Matpakkesamling

Me plar ha matpakkesamlingane våre på Studentsenteret. Der sit me i studentkafèen, ved eit av desse bordi:

Me prøver å syna kven me er gjennom effektar som nynorsk-t-skjorter, jakkemerke og kan henda eit (som regel improvisert) skilt. Me ser altså ut som studentar flest, berre ørlite grann kjekkare. Kunne sagt «sjå etter lusekoftene» men ein kjapp sveip over lokalet viser at dei er veldig populære mellom vanlege folk òg. Dessutan er det langt i frå alltid at ein av oss har på strikkegenser…

One response to “Matpakkesamling

  1. Knut Pedersen

    Lusekofte er tøft

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *