Eit halvår i bilete

Fyrstkomande tysdag (9. februar 2016) har Studentmållaget i Bergen årsmøte. Du er hjarteleg velkomen og me håpar du kjem! Under fana «årsmøte» kan du lesa meir, og her vil etter kvart sakspapira bli lagt ut. Ein av dei årlege sakane er «vitring frå styret»/årsmelding, og sidan det er ei stund sidan me har lagt ut noko her, tenkte eg det var på sin plass med ei halvårsmelding på bloggen… i bilete!

Juli og sumarleir på Osterøy:

12640330_10153705788981747_874048427536887905_o   12697235_10153705788906747_7767933529195535141_o

August og stand:

I tilfelle nokon var usikre.

I tilfelle nokon var usikre.

September og semesterstartmøte:

pizza

Gamle og nye SmiB-arar <3

Gamle og nye SmiB-arar <3

Oktober, haustkonferanse og vervesiger:

  

Continue reading

Ljose dagar

Så var plutseleg juni og sommaren her, i alle fall i kalenderen. Sjølv om den siste månaden for dei fleste av oss har vore prega av eksamen, har det òg skjedd mykje fint og nynorskrelatert. Her kjem derfor ei oppsummering av mai månad:

1.  Den nynorske grunnlova vart eitt år 6. mai, hurra!

2.  Det er viktig å markera jubilé, og den 12. mai feira Studentmållaget i Bergen at Jamstillingsvedtaket var 130 år med jamstillingsvedtaksfest. God stemning og masse folk!

10649561_806132942786814_6449423912210636161_n

Jamstilling mellom bokmål og nynorsk i 130 år!

3.  Nasjonaldagen vart òg feira, på tradisjonelt SmiB-vis. Me la ned krans ved Ivar Aasen-bysta, song vekk regnet, og hadde dessutan Oddny Miljeteig på besøk som festtalar. Ein skikkeleg fin dag!

4.  Bystyret i Bergen har vedteke eit forsøksprosjekt med sidemålsundervisning frå tredje klasse. Plutseleg vart me litt ekstra glad i studiebyen vår, les leiarteigen i BT om vedtaket her!

5.  Me oppmodar sjølvsagt alle til å be om eksamen på nynorsk, og står klar til å hjelpa viss de må klaga på manglande eller dårlege oppgåver. 10498314_727699213963521_6276668587999013288_o

Det vert ikkje fleire SmiB-samlingar før etter sommaren, men me håpar å sjå dykk att då, og at nye medlemar vil stikka innom. Det er alltid mogeleg å ta kontakt viss du lurar på noko (òg i sommar), og klistremerka vil framleis bli sendt ut, om kanskje noko sjeldnare enn resten av året.

Om du er ferdig med eksamen eller ei, sommarferien kjem uansett til slutt! Me håpar du kosar deg masse, et is og jordbær i hagen, drikk te i sommarnatta, reiser til fine plasser, og ikkje minst: at me ser deg på sumarleiren på Osterøy. (Meld deg på her) God sommar!

Lesarbrev i Studvest nr. 15 – 2015

Studvest nr. 15 – 2015

Færre vel norsk

I førre Studvest var det ein artikkel om at færre vel norsk, til føremon for realfag. Det er heilt klårt at det er eit problem, men det er òg eit problem at ein i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. klasse kan velje vekk norskfaget.

No når ein visstnok etter kvart skal gå over til 5-årig lærarutdanning med master, so bør ein prøve å få plass til obligatorisk norsk. Det er heilt håplaust at ein skal kunne gå gjennom lærarstudiet utan å kunne vise til gode evner i norsk. Det burde vere eit minstekrav for ein lærarstudent i dag å kunne undervise i både nynorsk og bokmål, men slik stoda er no, so har ein ikkje lovfest det høvet til å få testa ut studentane. Og har ein fyrst fått fritak frå sidemål i vidaregåande, so er vegen stutt til å få fritak frå sidemålet sitt ved det eine arbeidskravet ein skal levere på sidemålet sitt ved høgskulen. Ein kunne i minsto tryggje god undervising ved å få inn røynlege vurderingssituasjonar i bokmål og nynorsk som ein del av undervisinga – til dømes gjennom PEL-faget (pedagogikk og elevkunnskap).

Det er synd det skal vere slik. Det ein burde tenkje på er at alle skal vere språklærarar i sine fag, anten det er samfunnsfag, matematikk eller norsk. Og då må ein kunne både nynorsk og bokmål (dette gjeld for vidaregåande ogso). Ein kan jo spørje seg kva styresmaktene driv på med når dei for ei stund sidan auka karakterkravet i matematikk til 4 – og heldt norskkravet på 3.  

Poenget er: ein bør ikkje berre ottast for dårlege norsklærarar. Alle skal vere språklærarar i sine fag.

 

Håkon Remøy

Styremedlem i Studentmållaget i Bergen

Færre vel norsk

Eit tilbakeblikk på Bergenskonferansen

Laurdag 25. og sundag 26. april var det duka for Bergenskonferansen ved Høgskolen i Bergen.

