Category Archives: Info

Fine ting i tida

No kjem det jammen meg ei ny oppdatering, tenk det! Det skjer mykje nynorskknask for tida, og eg har difor laga ei liste over ting eg sjølv (og forhåpentlegvis resten av SmiB) tykkjer er fine. Så slik er det.

1.  Studentsamling i Nidaros/Trondheim! Sist helg skipa Studentmållaget i Nidaros til studentsamling, og ein SmiB-gjeng var sjølvsagt med på moroa. Der fekk me høyra fine innleiingar, spela rumpeldunk og vera sosiale/viktige/kule/seriøse. Samlinga var nesten like superbra som vår eiga studentsamling i fjor. Kjærleik til SmiN og alle andre som var der!

SmiB på tur til Trondheim!

SmiB på tur til Trondheim!

2. Instagram og andre sosiale media! Dette punktet er nok hovudgrunnen til at me oppdaterer denne sida såpass sjeldan. Men når eg fyrst gjer det, kan eg likegodt nytta høvet til å linka til den fine SmiBergen-profilen vår. Der kan de til dømes sjå bilete frå Hordaland Mållag sitt årsmøte, kor to styrerepresentantar var i helga. Hurra for mållagssamarbeid!

3.  Nynorskkurs med Kristin Fridtun! Me skal halda nynorskkurs i SV-bygget onsdag den 11. mars klokka 18.30, og alle er hjarteleg velkommen. Me sjåast der!

4.  Bergenskonferansen er absolutt verdt å få med seg! Merk av datoen 25.-26. april i kalenderen, og bli med oss til den fantastisk fine, nynorskskilta Høgskulen i Bergen. Som dessutan får besøk av SmiB fyrstkomande tysdag!

5.  Nynorsk på nett! (sjølvsagt) Verdas beste nynorske blogg vart kåra for ikkje alt for lenge sidan, og når Utetid oppmodar til regnvêrstur og sølepytthopping gjer sjølvsagt SmiB-leiaren nettopp det. Ha ei god veke, blogglesarar!

Lite oppdateringar

Heisann, du som har streifa innom bloggen her. Som du kanskje ser vert den ikkje oppdatert so veldig ofte. Det er ikkje fordi vi ikkje gjer noko, men meir fordi vi er litt dårlege på å oppdatere her. Vi er derimot betre på Facebook so det kan vere verdt å sjekke ut sida eller gruppa vår der for meir oppdaterte nyhende. Vi er og på Twitter og Instagram. Båe plassar heiter vi @SmiBergen

Framsida med informasjon om styret og kontaktinformasjon prøvar vi å halde oppdatert til ei kvar tid. Og vi legg også ut innkallingar til årsmøte og liknande her. Og sida for bestilling av klistremerke er alltid aktiv. So sida er ikkje heilt daud altso. :)

Kven er SmiB, og kvifor er me best?

Gilde student!

Her er informasjonen me sende ut til dei som skreiv seg opp på e-postlistene våre på studenttorget 16/8. Me vil gjerne dela han med så mange som råd, difor legg me han ut på bloggen òg. Her får du ein kort presentasjon om laget, kva me har gjort dei siste semestra, og kva for planar me so langt har for hausten.

Kven er me, og kva gjer me? Me er ein god gjeng med unge nynorsktilhengjarar. Me er opptekne av god språkbruk, av å gje merksend til nynorsken og dei norske dialektane, av å sikra studentar mot språkleg diskriminering; Du skal få eksamenen din på det språket du er oppmeldt med, og språket i eksamensoppgåva skal vera godt! Du har rett til å klaga om eksamen er på feil språk, og likeins kan du klaga om språket i eksamensoppgåva er dårleg – dette er det ikkje alle som veit, so ein viktig del av arbeidet vårt er å opplysa om desse rettane. Likevel, det aller viktigaste for oss har heile tida vore å ikkje verta keisame og sure pessimistar (slik stoda gjerne er i dei noko eldre mållaga) – SmiB er positive i alt me gjer! Snok rundt her på bloggen og på facebooksida vår for å finna ut meir.

Kva har me gjort dei siste semestra? SmiB skryt ikkje om me seier me har vore det beste studentmållaget dei siste åra, det har me jamvel fått to diplom på. Dette er grunnen/grunnane:

  • Me har mellom anna ry på oss for å skipa dei beste studentsamlingane, den siste no i vår (Sjå programmet for førre samling).

