Nynorskbar!

Bergen Mållag inviterer alle interesserte til idèdugnad, nynorskbaren 6.oktober! — Kva trengst for å fremje nynorsk og målsak? — Vi har alle mange tankar om kva som er lurt, når det gjeld dette. Kom til Logen bar tysdag 6.oktober kl.19.30! Ta med kjentfolk, og ver med i diskusjonen!

Vend vinden!

Helga 23. – 25. oktober er det «Vend Vinden»-konferanse i Valdres. Litt om kva som skjer, henta frå nettstaden til konferansen: Om du slit med å vinne debattar om nynorsk og sidemål kan du kome på argumentasjonskurset. Og om du då får ein trong til å skrive argumenta ned, men ikkje veit korleis du skal… Continue reading Vend vinden!

Vellukka aksjonar

Nattaksjon Siste krampetrekning før valet – me dekte Bergen med sidemålsplakatar: Trass mykje regn fekk dei fleste hengja fram til valdagen. (Det sterke limbandet er frå Clas Ohlson, greitt å vita til seinare aksjonar) Nokre plakatar fekk jamvel hengja på «partitorget» nede på Torgalmenningen. Mange takk til Raudt for det! Mykje gjev plass i augehøgd… Continue reading Vellukka aksjonar

Aksjon!

Onsdag vert det SmiB-aksjon på Sydneshaugen skule! Me stiller med (gratis) vaflar og aviser, og satsar på å vera i gang før kantina for optimal effekt og lite konkurranse. Føremålet med aksjonen er stort sett berre å syna at me finst, og å gleda studentane med eit godt alternativ til Studvest, nemleg Dag og Tid.… Continue reading Aksjon!

Matpakkesamling

I haust vert det matpakkesamling torsdagar klokka 12 ( + akademisk kvarter for dei som treng det). Staden er førebels kantina på studentsenteret, Nygårdshøyden. Ta med deg skiva di og kom!

Medlemsmøte

Det vert medlemsmøte i SmiB onsdag 26. august klokka 18:00. Møt opp ved bjørka utanfor HF-fakultetet (bak Johanneskyrkja). Førebels saksliste: 1. Val av representant til studentutvalet Om studentutvalet: «Studentutvalet skal arbeide med spørsmål som er relevante for nynorskbrukande studentar, og prøver i år å stable på beina ein solid og målretta studentpolitikk» 2. Aksjonar i… Continue reading Medlemsmøte

Hurra!

For Studentmållaget i Oslo sin parole i 1. mai-toget, som kom på trykk i Aftenposten med nynorsk bilettekst. (Nr 7 i biletserien) Ikkje verst! Kjelde

Nynorskbar!

Bergen Mållag arrangerar nynorskbar på Logen Bar imorgon, tysdag 5. mai, klokka 19:30. «Skulemålsskrivar Ingar Arnøy snakkar om korleis mange er for kulturelt mangfald, men mot nynorsk.» Gratis inngang.

Kva skal me med denne nynorsken?

Linda Eide og Ragnar Hovland snakkar om nynorsk! Møtet vert arrangert av Studentersamfunnet i Bergen, og går føre seg på Logen, onsdag 22. april. Dette vert ein fantastisk kjekk kveld og den er garantert verdt ei pause i eksamenslesinga! Les meir om den herlege hendinga!

Published
Categorized as Hendingar