Tag Archives: Eg hjarta nynorsk

Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!

I år som tidlegare år stilte SmiB på studiestarttilskipingane til Universitetet og Høgskulen i Bergen. Me hadde smått med tilfang (korttilgangen til kontoret var som vanleg vorten stengd over sumaren) men jamna ut med enorm entusiasme, bokstavkjeksskilt og muffins. Dette likte dei nye studentane. Sjølve hadde me stasa oss opp i «eg <3 nynorsk»-skjortene våre. Dei nye studentane likte dei òg.

Bilete av det innbydande bordet vårt. Foto: Universitetet i Bergen.

Etter desse tilskipingane har laget fenge 10 nye medlem – hjarteleg velkomne skal de vera! I tillegg til desse var oppunder hundre studentar lystne på å få vita meir om oss, og skreiv seg opp på e-postlistene våre (det gilde, gule og fullskrivne arket du ser fremst på bordet). Sidan interessa var sopass stor, hadde me i går eit lite spontanmøte for å pønska ut kva den fyrste SmiB-hendinga dette semesteret skal vera. Me kan seia so mykje at ho er kjekk og sosial, heilt utan innslag av møteverksemd, og vil finna stad torsdag i veke 36. Meir informasjon kjem over helga! Fleire bilete frå studiestart kjem òg.

LOVE vs. HJARTA nynorsk

Eg var ute på min vesle tur rundtom i Bergen for å levera klistremerke som folk i Bergen sentrum hadde tinga frå ting-klistremerke-sida vår, og la merke til t-skjorta til ein fyr som gjekk forbi meg.

Stod det ikkje «I ♥ NY NORSK» der? Jo det gjorde det!

Eg snudde meg rett om og småsprang etter den vesle gjengen med fjortissar.

«Hei! Kvar fekk du t-skjorta di frå?» «Å, den, uh, hmm, internett. Kjøpt på internett.»

Eg la merke til kvar ho var kjøpt og gav han eit par av klistremerka våre («… til postkassa di! Ha ein fin dag!»).

Det viser seg at me har ein konkurrent. So kult!

Og vår eiga skjorte:

Du kan kjøpa t-skjortene våre frå NMU no.

Diverre fann eg ikkje eit meir t-skjorte-sentrert bilete i farten, men me har ikkje fått i gang litt meir organisert t-skjortesal enno. Det kjem.

Netbutikken til Guhl der dei sel skjorta er ganske stilig, du kan velja mellom nynorsk og bokmål, men bokmål fungerer ikkje dersom du trykkjer på han. Morosamt. :-)

Same kva, det må seiast at vår t-skjorte:

  1. Er på norsk
  2. Ikkje har orddelingsfeil
  3. Kostar mindre

So får me sjå korleis konkurransa utartar seg ;]