For nokre dagar sidan hadde me stand på studentsenteret. Det viste seg å vera ganske so lurt. Ida og Helene klarte å verva 15 medlem på den dagen. Vel, ei av dei vart verva av Odin, men ho var allereie innstilt på å verta medlem.
Me gav ut gratis t-skjorter til alle som vart medlem (og alle som allereie var medlem). Det er av typen «Studentmållaget i Bergen» med Ivar Aasen på. Dei var veldig populære. Me har framleis mange av dei, so dersom du ikkje har fått ei (og er medlem i SmiB), so berre sei i frå, so får du ei.
Mange vart frista til å verta medlem for å få dei flotte jakkemerka som me fekk frå skrivarstova Oslo (men dei er teikna av ein SmiB-medlem 😉 ). Diverre fekk me alt for få, so me måtte rasjonera dei ut ved å berre gje til medlem (og putta ein latterleg høg pris på dei dersom du ikkje var medlem). Det viste seg faktisk å fungera som eit slags triks, sjølv om veldig mange vart veldig lei seg då dei ikkje fekk.
Me må verkeleg få laga ein liten engelsk tekst/flygeblad som forklarar godt kven/kva me er. Det er veldig mange som ikkje kan norsk som lurer på kva me er og kvifor me står der og heng. Det er faktisk noko som står i gjennomgangen frå tidlegare sokalla «studenttorg» (eller studentopningsseremoniar?) i Grieghallen.
Forresten treng me òg nytt/eige informasjonsflygeblad. Veldig-veldig mange av dei som gjekk forbi strekte seg automatisk mot verveblokka, den med EG♥NYNORSK på. Det viser seg at det er mykje meir interessant enn alle dei andre flygeblada våre, so her må noko drastisk setjast i gang! 🙂
No byrjar me so smått å planleggja hausten. Me må få til eit par hendingar som andre enn styret kan vera med på. Det er moro å stå på stand, men det involverer omtrent ingenting av medlemsmassen vår.
Hendinga var på alle måtar totalt vellukka.