Studentsamling!

I dag startar ho. Me har òg fått den syrlegsarkastiske nynorskavisi vår, Dagverd, i frå trykkeriet! Få ho på samlingi 😀 Her er det oppdaterte programmet (alt som ikkje er spesifisert annanstads hender på St. Pauls): Fredag 17.00 – Nokon kjem til å kome, innsjekking – Middagen klar, me er klare 18.30 – Velkomen! 19.00… Continue reading Studentsamling!

Fleirspråk eller einfald, med Håvard B. Øvregård

Me har invitert leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, til å prata om fleirspråk eller einfald; om morsmålsopplæring, sidemålshat og mykje i mellom. Vert språk verdsett i Noreg? Det heile skjer komande tysdag (26. oktober), kl. 19.00-20.00. So, kom-kom. Håvard er ein god talar, so det er ikkje noko du vil gå glipp av.

Published
Categorized as Hendingar

Heilhus; DJ Aasen: Norsk på ekte norsk, vellukka

På laurdag skipa brukarorganisasjonane til eit heilhus på kvarteret. Me er visstnok ein brukarorganisasjon, so me vart med og hadde Maos vesle raude-rommet frå kl. 21 heilt til me stengde baren 02.00. Folk sat inne hjå oss til 02.30 fyrr me rydda rommet heilt. Norsk på ekte norsk (DJ Aasen) Me hadde altso «norsk på… Continue reading Heilhus; DJ Aasen: Norsk på ekte norsk, vellukka

Heilhus i morgon (i dag)!

Me er (laurdag kl. 21.00–) i Maos vesle raude. Her skal me spela Norsk på ekte norsk. Dvs. på øvste hylla er musikk med nynorsk sangtekst, på ant øvste hylla er songar på ikkje-oslo-vest-dialektar. Med andre ord speler me Ravi (austfold!), men ikkje t.d. DeLillos eller Marte Wulff (diverre høyrast det ganske bokmålsk ut, men… Continue reading Heilhus i morgon (i dag)!

To Valkyrien Allstars-konsertar

Sist fredag var me på konsert med Valkyrien Allstars. Me klarte å få 50 kr rabatt frå Hulen, det kom 4-5 medlem utanom oss 6 i styret. Me selde 2 EG♥NYNORSK-t-skjorter, og kunne seld fleire dersom folk hadde hatt meir lommepengar. Me høyrde mange godord om dei. Sidan me brukte t-skjortene som ein samla gjeng… Continue reading To Valkyrien Allstars-konsertar

Pønsk + Valkyrien (rabatt!)

I morgon (1. september) har me pønskekveld for å finna ut kva me skal gjera frametter. Kom innom! Ta deg ein munkholm/kaffi/saft/hansa eller kva-har-du. Funder på kva me skal gjera frametter. Få signert medlemsprov slik at du får 50kr rabatt på Valkyrien Allstars-konserten på fredag. Få (evt. kaup) t-skjorte til konserten dersom du ikkje allereie… Continue reading Pønsk + Valkyrien (rabatt!)

Studenttorg på studentsenteret, 15 nye medlem(!)

For nokre dagar sidan hadde me stand på studentsenteret. Det viste seg å vera ganske so lurt. Ida og Helene klarte å verva 15 medlem på den dagen. Vel, ei av dei vart verva av Odin, men ho var allereie innstilt på å verta medlem. Me gav ut gratis t-skjorter til alle som vart medlem… Continue reading Studenttorg på studentsenteret, 15 nye medlem(!)

Årsmøte

SmiB skipar til årsmøte torsdag 28. januar klokka 18.00! Møtestad er portalen til Sydneshaugen skule, som ligg rett bak Johanneskyrkja. Illustrasjon: (Berre å gå etter Ivar Aasen, så finn de fram!) Ei førebels saksliste 1. Godkjenning av innkalling og dagsorden. Val av ordstyrar. 2. Årsmelding og arbeidsprogram – Aktiviteten i laget i 2009, og det… Continue reading Årsmøte