Konferansen handla om nynorsk i samanheng med både norskfaget i lærarutdanninga, kommune- og institusjonsstruktur og ikkje minst – Bergen som nynorskbyen i Noreg.

Rektordebatt: Rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse; rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen; rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen.

Rektordebatt: Rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse; rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen; rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen.

På laurdags ettermiddag diskuterte desse rektorane kva språklege konsekvensar institusjonsstrukturen kunne ha for nynorsken. Det var nokre ting me var meir samde i enn andre.

Rektor ved Høgskulen i Volda sa noko svært fornuftig om at det ikkje naudsynleg var størst mogleg einingar som var best, so det me følte at me laut dela på twitter med ein gong:

Rett etter rektordetbatten, utan nokon pause mellom, fór me vidare over på Bergen som nynorskbyen i Noreg. Det var kanskje noko uklårt for nokre kva ein meinte med at Bergen skulle vera nynorskby, men ein kan seia det nokso stutt: Ein vil gjerne at nynorsken skal vera synleg i bybiletet, samstundes som ein skal ha kulturelle tilbod òg – mellom anna nynorskteateret Hordaland teater. Og so vil ein sjølvsagt sjå Odda-modellen verta innført i Bergen ogso. At Bergen rett og slett skal vera nynorskhovudstaden i Noreg.

Debatten hadde med ein del politikarar, Terje Breivik, stortingsrepresentant for Venstre; Oddny Miljeteig, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti og byrådsrepresentant; Kjersti Toppe sit på Stortinget for Senterpartiet; Birthe Eriksen, styreleiar i Hordaland Teater og ho var vorten nynorskfrelst Høgre-politikar medan ho sat på fylkestinget! Og Astrid Olsen, leiaren i Hordaland mållag.

Debatten hadde med ein del politikarar, Terje Breivik, stortingsrepresentant for Venstre; Oddny Miljeteig, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti og byrådsrepresentant; Kjersti Toppe sit på Stortinget for Senterpartiet; Birthe Eriksen, styreleiar i Hordaland Teater og ho var vorten nynorskfrelst Høgre-politikar medan ho sat på fylkestinget! Og Astrid Olsen, leiaren i Hordaland mållag.

 

Det beste var jo at under denne innleiinga, kom Odda-modellen opp (språkdelte klasser på ungdomstrinnet og i vidaregåande, noko det berre er lovkrav om i barneskulen), og då snakka Terje Kollbotn so varmt om han at Høgre-politikar Eriksen inviterte han på møte i Bergen Høgre for å snakka om modellen, eller halda eit vekkingsmøte. Han merka seinare at det var fyrste gongen Høgre hadde invitert han med på noko som helst, sidan han sjølv er Raudt-politikar i heimkommunen Odda.

Frå venstre: Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag; Morten Rønning, høgskulelektor ved Høgskolen i Bergen; Gudrun Kløve Juuhl, rådgjevar ved Nynorsksenteret; og høgskulelektor ved Høgskolen Stord/Haugesund, Hege Myklebust.

Frå venstre: Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag; Morten Rønning, høgskulelektor ved Høgskolen i Bergen; Gudrun Kløve Juuhl, rådgjevar ved Nynorsksenteret; og høgskulelektor ved Høgskolen Stord/Haugesund, Hege Myklebust.

Den siste av paneldebattane på laurdagen, var om norskfaget i lærarutdanninga. Det var både interessant og til dels sjokkerande å høyra på kva dei hadde å seia. Mellom anna at det ikkje er obligatorisk å ha norsk på grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. klasse, og at ein dessutan kunne få fritak frå til dømes nynorsk, om ein hadde hatt fritak på vidaregåande (dette galdt ogso glu 1.-7.). So i teorien, og til ei viss grad i praksis òg, kan ein koma gjennom lærarutdanninga ved kva som helst slags høgskule i Noreg – utan å kunna båe skriftspråka! Og det verste er: dei som ikkje kan båe skriftspråka og kjem seg gjennom studiet er like kvalifisert som einkvan annan – på papiret (dette har noko med at nynorskkrava i regelen er forprøver og ikkje eigne eksamenar, og at ikkje alle kommunane har vett til å krevja nynorskkompetanse),  og kan dimed få jobb i ei nynorskklasse utan å vera røynd i språket.

Før (eller vert det etter?) møteslutt  laurdagen, so kom Frode Grytten og underheldt oss, han hadde med to musikarar og las nokre nokso stutte noveller, medan dei song og spelte.

Frode Grytten med band

Frode Grytten med band

Etter Grytten var me ferdige på høgskulen for dagen, og då var det av garde for å skifta kle (og for nokre var vel sminking nokso sentralt), og koma oss i retning Grand Hotel Terminus for sosialt samvære og middag.

