, Johan, hadde sunnmørsdialekt, mora snakka rogalending, medan Fjørkongen sjølv snakka nordlandsk. Filmen fremja at ein ikkje kan lura realiteten, blanda med eit monoteistisk verdsyn.

På onsdag drig Kassastyraren til styremøte i Hordaland mållag, der ho tappert klarte å kapra til seg reisepengar til Landsmøtet no til helga. Den vene varaen, Anna, fann ein passande utestad til jamstillingsfesten i mai. På fredag dreg ein del av oss til Oslo for å delta på Landsmøtet. Me stiller førebudd og er ikkje anna enn gira! Me har prova, utan tvil, at me er verdas beste studentmållag!
Sameina samling på Stord

Så kom helga alle venta på, vestlandsk venskapshelg. Fredag 6. mars drog ivrige og spente målungdommar frå Stavanger og Bergen til vakre Stord. Forutan å vera Noregs nynorskby, var det naturleg for oss og Studentmållaget i Stavanger å samlast på halvvegen – på «Vikjo». Førebuing til Landsmøtet 2015 i Oslo stod på planen; men heldigvis fekk ein tid til å gjera så mykje meir!
Dei fleste var svoltne etter diverse buss- og båtturar. Det vart servert taco, ein utruleg eksotisk og ukjent rett frå Mexio, som funkar perfekt som ferdamat. Dei som ville, fór ut på kveldstur for å erfara denne nynorskbyen, og det han hadde å tilby. Magnhild Mjør, ein av dei mest erfarne gaidane på Stord, viste oss mellom anna innkøyringa på parkeringshuset, Kulturhuset, terminalen og fiskedamo. Sistnemnde førte oss naturlegvis inn i ein djup, biologisk samtale om kva som er mest funksjonelt av havfruer eller fiskedamer. Me står framleis utan svar.

Då me friske og flotte kom tilbake til Leirvik skule, slo me oss til ro med Flukta frå Dyreskogen. Nostalgi blanda med lingvistisk kjærleik bruste i samlinga, medan Rev og Padde leia gjengen mot Hjorteparken. Me vart sitjande lengre enn det me hadde trudd, men kven kan vel forlata filmlerretet når Ugle siterer sine favoritt-filosofar?
På laurdagen sat me alle fastspente i sofaene og venta på Stord sin store helt, Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland museum. Herr Lunde fortalte, med teatralske innslag, om Peder Lundarstøl, ein stordabu som levde isolert med kone etter kone, og gjorde det beste ut av dårlege levevilkår.
Maria Svendsen, tidlegare leiar og morsfigur, hadde førebuingskurs. Studentmållaga diskuterte lovbrigdene og arbeidsprogrammet til Sentralstyret.


Seinare på dagen var det idédugnad for kva som skal stå på kondomane som Studentmållaget i Stavanger hadde investert i. Det beste sitatet fekk me sjølvsagt i frå o’store Ivar Aasen: «Når Fantestaven er vorten varm i Handi, so er han ikkje god aa sleppa». Grisepratet haldt fram til middagslaginga; Ingunn og co. mekka ei eksotisk sterk kyllingsuppe til dei andre småkåte målungdommane.
Vår kjære skrivar Aslaug tok på seg oppdraget å vera quizmeistar. Me ante ikkje kva me hadde gitt oss ut på. Quizmeistaren introduserte eige poengsystem og spørsmål som fekk hugen til å knaka. Medan somme trøyste seg med øl, tok det ikkje lang tid før me alle kunne trøysteeta økologisk Isrosa-is frå Kvinnherad.

Dagen etter stod ikkje frukosten klar for dei morgontrøytte deltakarane. Kva hadde skjedd? Ei merkeleg stemning breidde seg i rommet, og blanda seg med kjensla av svolt. Kvifor stod ikkje nugattien der? Og agurken? Og kvifor i all verda stod kaffitraktaren der utan mursvart drikke? Før svaret kom på bordet, tok gutane initiativet og laga mat. Gutane forstod at det var 8. mars og at det var deira tur til å bidra på kjøkkenet. Me fekk ein engasjert kjønnsrolledebatt på tampen av dagen. Men ikkje få panikk; alle fekk roa seg med is og ei oppsummering før slitne målungdommar vendte snuten heim igjen til sitt urbane studentliv.
Fine ting i tida
No kjem det jammen meg ei ny oppdatering, tenk det! Det skjer mykje nynorskknask for tida, og eg har difor laga ei liste over ting eg sjølv (og forhåpentlegvis resten av SmiB) tykkjer er fine. Så slik er det.
1. Studentsamling i Nidaros/Trondheim! Sist helg skipa Studentmållaget i Nidaros til studentsamling, og ein SmiB-gjeng var sjølvsagt med på moroa. Der fekk me høyra fine innleiingar, spela rumpeldunk og vera sosiale/viktige/kule/seriøse. Samlinga var nesten like superbra som vår eiga studentsamling i fjor. Kjærleik til SmiN og alle andre som var der!

2. Instagram og andre sosiale media! Dette punktet er nok hovudgrunnen til at me oppdaterer denne sida såpass sjeldan. Men når eg fyrst gjer det, kan eg likegodt nytta høvet til å linka til den fine SmiBergen-profilen vår. Der kan de til dømes sjå bilete frå Hordaland Mållag sitt årsmøte, kor to styrerepresentantar var i helga. Hurra for mållagssamarbeid!
3. Nynorskkurs med Kristin Fridtun! Me skal halda nynorskkurs i SV-bygget onsdag den 11. mars klokka 18.30, og alle er hjarteleg velkommen. Me sjåast der!
4. Bergenskonferansen er absolutt verdt å få med seg! Merk av datoen 25.-26. april i kalenderen, og bli med oss til den fantastisk fine, nynorskskilta Høgskulen i Bergen. Som dessutan får besøk av SmiB fyrstkomande tysdag!
5. Nynorsk på nett! (sjølvsagt) Verdas beste nynorske blogg vart kåra for ikkje alt for lenge sidan, og når Utetid oppmodar til regnvêrstur og sølepytthopping gjer sjølvsagt SmiB-leiaren nettopp det. Ha ei god veke, blogglesarar!
Lite oppdateringar
Heisann, du som har streifa innom bloggen her. Som du kanskje ser vert den ikkje oppdatert so veldig ofte. Det er ikkje fordi vi ikkje gjer noko, men meir fordi vi er litt dårlege på å oppdatere her. Vi er derimot betre på Facebook so det kan vere verdt å sjekke ut sida eller gruppa vår der for meir oppdaterte nyhende. Vi er og på Twitter og Instagram. Båe plassar heiter vi @SmiBergen
Framsida med informasjon om styret og kontaktinformasjon prøvar vi å halde oppdatert til ei kvar tid. Og vi legg også ut innkallingar til årsmøte og liknande her. Og sida for bestilling av klistremerke er alltid aktiv. So sida er ikkje heilt daud altso. 🙂