Tag Archives: Klistremerke

Pakka og sendt Nei takk-klistremerke

Då har me starta på den ganske store bakloggen av klistremerketingingar. Me har nett brukt 2000 kroner på porto for Dagverd, og no held me fram å spytta inn ein heil del hundrelappar i den gratis klistremerkesendingi vår.

Omlag 1 av 20 gjev oss ein donasjon på rundt 100 kr, og det hjelper på slik at me ikkje går so ekstremt mykje i minus. Kvar sending kostar oss frå 20 til 40 kroner. Dessutan hjelper sjølvsagt dei små donasjonane òg.

Det kulaste er likevel at me får spreidd ein heil haug klistremerke rundtom i Noregs land, og eg vonar dei som tek mot klistremerka våre faktisk er flinke til å bruka kvart einaste merke. At dei ikkje vert liggjande heime, men vert spreidd dei vidare til naboar, vener og kjende.

Me har matpakkesamlinger på tysdagar og torsdagar no. Torsdag kl. 12, tysdagane er ikkje tid spikra enno. Send ein epost til smib@nynorsk.no so minner me deg på samlingane. I dag var me 5 stykk, so pakkingi gjekk fort heilt til me ikkje hadde fleire konvoluttar att. So me får pakka resten neste tysdag, då!

Klistremerkeaksjon på sydneshaugen

I går og forrigår delte me ut klistremerke og vaflar på HF-bygget her i Bergen. Det var ein sers velukka aksjon der me fekk delt ut fleire hundre klistremerke og nesten like mange vaflar. Det heile gjekk over fire dagar;

Me starta på sundag med å finna gamle lysingar og illustrasjonar frå gamle blad. Me fann masse kult i FOLKEMÅL frå 80-talet og kopierte upp. Til slutt hadde me ein heil del lappar som Helene og Ida hang upp rundtom HF på måndagen.

På aksjonen var det fleire som hadde sett det og synast det var kult. I fylgje jentene fekk spesielt jentedassane særleg god lappedekning. Me lagde òg plakatar til å ha på bordet.

På måndags kveld var eg sjølv på Austevoll, medan Helene og Ida lagde vaffelrøre på kontoret av det eg hadde kjøpt inn tidlegare.

Det vart fleire litre. Eg vil tru me hadde rundt 13 liter vaffelrøre klår til tysdagen.

So starta aksjonen. Me fekk verva 7 stk. Ganske tilfeldig eigentleg, me prøvde jo eigentleg ikkje å verva folk. So dimed var det ekstra kult at so mange sette seg opp utan nokon som helst «smøring» eller hinting.

Dagen etter (onsdag) vart det ingen vervingar, men mange folk skreiv seg opp på eg-vil-vita-kor-tid-nynorskkurset-er-lista vår.

Me gav vekk eit heilt drøss klistremerke. Det vart vel fort ein 600-700 stykk (!?). Iallfall i kor mange klistremerke me plutseleg manglar! So ikkje berre forsvann nærare 26 liter vaffelrøre, men eg trur me må tinga fleire klistremerke snart óg.

Hugs at du kann få dei gratis tilsendt so lengje lageret rekk.

Me hev fengje klistremerke! – Uadressert bokmål? Nei takk!

I dag fekk me levert dei nye klistremerka våre, me hev i overkant av 1000 stykk, so det er rikeleg til alle saman.

Me skal få til ein måte der folk kann tinga merke, men de må truleg betala frakten sjølv dersom de ikkje hentar dei direkte her. Merka er gratis, me vil helst sjå dei på so mange postkassar som mogleg! :-)