Det var svært og flott på Grand Hotel Terminus

Det var svært og flott på Grand Hotel Terminus

Det var ein røynleg festmiddag, kan ein vel seia: For det var tre rettar, og det var ikkje godt å veta kva slags gaffel som skulle brukast til kva. Føreretten var i alle fall kylling og noko kaninmat, medan hovudretten, for ein gongs skuld var fisk, av typen laks. Og desserten er eit stort mysterium, med det var godt då, det likna kanskje mandelpudding, men utan mandlar.

Det vart ein hyggjeleg kveld, me fekk henga med vaksenmållagsfolk, og nokre av oss fekk noko godt i glaset òg. Og det var jammen det litt lått ogso! Is-mannen, Øystein Skjæveland underheldt oss med «dagsnyttmeldingar», og me fekk ogso etter kvart høyra Terje Kollbotn snakka om Odda-modellen. Men det vart ikkje seine kvelden, brorparten drog frå hotellet i ellevetida, og nokre få lengde kvelden med  ein liten tur ut i byen.

Sundags morgon. Ikkje alle var like snøgge med å koma attende til møtestart, det var vel litt lite svevn for somme. Det var nemleg klokka 09.30 det byrja, og då er det vel ein del som lyt stå opp i otta.. (men underteikna kom seg tidsnok opp). Og det gjorde ogso ordstyrarane:

SmiB-leiar, Marta Nagel-Alne og Øystein "vesletræl" Sandve var ordstyrarar for dagen.

SmiB-leiar, Marta Nagel-Alne og Øystein «vesletræl» Sandve var ordstyrarar for dagen.

Denne tidlege sundagsmorgonen, var det kommunereforma som vart diskutert. Det var fyrst ei innleiing ved Jan Olav Fretland, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, før ein gjekk over på ordskifte, med både leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, Kjersti Toppe frå Senterpartiet og Olav Kobbeltveit. Der fekk me nokre innspel på kva kommunereforma kunne ha for nynorsken.

Me var ogso svært aktive på instagram, og dette er panelet som snakka om

Me var ogso svært aktive på instagram, og dette er panelet som snakka om kommunereforma.

Fretland la vekt på at me er sopass mange nynorskbrukarar, og at det då gjev oss ein heil del marknadsmakt, me må berre ha hug til å krevja henne.

Og Olav Kobbeltveit som var ordførarkandidat i Fjell kommune på Sotra, han meinte at «ein bør på ny definera innhaldet i ein nøytral kommune, nett no er det lik bokmål», so då byggjer vel del litt på det Fretland hadde nemnt om at «det må til ein revisjon av mållovi».

Ordførarkandidaten i Fjell meinte at all samanslåing ikkje trong vera negativt for nynorsken, han hadde tru på at Sotra som eigen kommune i seg sjølv kunne hjelpa for nynorsken på øya.

Og kva skal ein seia? Det er inkje eit skikkeleg ordskifte utan at det vert kasta ljos på Odda-modellen:

Ordskiftet tok sopass tid at pausen vart både utsett litt og avstutta, men det er jo eit luksusproblem!

Det var ogso ei innleiing om nynorskforsking, det synte seg at ein gjerne ynskte meir forsking på nynorsk. Men det hadde vore eit problem at det for somme forskarar kunne sjå ut som å vera eit tingingsverk frå Noregs Mållag.

Heilt til slutt var det ei innleiing om media og nynorsk, sidan hovudinnleiiaren ikkje var til stades, so stod kommentatoren Olav Kobbeltveit fram og snakka. Han snakka i all hovudsak om nynorsk i Bergens Tidende. Det hadde vore meir eller mindre frislepp på nynorsk i bladet sidan 70-talet, men at ein og annan bladstyrar (redaktør) hadde prøvd seg  – og møtt hard motstand frå nynorskjournalistane. Eine bladstyraren trekte seg tilmed stutt tid etter han byrja. Men poenget var at ein laut passa på i framtida. Og grunnen til at ein lét dei nynorske bladmennene halde fram, var sidan omsetjinga gjekk opp. Det hadde òg gått sameleis etter ein slapp nynorsken til på Alexandra hotell i Loen og Lerum syltetøy frå Sogn. «Det verkar meir ekte», kom ein vel fram til.

Tilskipinga gjekk på overtid, og nærare halv to vart det av garde for å få seg litt lunsj.

Det yngre bordet (det bordet med definitivt lågast snittalder).

Det yngre bordet (det bordet med definitivt lågast snittalder).

Det ein sakna på denne tilskipinga var meir tid, og ikkje minst, meir synging. Me fekk songhefte, men me brukte det berre under festmiddagen.

Bergenskonferansen 25.-26. april

Laurdag 25. og sundag 26. april skipar Bergen mållag i samband med Høgskolen i Bergen til Bergenskonferansen.

På konferansen tek ein mellom anna opp kva konsekvensar institusjonsstrukturen i høgare utdanning kan ha for nynorsken, det tek dei opp på laurdagen, medan dei spør om nesten det same på sundagen, berre då er det kommunereforma som står i sentrum.

