Nynorskbar

Skrivekunstakademiet og Bergen Mållag arrangerer temakveld med basar på Logen 31. mars kl. 19:00.

Alfred Fifjestøl presenterer Per Sivle
Ernst Berge Drange presenterer Rasmus Løland
Opplesing av Løland- og Sivle-tekstar ved Fanny Holmin

klart språk i staten

Neste tysdag vert det arrangert «temamøte om språkforståing, «Klårspråk» og arbeidet for eit betre og meir publikumsretta språk i statsforvaltinga». Om du er ein SmiB-ar som er oppteken av godt språk, høver dette for deg! Nedanføre er heile skrivet sitert:

«Skjemaoverveldet?»

Måndag 9. mars lanserte regjeringa nettstaden www.klarsprak.no og kampanjen “Klart språk i staten”. Studentar og tilsette ved språkfaga vert med dette inviterte til temamøte om språkforståing, “Klårspråk” og arbeidet for eit betre og meir publikumsretta språk i statsforvaltinga.

Rådgjevar Torunn Reksten frå Språkrådet viser filmen «Skjemaoverveldet?», som er laga av Språkrådet og viser korleis folk oppfattar informasjonen i offentlege skjema.

Reksten vil elles presentera arbeidet i Språkrådet, særleg den nye språktenesta for statsorgan, snakka litt om kva type jobbar ein kan få med språkbakgrunn, og komma med ein appell om at vi treng mange konsulentar som kan noko om godt språk.

Opplegget passar særleg godt for studentar på bachelorprogrammet i språk og informasjon, for dei som har tenkt å ta eller har teke emnet Praktisk informasjonsarbeid, og for nordiskstudentar på alle nivå. Andre studentar og tilsette er òg velkomne.

Dato og tid: tysdag 17. mars klokka 12.15–14

Stad: aud. A, Sydneshaugen

Arrangør: bachelorprogrammet i språk og informasjon

Matpakkesamling

Våren 2009 vil SmiB halda matpakkesamlingar onsdagar frå klokka 12:05, i kantina på Sydneshaugen skule. Det går fint å koma seinare enn dette, me plar å halda oss der ein time i alle fall.

Sydneshaugen skule er det gule bygget bak Johanneskyrkja, og me brukar å finna oss eit bord oppe. Styret skal vera flinke og ta med skilt, så du finn oss!

Matpakkesamlinga er eit uformelt møte med andre SmiB-ar, og det er sjeldan noko plan for desse samlingane. Her pratar me om alt, men kanskje særskilt emne som aktuelle nynorskhendingar, mattilbodet til SiB, vêret, studentnyhende og eksamen. Nærlesing og kommentering av Studvest har også synt seg å vera ein populær aktivitet på samlingane.

Me sest på onsdag!