Tag Archives: Lesarbrev

Lesarbrev i Studvest nr. 15 – 2015

Studvest nr. 15 – 2015

Færre vel norsk

I førre Studvest var det ein artikkel om at færre vel norsk, til føremon for realfag. Det er heilt klårt at det er eit problem, men det er òg eit problem at ein i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. klasse kan velje vekk norskfaget.

No når ein visstnok etter kvart skal gå over til 5-årig lærarutdanning med master, so bør ein prøve å få plass til obligatorisk norsk. Det er heilt håplaust at ein skal kunne gå gjennom lærarstudiet utan å kunne vise til gode evner i norsk. Det burde vere eit minstekrav for ein lærarstudent i dag å kunne undervise i både nynorsk og bokmål, men slik stoda er no, so har ein ikkje lovfest det høvet til å få testa ut studentane. Og har ein fyrst fått fritak frå sidemål i vidaregåande, so er vegen stutt til å få fritak frå sidemålet sitt ved det eine arbeidskravet ein skal levere på sidemålet sitt ved høgskulen. Ein kunne i minsto tryggje god undervising ved å få inn røynlege vurderingssituasjonar i bokmål og nynorsk som ein del av undervisinga – til dømes gjennom PEL-faget (pedagogikk og elevkunnskap).

Det er synd det skal vere slik. Det ein burde tenkje på er at alle skal vere språklærarar i sine fag, anten det er samfunnsfag, matematikk eller norsk. Og då må ein kunne både nynorsk og bokmål (dette gjeld for vidaregåande ogso). Ein kan jo spørje seg kva styresmaktene driv på med når dei for ei stund sidan auka karakterkravet i matematikk til 4 – og heldt norskkravet på 3.  

Poenget er: ein bør ikkje berre ottast for dårlege norsklærarar. Alle skal vere språklærarar i sine fag.

 

Håkon Remøy

Styremedlem i Studentmållaget i Bergen

Færre vel norsk