Attåt mykje fagleg interessant stoff, so skal det òg vere ein kulturkveld laurdagen, kor mellom andre Frode Grytten kjem. Og det vert nok artig!

Det er berre å sjekke programmet og melde seg på her – innan 19. april! (Det vart nyleg kjent at dei lengjer fristen fram til sundagen før)

Og eg kan tilmed nemne at me dekkjer studentprisen for dei som er medlem hjå oss! So då er det berre å take turen.

Er du ikkje medlem? Send kodeord NMU og namn, e-post og fødeår til 2090 (kr. 50,-, dekkjer kontingenten ut 2015). Eller du kan gå inn på målungdomen sine nettsider og fylle inn eit skjema der.

E-posten med rekning og sånn, treng de berre å vidaresende til smib hjå nynorsk punkt no, so ordnar me med betalinga.

Veke utan pause

IMG_0373

Vesletrælen testa sine eigne bakekunstar.

Etter ei relativt rolig helg starta Studentmållaget på ei verkeleg dedikert veke. Måndag samla heile styret, inkludert vår travle vara, på kontoret for eitstyremøte. Me starta med å fråtsa i oss pavlova, før intensivt organisasjonsarbeid byrja. Den uerfarne vesletrælen tok på seg sekretær-jobben, då skrivaren var litt forsinka. Resultatet vart eit overdetaljert referat. Me avslutta som vanleg med å senda ein stor bunke med klistremerke.

Tysdag vart Studentmållaget invitert av Langhaugen vgs til ein norsktime. Norskklassen hadde fokus på målstrid og skriftspråka i Noreg. Då passar det godt å invitera oss. Leiar og to andre trufaste styremedlemar stod framføre tavla på Langhaugen vgs, og fortalte om språkhistorie og Ivar Aasen. Me nådde ikkje 1900-talet, før dei første spørsmåla dukka opp. Då var det gjort: Spørsmål og kritiske kommentarar hagla, og representanane våre veskla med å svara dette majoritetsoppkoket.

Studentmållaget samla seg seinare utanfor Konsertpaleet. Det var kinotid, og den etterlengta barnefilmen Reisa til Fjørkongens rike stod for tur. Fin animasjon, mange bodskapar og ikkje minst stort mangfald av dialektar hjå karakterane. Hovudpersonen sjølv, Johan, hadde sunnmørsdialekt, mora snakka rogalending, medan Fjørkongen sjølv snakka nordlandsk. Filmen fremja at ein ikkje kan lura realiteten, blanda med eit monoteistisk verdsyn.

DSC_0014

To av delegatane våre er særs klare for Landsmøte

 

På onsdag drig Kassastyraren til styremøte i Hordaland mållag, der ho tappert klarte å kapra til seg reisepengar til Landsmøtet no til helga. Den vene varaen, Anna, fann ein passande utestad til jamstillingsfesten i mai. På fredag dreg ein del av oss til Oslo for å delta på Landsmøtet. Me stiller førebudd og er ikkje anna enn gira! Me har prova, utan tvil, at me er verdas beste studentmållag!

Sameina samling på Stord

DSC_0077

Til og med trøndarar får vestlandskos!

Så kom helga alle venta på, vestlandsk venskapshelg. Fredag 6. mars drog ivrige og spente målungdommar frå Stavanger og Bergen til vakre Stord. Forutan  å vera Noregs nynorskby, var det naturleg for oss og Studentmållaget i Stavanger å samlast på halvvegen – på «Vikjo». Førebuing til Landsmøtet 2015 i Oslo stod på planen; men heldigvis fekk ein tid til å gjera så mykje meir!

Dei fleste var svoltne etter diverse buss- og båtturar. Det vart servert taco, ein utruleg eksotisk og ukjent rett frå Mexio, som funkar perfekt som ferdamat. Dei som ville, fór ut på kveldstur for å erfara denne nynorskbyen, og det han hadde å tilby. Magnhild Mjør, ein av dei mest erfarne gaidane på Stord, viste oss mellom anna innkøyringa på parkeringshuset, Kulturhuset, terminalen og fiskedamo. Sistnemnde førte oss naturlegvis inn i ein djup, biologisk samtale om kva som er mest funksjonelt av havfruer eller fiskedamer. Me står framleis utan svar.

DSC_0038

Kassastyrar og nestleiar brukte nattevakta si på å laga bollar, til glede for deltakarane

Då me friske og flotte kom tilbake til Leirvik skule, slo me oss til ro med Flukta frå Dyreskogen. Nostalgi blanda med lingvistisk kjærleik bruste i samlinga, medan Rev og Padde leia gjengen mot Hjorteparken. Me vart sitjande lengre enn det me hadde trudd, men kven kan vel forlata filmlerretet når Ugle siterer sine favoritt-filosofar?

