Skrivekunstakademiet og Bergen Mållag arrangerer temakveld med basar på Logen 31. mars kl. 19:00. Alfred Fifjestøl presenterer Per Sivle Ernst Berge Drange presenterer Rasmus Løland Opplesing av Løland- og Sivle-tekstar ved Fanny Holmin
Månad: mars 2009
klart språk i staten
Neste tysdag vert det arrangert «temamøte om språkforståing, «Klårspråk» og arbeidet for eit betre og meir publikumsretta språk i statsforvaltinga». Om du er ein SmiB-ar som er oppteken av godt språk, høver dette for deg! Nedanføre er heile skrivet sitert: «Skjemaoverveldet?» Måndag 9. mars lanserte regjeringa nettstaden www.klarsprak.no og kampanjen “Klart språk i staten”. Studentar… Continue reading klart språk i staten
Matpakkesamling
Våren 2009 vil SmiB halda matpakkesamlingar onsdagar frå klokka 12:05, i kantina på Sydneshaugen skule. Det går fint å koma seinare enn dette, me plar å halda oss der ein time i alle fall. Sydneshaugen skule er det gule bygget bak Johanneskyrkja, og me brukar å finna oss eit bord oppe. Styret skal vera flinke… Continue reading Matpakkesamling
Hei, alle nynorskstudentar i Bergen!
Velkomen til den heilt nye bloggen til Studentmållaget i Bergen! Her vil me skriva om kva som går føre seg i laget, og om andre nynorsk- og studentrelaterte ting som går føre seg i byen. Det er fritt fram for å koma med innspel på innlegga i bloggen! Ein kan godt koma med innspel, spørsmål,… Continue reading Hei, alle nynorskstudentar i Bergen!