  • Me har vore på konsertar med artistar som syng på dialekt, til redusert pris for medlemma våre. Førre studieår var me på Valkyrien Allstars og Hopalong Knut.

  • Me hadde DjAasen på Heilhus på Kvarteret, eit særs godt vitja dansegolv kor det gjekk i fengande, norsk musikk.

  • Me laga ei syrleg og sarkastisk nynorsk-avis, Dagverd. Berre for kjekt.

  • Me er alltid særs godt representerte på andre mållagstilskipingar, frå dei lokale nynorskbarane til Bergen mållag, til årsmøter, haustkonferansar, og sumar- og vinterleirar i Norsk Målungdom. Me liker å følgja med, og vera der det skjer!

…og det er sjølvsagt me som har laga desse klistremerka.

Kva vil me gjera i haust? Fyrst: me vil planleggja hausten saman med våre nye medlem, og dei som kanhenda vil verta med i laget. Difor har me tenkt at den fyrste hendinga i vår skal vera ein pønskarkveld, kor me møtest for å dela visjonar og idéar for hausten med kvarandre. Når me har gjort dette ei stund, tenkte me å avslutta kvelden med å sjå «Få meg på for faen» (Etter boka av Olaug Nilssen) på kino. Me betaler for medlem, og tilfeldigheitane vil ha det til at filmen er dyrare enn oss. Kvelden det skjer: torsdag 8. september, følg med på facebooksida og bloggen vår for nærare informasjon om tid og stad.

Dinest vil me gjerne føra vidare det beste frå i fjor; det er soleis utsikter til fleire norske konsertopplevingar, eit nytt suksess-Heilhus, kanskje meir avis, og like massiv deltaking på andre mållagstilskipingar. Sist me møttest spekulerte me òg i å ha eit nynorsk ete- og drikkegilde (kor me altså hiv innpå mat frå produsentar som nyttar nynorsk. Eit raskt oversyn over slike tyder på at det vil gå mest i øl, iskrem, saft og syltety denne kvelden. Det kan berre verta bra).

Til sist, og veldig veldig viktig, vil me seia at det ikkje er naudsynt at du er aktiv, sjølv om du er med i laget. Me er ein flott gjeng som er aktive og liker å skipa til ting, skriva lesarbrev og reisa på årsmøte, og det er sjølvsagt plass til fleire i denne gjengen. MEN du er like bra som denne gjengen om du ikkje liker desse tinga – berre liker nynorsk og vil vera med i eit mållag for å syna det. Me treng deg fordi me vil verta mange, slik at argumenta våre veg tyngre når det trengst («over 100 studentar meiner dette»), fleire medlem gjev også større økonomisk fridom – kanskje det likevel dukkar opp ei hending du kunne tenkja deg å gå på? Og aller viktigast: me er studentmållaget i Bergen. Me er nøydde til å verta større enn Oslo!

SmiB i Studvest

Studvest skreiv ei sak om Rammsund som hadde sin siste konsert i Bergen.

Eg fekk ein telefon for to dagar sidan og vart spurt om å koma med ein kommentar til at «Rammsund har sagt nynorsken har eit imageproblem».

Frå Ram svanesong i Studvest:

Odin Hørthe Omdal, leiar av Studentmållaget i Bergen, har berre gode ord å sei om bandet.

– Det er synd at dei no legg opp. Dei er heilt klart ein av dei kule artistane som syng på nynorsk, og dei rettar opp ein del av det negative ryktet til målforma, seier han, og fortel at studentmållaget også har spandert billettar til Rammsund-konsertar på medlemmane sine.

Eg hadde nok aldri sagt nett det, men det er no ei slags omskriving av noko eg sa med fleire ord. Dessutan legg eg aldri ordet ­«målform» i min munn, og kallar nynorsken eit eige språk slik han òg er.

Men i det heile teke ei koseleg og fin sak av Studvest, og moro at dei spurte oss om meininga vår.

Nytt styre

Me hadde årsmøte torsdag 28. februar, og fekk valt eit nytt styre:

  • Odin Hørthe Omdal, leiar
  • Martin Årseth, nestleiar
  • Ida Haugum, skrivar
  • Lisa Ovesen, økonomiandsvarleg
  • Diederik Masure, styrelem
  • Helene Urdland Karlsen, styrelem

Dette semesteret skal me gira opp aktiviteten eit lite hakk, so me ynskjer so mange aktive som mogleg.

Me les epost, so det er berre å senda ein epost vår veg dersom du skulle lura på noko.