På laurdagen sat me alle fastspente i sofaene og venta på Stord sin store helt, Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland museum. Herr Lunde fortalte, med teatralske innslag, om Peder Lundarstøl, ein stordabu som levde isolert med kone etter kone, og gjorde det beste ut av dårlege levevilkår. Maria Svendsen, tidlegare leiar og morsfigur, hadde førebuingskurs. Studentmållaga diskuterte lovbrigdene og arbeidsprogrammet til Sentralstyret.

DSC_0071

Nestleiar Fredrik viser stolt fram sitt kondomdesign.

Kjøkken

Av og til må leiar og kassastyrar ta ansvar for grønskaskjeringa

Seinare på dagen var det idédugnad for kva som skal stå på kondomane som Studentmållaget i Stavanger hadde investert i. Det beste sitatet fekk me sjølvsagt i frå o’store Ivar Aasen: «Når Fantestaven er vorten varm i Handi, so er han ikkje god aa sleppa». Grisepratet haldt fram til middagslaginga; Ingunn og co. mekka ei eksotisk sterk kyllingsuppe til dei andre småkåte målungdommane.

Vår kjære skrivar Aslaug tok på seg oppdraget å vera quizmeistar. Me ante ikkje kva me hadde gitt oss ut på. Quizmeistaren introduserte eige poengsystem og spørsmål som fekk hugen til å knaka. Medan somme trøyste seg med øl, tok det ikkje lang tid før me alle kunne trøysteeta økologisk Isrosa-is frå Kvinnherad.

DSC_0095

Siste samling før deltakarane dreg heim att. Nokon tek det hardare enn andre.

Dagen etter stod ikkje frukosten klar for dei morgontrøytte deltakarane. Kva hadde skjedd? Ei merkeleg stemning breidde seg i rommet, og blanda seg med kjensla av svolt. Kvifor stod ikkje nugattien der? Og agurken? Og kvifor i all verda stod kaffitraktaren der utan mursvart drikke? Før svaret kom på bordet, tok gutane initiativet og laga mat. Gutane forstod at det var 8. mars og at det var deira tur til å bidra på kjøkkenet. Me fekk ein engasjert kjønnsrolledebatt på tampen av dagen. Men ikkje få panikk; alle fekk roa seg med is og ei oppsummering før slitne målungdommar vendte snuten heim igjen til sitt urbane studentliv.

 

Fine ting i tida

No kjem det jammen meg ei ny oppdatering, tenk det! Det skjer mykje nynorskknask for tida, og eg har difor laga ei liste over ting eg sjølv (og forhåpentlegvis resten av SmiB) tykkjer er fine. Så slik er det.

1.  Studentsamling i Nidaros/Trondheim! Sist helg skipa Studentmållaget i Nidaros til studentsamling, og ein SmiB-gjeng var sjølvsagt med på moroa. Der fekk me høyra fine innleiingar, spela rumpeldunk og vera sosiale/viktige/kule/seriøse. Samlinga var nesten like superbra som vår eiga studentsamling i fjor. Kjærleik til SmiN og alle andre som var der!

SmiB på tur til Trondheim!

SmiB på tur til Trondheim!

2. Instagram og andre sosiale media! Dette punktet er nok hovudgrunnen til at me oppdaterer denne sida såpass sjeldan. Men når eg fyrst gjer det, kan eg likegodt nytta høvet til å linka til den fine SmiBergen-profilen vår. Der kan de til dømes sjå bilete frå Hordaland Mållag sitt årsmøte, kor to styrerepresentantar var i helga. Hurra for mållagssamarbeid!

3.  Nynorskkurs med Kristin Fridtun! Me skal halda nynorskkurs i SV-bygget onsdag den 11. mars klokka 18.30, og alle er hjarteleg velkommen. Me sjåast der!

4.  Bergenskonferansen er absolutt verdt å få med seg! Merk av datoen 25.-26. april i kalenderen, og bli med oss til den fantastisk fine, nynorskskilta Høgskulen i Bergen. Som dessutan får besøk av SmiB fyrstkomande tysdag!

5.  Nynorsk på nett! (sjølvsagt) Verdas beste nynorske blogg vart kåra for ikkje alt for lenge sidan, og når Utetid oppmodar til regnvêrstur og sølepytthopping gjer sjølvsagt SmiB-leiaren nettopp det. Ha ei god veke, blogglesarar!

Lite oppdateringar

Heisann, du som har streifa innom bloggen her. Som du kanskje ser vert den ikkje oppdatert so veldig ofte. Det er ikkje fordi vi ikkje gjer noko, men meir fordi vi er litt dårlege på å oppdatere her. Vi er derimot betre på Facebook so det kan vere verdt å sjekke ut sida eller gruppa vår der for meir oppdaterte nyhende. Vi er og på Twitter og Instagram. Båe plassar heiter vi @SmiBergen

Framsida med informasjon om styret og kontaktinformasjon prøvar vi å halde oppdatert til ei kvar tid. Og vi legg også ut innkallingar til årsmøte og liknande her. Og sida for bestilling av klistremerke er alltid aktiv. So sida er ikkje heilt daud altso. :)

Styremøte

Store ting på gang! Nemner i fleng: digital satsing, matpakkesamling (neste: måndag klokka 12 på studentsenteret), aktivitetskalender – kjem snart til ein SmiB-logg nær deg (her),  og me har skrive årsmelding, byrja på søknad om midlar, og gledd oss til møte og anna mållagsverksemd. Utsendingane til NM-årsmøtet gler seg til å festa i bunad med vyrde målfolk i hovudstaden –  førfest med Ølve mållag? Berre tida vil visa. Vidare vil me til Osterøy for å snakka målsak, og til Flåm og sutla med øl. Om det er humor på programmet? Ja.

