Neste veke er det «lagveke» i vervekampanjen – dette vil seia at det lokallaget som vervar flest i løpet av denne veka får ein gjev premie (i tillegg til dei andre premiane, sjølvsagt). Så om de sit og rugar på nokon vervelappar, er det strategisk å senda dei inn innan neste veke.
Om de driv og sparar til ei spesiell vervegåve, kan de sikkert senda med ein beskjed om dette, slik at de «slepp å bli premierte» før de har verva nok. Slik kan de likevel senda inn dei de har verva no, og verva vidare mot målet etterpå. Om det var forståeleg.. 🙂