I år som tidlegare år stilte SmiB på studiestarttilskipingane til Universitetet og Høgskulen i Bergen. Me hadde smått med tilfang (korttilgangen til kontoret var som vanleg vorten stengd over sumaren) men jamna ut med enorm entusiasme, bokstavkjeksskilt og muffins. Dette likte dei nye studentane. Sjølve hadde me stasa oss opp i «eg <3 nynorsk»-skjortene våre. Dei nye studentane likte dei òg.
Etter desse tilskipingane har laget fenge 10 nye medlem – hjarteleg velkomne skal de vera! I tillegg til desse var oppunder hundre studentar lystne på å få vita meir om oss, og skreiv seg opp på e-postlistene våre (det gilde, gule og fullskrivne arket du ser fremst på bordet). Sidan interessa var sopass stor, hadde me i går eit lite spontanmøte for å pønska ut kva den fyrste SmiB-hendinga dette semesteret skal vera. Me kan seia so mykje at ho er kjekk og sosial, heilt utan innslag av møteverksemd, og vil finna stad torsdag i veke 36. Meir informasjon kjem over helga! Fleire bilete frå studiestart kjem òg.
1 comment
Comments are closed.