Årsmøte

SmiB skipar til årsmøte onsdag 1. februar klokka 19. Møtestad er kontoret vårt i Nygårdsgata 1b. Sjå kart her. Vel møtt!

Førebels saksliste:

  1. Årsmelding
  2. Økonomi
  3. Val av nytt styre
  4. Den nye tufta til NMU
  5. Aktivitetar i 2012
  6. Ymist

Kom gjerne med framlegg om saker du ynskjer å drøfta på møtet!

Niste og kviss

Studentmållaget har pønska seg fram til to lågterskelaktivitetar me vil freista gjera kvar veke denne hausten; matpakkesamling og kviss-krasjing.

Matpakkesamlinga finn stad tysdagar kl. 12, på studentsenteret. Matpakkesamlingane er uformelle samlingar med niste og drøs. Drøsen går om alt mogeleg, men siste nytt på nynorskfronten plar koma opp. Me oppmodar SmiB-ar på mindre sentrumsnære skular til å skipa til eigne samlingar, t.d. må det vera råd å få i stand noko på medisin og lærarhøgskulen. Nokon frå styret kan sikkert vera med å starta opp viss interessa er der, so sei frå til oss!

Kviss-krasjinga vil nok variera litt frå gong til gong, sidan idéen går ut på at SmiB deltek (og hevdar seg) på kvissane til andre organisasjonar og lag. Dei vert varsla etter kvart. Fyrstkomande kviss-krasj er i morgon, tysdag 13.9, kl 20 på Kvarteret! Eg fann ikkje meir informasjon om denne kvissen, men han er vel anten i Stjernesalen eller i puben nede.

Vel møtt til båe hendingane! Me treng mange SmiB-ar både for å eta nista og for å hevda oss på kviss!

Pønsk og kino på torsdag

PØNSK Torsdag 8/9 er det duka for pønskarkveld i studentmållaget! Me legg duken i Stjernesalen på Kvarteret klokka 18:00 (det er lov å komma rekande etter kvart, me vert der ei god stund) og idémyldrar saman om kva me vil gjera i haust. Me vonar mange tek turen, særleg nye medlem og de som kanskje har lyst å verta med i laget. De har sikkert mange gode idéar, som me gamle inngrodde SmiB-ar ikkje har tenkt på! Det er heilt uforpliktande og ikkje fårleg i det heile teke å koma på pønsking med oss! Vil du vera med å finna på kjekke ting med/på/kring nynorsk i haust, er det her planane vert lagde!

KINO Når me har pønska lenge og vel, og kanskje endåtil spela eit spel, dreg me i samla lag frå pønskekvelden og ser «Få meg på for faen» på kino. SmiB sponsar kinoen for medlemar! Det er såleis kjekt om de som har tenkt å vera med på kino kjem tidleg til pønskinga, slik at ein frå styret kan gå og raska til seg billettar i god tid :)

Me gler oss!

Kven er SmiB, og kvifor er me best?

Gilde student!

Her er informasjonen me sende ut til dei som skreiv seg opp på e-postlistene våre på studenttorget 16/8. Me vil gjerne dela han med så mange som råd, difor legg me han ut på bloggen òg. Her får du ein kort presentasjon om laget, kva me har gjort dei siste semestra, og kva for planar me so langt har for hausten.

Kven er me, og kva gjer me? Me er ein god gjeng med unge nynorsktilhengjarar. Me er opptekne av god språkbruk, av å gje merksend til nynorsken og dei norske dialektane, av å sikra studentar mot språkleg diskriminering; Du skal få eksamenen din på det språket du er oppmeldt med, og språket i eksamensoppgåva skal vera godt! Du har rett til å klaga om eksamen er på feil språk, og likeins kan du klaga om språket i eksamensoppgåva er dårleg – dette er det ikkje alle som veit, so ein viktig del av arbeidet vårt er å opplysa om desse rettane. Likevel, det aller viktigaste for oss har heile tida vore å ikkje verta keisame og sure pessimistar (slik stoda gjerne er i dei noko eldre mållaga) – SmiB er positive i alt me gjer! Snok rundt her på bloggen og på facebooksida vår for å finna ut meir.

