Tag Archives: Austevoll

Planleggjingsmøte for skiping av Mållag i Austevoll

På tysdag tok Odin, Helene og Ida som utsendingar for SmiB turen saman med Hordaland Mållag for å få laga eit interimstyre som kan jobba med å få i gang ei skiping av Austevoll Mållag (eller kva dei no veljer å kalla det!).

Det kom 6 damer som ikkje var «påmelde». Det var eit ganske godt utfall, hadde det kome fleire so hadde det vorte dårleg med plass. Diverre kom ingen av dei som var påmelde, kommunestyremøtet heldt framleis på då me starta møtet og resten hadde vorte sjuke. Diverre.

Vel, utanom redaktøren i Marsteinen avis, som kom for å dekkja hendingi.

Møtet starta med at Einar Ådland frå Hordaland mållag heldt ein tale, og deretter fortalte eg (Odin) litt om Norsk Målungdom og SmiB. Etter det gjekk ordskiftet fritt, med litt starthjelp her og der. Redaktøren viste seg å vera ganske interessert i målspørsmål, og tok m.a. opp nynorsk læringsmateriell for vaksne innvandrarar. Eg sa det skulle eg sjå meir på, og same dag fann eg ut at nynorsk læringsmateriell finst og er i bruk i Førde. Dette kan truleg det (vonleg) nye mållaget hjelpa til med å få inn i eigen kommune.

Etter møtet laga Marsteinen avis ei sak frå planleggjing-av-skipingsmøte-møtet, dei har inga god netavis (umogleg å finna permalenkje til saker) so eg legg ved bilete. Det står sikkert meir i papiravisa, men den har eg ikkje fengje tak i.Eg fekk ho tilsendt, sjå nedst.

Snart mållag Det var ikkje stinn brakke då Hordaland mållag inviterte austevollingane til møte for å skipa lokallag av Hordaland mållag. Engasjementet var dersto større.

Dei frammøtte reagerte litt på den negative grunnen til kvifor det var viktugt å skipa mållag i Austevoll. SmiB-utsendingane sa oss heilt einige. Hordaland mållag er prega av problemene i nokre kommuner med eit drøss Bergensinnflyttarar som ikkje forstår ungane sitt eige beste, og krev bokmål hist og pist.

Austevoll har ingen problem med innflyttarar frå Bergen som krev bokmål, so laget vil truleg likna mykje meir på Voss mållag, som kan rosa den eine verksemda etter den andre for god nynorskbruk. Sjølv om me andre må kjempa for rettane våre her ute, so er det jo mykje kjekkare å sleppa. Å jobba positivt og støttande er ei kjekk oppgåve for eit mållag, og eg trur kanhenda Austevollingane ynskjer å jobba på den måten.

Me fekk tri kvinner til interimstyret. All lukka til Austevoll; vonar dei klarar å få eit par til styret og få satt ein dato til eit skipingsmøte.

Oppdatert: Eg fekk tilsendt avisa frå redaktør Trond Hagenes (trykk for stort bilete).