Eit tilbakeblikk på Bergenskonferansen

Laurdag 25. og sundag 26. april var det duka for Bergenskonferansen ved Høgskolen i Bergen. Konferansen handla om nynorsk i samanheng med både norskfaget i lærarutdanninga, kommune- og institusjonsstruktur og ikkje minst – Bergen som nynorskbyen i Noreg. På laurdags ettermiddag diskuterte desse rektorane kva språklege konsekvensar institusjonsstrukturen kunne ha for nynorsken. Det var nokre… Continue reading Eit tilbakeblikk på Bergenskonferansen

Bergenskonferansen 25.-26. april

Laurdag 25. og sundag 26. april skipar Bergen mållag i samband med Høgskolen i Bergen til Bergenskonferansen. På konferansen tek ein mellom anna opp kva konsekvensar institusjonsstrukturen i høgare utdanning kan ha for nynorsken, det tek dei opp på laurdagen, medan dei spør om nesten det same på sundagen, berre då er det kommunereforma som står i… Continue reading Bergenskonferansen 25.-26. april

Veke utan pause

Etter ei relativt rolig helg starta Studentmållaget på ei verkeleg dedikert veke. Måndag samla heile styret, inkludert vår travle vara, på kontoret for eitstyremøte. Me starta med å fråtsa i oss pavlova, før intensivt organisasjonsarbeid byrja. Den uerfarne vesletrælen tok på seg sekretær-jobben, då skrivaren var litt forsinka. Resultatet vart eit overdetaljert referat. Me avslutta som… Continue reading Veke utan pause

Sameina samling på Stord

Så kom helga alle venta på, vestlandsk venskapshelg. Fredag 6. mars drog ivrige og spente målungdommar frå Stavanger og Bergen til vakre Stord. Forutan  å vera Noregs nynorskby, var det naturleg for oss og Studentmållaget i Stavanger å samlast på halvvegen – på «Vikjo». Førebuing til Landsmøtet 2015 i Oslo stod på planen; men heldigvis… Continue reading Sameina samling på Stord

Årsmøte

SmiB skipar til årsmøte onsdag 1. februar klokka 19. Møtestad er kontoret vårt i Nygårdsgata 1b. Sjå kart her. Vel møtt! Førebels saksliste: 1. Årsmelding 2. Økonomi 3. Val av nytt styre 4. Den nye tufta til NMU 5. Aktivitetar i 2012 6. Ymist Kom gjerne med framlegg om saker du ynskjer å drøfta på… Continue reading Årsmøte

Published
Categorized as Hendingar

Niste og kviss

Studentmållaget har pønska seg fram til to lågterskelaktivitetar me vil freista gjera kvar veke denne hausten; matpakkesamling og kviss-krasjing. Matpakkesamlinga finn stad tysdagar kl. 12, på studentsenteret. Matpakkesamlingane er uformelle samlingar med niste og drøs. Drøsen går om alt mogeleg, men siste nytt på nynorskfronten plar koma opp. Me oppmodar SmiB-ar på mindre sentrumsnære skular… Continue reading Niste og kviss

Published
Categorized as Hendingar

Pønsk og kino på torsdag

PØNSK Torsdag 8/9 er det duka for pønskarkveld i studentmållaget! Me legg duken i Stjernesalen på Kvarteret klokka 18:00 (det er lov å komma rekande etter kvart, me vert der ei god stund) og idémyldrar saman om kva me vil gjera i haust. Me vonar mange tek turen, særleg nye medlem og de som kanskje… Continue reading Pønsk og kino på torsdag

Published
Categorized as Hendingar

Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!

I år som tidlegare år stilte SmiB på studiestarttilskipingane til Universitetet og Høgskulen i Bergen. Me hadde smått med tilfang (korttilgangen til kontoret var som vanleg vorten stengd over sumaren) men jamna ut med enorm entusiasme, bokstavkjeksskilt og muffins. Dette likte dei nye studentane. Sjølve hadde me stasa oss opp i «eg <3 nynorsk»-skjortene våre.… Continue reading Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!

Vaflar i mai; hug, elsk og Aasen!

Torsdag 12. mai var ein dag for vaflar og verving, denne gongen utanføre SV-bygget. Vaflane var ein suksess som alltid, men nye medlem vart det lite av. I minsto har fleire studentar fenge vita um oss, ikkje berre dei nynorskvenlege HF-arane me vanlegvis dreg til oss. Me fekk mykje godhug frå samfunnsvitarane òg! Her er… Continue reading Vaflar i mai; hug, elsk og Aasen!

Published
Categorized as Hendingar

Landsmøte i Noregs Mållag

Me leigde bil og drog på landsmøte i Noregs Mållag 8.-10. april på Sand i Suldal. Landsmøtet var på Sand på grunn avslutninga av det superlange Rasmus Lølande-jubileet (fem år!). Frå SmiB sende me, Odin, Helene og Martine. I tillegg var Martin tilstades, men då for Hordaland Mållag. Elles drøsa me godt med Studentmållaga i… Continue reading Landsmøte i Noregs Mållag