Kva har me gjort dei siste semestra? SmiB skryt ikkje om me seier me har vore det beste studentmållaget dei siste åra, det har me jamvel fått to diplom på. Dette er grunnen/grunnane:

  • Me har mellom anna ry på oss for å skipa dei beste studentsamlingane, den siste no i vår (Sjå programmet for førre samling).

  • Me har vore på konsertar med artistar som syng på dialekt, til redusert pris for medlemma våre. Førre studieår var me på Valkyrien Allstars og Hopalong Knut.

  • Me hadde DjAasen på Heilhus på Kvarteret, eit særs godt vitja dansegolv kor det gjekk i fengande, norsk musikk.

  • Me laga ei syrleg og sarkastisk nynorsk-avis, Dagverd. Berre for kjekt.

  • Me er alltid særs godt representerte på andre mållagstilskipingar, frå dei lokale nynorskbarane til Bergen mållag, til årsmøter, haustkonferansar, og sumar- og vinterleirar i Norsk Målungdom. Me liker å følgja med, og vera der det skjer!

…og det er sjølvsagt me som har laga desse klistremerka.

Kva vil me gjera i haust? Fyrst: me vil planleggja hausten saman med våre nye medlem, og dei som kanhenda vil verta med i laget. Difor har me tenkt at den fyrste hendinga i vår skal vera ein pønskarkveld, kor me møtest for å dela visjonar og idéar for hausten med kvarandre. Når me har gjort dette ei stund, tenkte me å avslutta kvelden med å sjå «Få meg på for faen» (Etter boka av Olaug Nilssen) på kino. Me betaler for medlem, og tilfeldigheitane vil ha det til at filmen er dyrare enn oss. Kvelden det skjer: torsdag 8. september, følg med på facebooksida og bloggen vår for nærare informasjon om tid og stad.

Dinest vil me gjerne føra vidare det beste frå i fjor; det er soleis utsikter til fleire norske konsertopplevingar, eit nytt suksess-Heilhus, kanskje meir avis, og like massiv deltaking på andre mållagstilskipingar. Sist me møttest spekulerte me òg i å ha eit nynorsk ete- og drikkegilde (kor me altså hiv innpå mat frå produsentar som nyttar nynorsk. Eit raskt oversyn over slike tyder på at det vil gå mest i øl, iskrem, saft og syltety denne kvelden. Det kan berre verta bra).

Til sist, og veldig veldig viktig, vil me seia at det ikkje er naudsynt at du er aktiv, sjølv om du er med i laget. Me er ein flott gjeng som er aktive og liker å skipa til ting, skriva lesarbrev og reisa på årsmøte, og det er sjølvsagt plass til fleire i denne gjengen. MEN du er like bra som denne gjengen om du ikkje liker desse tinga – berre liker nynorsk og vil vera med i eit mållag for å syna det. Me treng deg fordi me vil verta mange, slik at argumenta våre veg tyngre når det trengst («over 100 studentar meiner dette»), fleire medlem gjev også større økonomisk fridom – kanskje det likevel dukkar opp ei hending du kunne tenkja deg å gå på? Og aller viktigast: me er studentmållaget i Bergen. Me er nøydde til å verta større enn Oslo!

Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!

I år som tidlegare år stilte SmiB på studiestarttilskipingane til Universitetet og Høgskulen i Bergen. Me hadde smått med tilfang (korttilgangen til kontoret var som vanleg vorten stengd over sumaren) men jamna ut med enorm entusiasme, bokstavkjeksskilt og muffins. Dette likte dei nye studentane. Sjølve hadde me stasa oss opp i «eg <3 nynorsk»-skjortene våre. Dei nye studentane likte dei òg.

Bilete av det innbydande bordet vårt. Foto: Universitetet i Bergen.

Etter desse tilskipingane har laget fenge 10 nye medlem – hjarteleg velkomne skal de vera! I tillegg til desse var oppunder hundre studentar lystne på å få vita meir om oss, og skreiv seg opp på e-postlistene våre (det gilde, gule og fullskrivne arket du ser fremst på bordet). Sidan interessa var sopass stor, hadde me i går eit lite spontanmøte for å pønska ut kva den fyrste SmiB-hendinga dette semesteret skal vera. Me kan seia so mykje at ho er kjekk og sosial, heilt utan innslag av møteverksemd, og vil finna stad torsdag i veke 36. Meir informasjon kjem over helga! Fleire bilete frå studiestart kjem òg.

Vaflar i mai; hug, elsk og Aasen!

Torsdag 12. mai var ein dag for vaflar og verving, denne gongen utanføre SV-bygget. Vaflane var ein suksess som alltid, men nye medlem vart det lite av. I minsto har fleire studentar fenge vita um oss, ikkje berre dei nynorskvenlege HF-arane me vanlegvis dreg til oss. Me fekk mykje godhug frå samfunnsvitarane òg! Her er nokre glimt frå hendingi

Hug, elsk og Aasen – kjekke karar med fine skjorter!

GOD stemning når Odin greier ut um alle dei ubrukelege variablane som var dregne inn i dei «vellukka» fritak-frå-sidemål-prosjekta i hovudstaden.

Her byrjar det å likna på noko! Eit lite vekkjingsmøte, kan henda.

Me feira at jamstillingsvedtaket var 126 år 12. mai, og delte ut dei siste Dagverda våre.

Desse fine damene frå Samlaget lika tiltaket vårt, men ville ikkje ha vaflar. Rykte skal ha det til at dei skal skriva bok um ossvaflar, det er nok difor dei tek bilete.

Landsmøte i Noregs Mållag

Me leigde bil og drog på landsmøte i Noregs Mållag 8.-10. april på Sand i Suldal.

Landsmøtet var på Sand på grunn avslutninga av det superlange Rasmus Lølande-jubileet (fem år!).

Frå SmiB sende me, Odin, Helene og Martine. I tillegg var Martin tilstades, men då for Hordaland Mållag.

Elles drøsa me godt med Studentmållaga i Oslo og Kristiansand. Nidaros var fråverande.

Pakka og sendt Nei takk-klistremerke

Då har me starta på den ganske store bakloggen av klistremerketingingar. Me har nett brukt 2000 kroner på porto for Dagverd, og no held me fram å spytta inn ein heil del hundrelappar i den gratis klistremerkesendingi vår.

Omlag 1 av 20 gjev oss ein donasjon på rundt 100 kr, og det hjelper på slik at me ikkje går so ekstremt mykje i minus. Kvar sending kostar oss frå 20 til 40 kroner. Dessutan hjelper sjølvsagt dei små donasjonane òg.

Det kulaste er likevel at me får spreidd ein heil haug klistremerke rundtom i Noregs land, og eg vonar dei som tek mot klistremerka våre faktisk er flinke til å bruka kvart einaste merke. At dei ikkje vert liggjande heime, men vert spreidd dei vidare til naboar, vener og kjende.

Me har matpakkesamlinger på tysdagar og torsdagar no. Torsdag kl. 12, tysdagane er ikkje tid spikra enno. Send ein epost til smib@nynorsk.no so minner me deg på samlingane. I dag var me 5 stykk, so pakkingi gjekk fort heilt til me ikkje hadde fleire konvoluttar att. So me får pakka resten neste tysdag, då!

Hopalong Knut-sponsing

HOPLAONG KNUT (som vann dialektprisen til NMU i 2006) speler på Hulen på fredag. Det kostar 160, men SmiB sponsar ein grei del av det sidan dei vann dialektprisen «vår». :-)

Me har ein avslappa førfest hjå Ida Haugum som bur rett ved Hulen. Kom innom der kl. 20 for å få rabatt og lada opp. Ingen av oss bit. Send sms til 93 24 37 25 (obs, eg skreiv feil nummer i eposten) viss du tenkjer koma (eller epost).

Kart

LANDSMØTET til NMU er ferdig. Me dreg på Noregs Mållag sitt i Suldal 8.-10. april.

DAGVERD er laga til, og det har du truleg fått i posten.

MATPAKKESAMLING på torsdag (i morgon). Kl. 12 i kantina på studentsenteret. Me må pakka klistremerkesendingar (eg tek med klistremerke og brev, friviljugt arbeid altso). Ring/SMS 93 24 37 25.

NYNORSKHEFTE. Kristin Fridtun i Studentmållaget i Nidaros har laga eit hefte om nynorsk målføring, spesielt mynta på studentar. Flippbok eller PDF

KVISS. Kvissen med Helge Jordal var so inst bra at me tenkjer på å laga til fleire.

STIPEND/PENGAR. Skriv du fagbok på nynorsk? Skuleboknemndi har ein pris på 100.000 kr for arbeid med slikt! http://skuleboknemndi.no/nynorsk-fagbokpris/

Dersom det er for mykje for deg, so kan alle studentmållagsmedlem søkja skuleboknemndi om utviklingsstøtte til skulebøker på nynorsk. Små og store prosjekt.

SmiB i Studvest

Studvest skreiv ei sak om Rammsund som hadde sin siste konsert i Bergen.

Eg fekk ein telefon for to dagar sidan og vart spurt om å koma med ein kommentar til at «Rammsund har sagt nynorsken har eit imageproblem».

Frå Ram svanesong i Studvest:

Odin Hørthe Omdal, leiar av Studentmållaget i Bergen, har berre gode ord å sei om bandet.

– Det er synd at dei no legg opp. Dei er heilt klart ein av dei kule artistane som syng på nynorsk, og dei rettar opp ein del av det negative ryktet til målforma, seier han, og fortel at studentmållaget også har spandert billettar til Rammsund-konsertar på medlemmane sine.

Eg hadde nok aldri sagt nett det, men det er no ei slags omskriving av noko eg sa med fleire ord. Dessutan legg eg aldri ordet ­«målform» i min munn, og kallar nynorsken eit eige språk slik han òg er.

Men i det heile teke ei koseleg og fin sak av Studvest, og moro at dei spurte oss om meininga vår.