Heilhus i morgon (i dag)!

Me er (laurdag kl. 21.00–) i Maos vesle raude. Her skal me spela Norsk på ekte norsk. Dvs. på øvste hylla er musikk med nynorsk sangtekst, på ant øvste hylla er songar på ikkje-oslo-vest-dialektar.

Med andre ord speler me Ravi (austfold!), men ikkje t.d. DeLillos eller Marte Wulff (diverre høyrast det ganske bokmålsk ut, men ho er i ♥ lell!)

Utruleg koseleg om du kjem 😉

Vert vel truleg litt kaféstemning i starten, og so speler me dansbar musikk utyver, dersom noko skulle kjenna trongen. Vonar det, i so fall.

Veit ikkje heilt om Maos vesle raude eignar seg for slikt då? Då får me i so fall berre visa at me klarar det likevel. Og, hugs, me kan ikkje taka kort der, so ha med kontantar (evt. berre kjøp i ein annan bar).

To Valkyrien Allstars-konsertar

Sist fredag var me på konsert med Valkyrien Allstars. Me klarte å få 50 kr rabatt frå Hulen, det kom 4-5 medlem utanom oss 6 i styret. Me selde 2 EGNYNORSK-t-skjorter, og kunne seld fleire dersom folk hadde hatt meir lommepengar. Me høyrde mange godord om dei.

Bilete teke på konserten av Elisabeth Almighty.

Sidan me brukte t-skjortene som ein samla gjeng på ein konsert, vart det likevel litt vel uniformete. So det kunne diverre sjå ut som om me hadde bryte oss ut frå ein institusjon. Det er noko me må hugsa til neste gong; folk må ikkje ha heilt like klede. Farge- og motivforskjellar er ein veldig bra ting. Heldigvis gjekk me ikkje alle i det same, so det gjekk bra 😉

Konsert, nr 2

Same dag, ein god del timar seinare, spelte Valkyrien ein minikonsert på Det Norske Teatret for Studentmållaget i Oslo sitt 110-års-jubileum. Denne gongen brukte Tuva t-skjorta ho hadde fengje av oss etter konserten på Hulen.

Sers moro for oss 😉

Pønsk + Valkyrien (rabatt!)

I morgon (1. september) har me pønskekveld for å finna ut kva me skal gjera frametter. Kom innom!

  • Ta deg ein munkholm/kaffi/saft/hansa eller kva-har-du.
  • Funder på kva me skal gjera frametter.
  • Få signert medlemsprov slik at du får 50kr rabatt på Valkyrien Allstars-konserten på fredag.
  • Få (evt. kaup) t-skjorte til konserten dersom du ikkje allereie har.

Stjernesalen frå kl. 20. Eg tek på meg ei nynorskrelevant t-skjorte slik at det vert lett å sjå oss. 🙂

Me sit der minst ein time. Kjem sikkert litt tidlegare òg.

Ring meg/send melding viss du føler for det. 93 24 37 25 🙂

Valkyrien Allstars-konsert på fredag 3. september

Hola (Hulen) har vore so greie å gjeve oss 50kr i rabatt på billettane til Valkyrien Allstars no på fredag. Du må diverre ha med deg medlemslappen som prov, men fortvil ikkje dersom du som alle andre har mista han; me kan laga ein ny til deg viss du:

  • Kjem innom på pønskekvelden på Kvarteret, onsdag 1. september kl 20
  • Kjem på før-konserten-henging hjå Diederik, (eg drikk saft, andre øl, ta med det du vil, Professor Hansteens gate 85, 100m frå Hola) kl. 19-21.
  • Møter opp utanfor Hola litt før 21
  • Eventuelt sender epost/ringjer for å få skaffa prov (93 24 37 25 / smib hjå malungdom.no)

Konserten startar 22.30, men det vert truleg fullt, so me møter opp 21 for å vera trygge på å få billett.

Kult viss so mange som mogleg kjem i nynorskrelevante t-skjorter 😉 (Helst gjer det!) Me tek med oss t-skjorter som er gratis (SmiB-t-skjortene) og som kostar litt (EGNYNORSK) der me er.

So sjåast me på før-konsert-henging hjå Diederik, eventuelt rett på konserten!

Studenttorg på studentsenteret, 15 nye medlem(!)

For nokre dagar sidan hadde me stand på studentsenteret. Det viste seg å vera ganske so lurt. Ida og Helene klarte å verva 15 medlem på den dagen. Vel, ei av dei vart verva av Odin, men ho var allereie innstilt på å verta medlem.

Me gav ut gratis t-skjorter til alle som vart medlem (og alle som allereie var medlem). Det er av typen «Studentmållaget i Bergen» med Ivar Aasen på. Dei var veldig populære. Me har framleis mange av dei, so dersom du ikkje har fått ei (og er medlem i SmiB), so berre sei i frå, so får du ei.

Mange vart frista til å verta medlem for å få dei flotte jakkemerka som me fekk frå skrivarstova Oslo (men dei er teikna av ein SmiB-medlem 😉 ). Diverre fekk me alt for få, so me måtte rasjonera dei ut ved å berre gje til medlem (og putta ein latterleg høg pris på dei dersom du ikkje var medlem). Det viste seg faktisk å fungera som eit slags triks, sjølv om veldig mange vart veldig lei seg då dei ikkje fekk.

Me må verkeleg få laga ein liten engelsk tekst/flygeblad som forklarar godt kven/kva me er. Det er veldig mange som ikkje kan norsk som lurer på kva me er og kvifor me står der og heng. Det er faktisk noko som står i gjennomgangen frå tidlegare sokalla «studenttorg» (eller studentopningsseremoniar?) i Grieghallen.

Forresten treng me òg nytt/eige informasjonsflygeblad. Veldig-veldig mange av dei som gjekk forbi strekte seg automatisk mot verveblokka, den med EGNYNORSK på. Det viser seg at det er mykje meir interessant enn alle dei andre flygeblada våre, so her må noko drastisk setjast i gang! 🙂

No byrjar me so smått å planleggja hausten. Me må få til eit par hendingar som andre enn styret kan vera med på. Det er moro å stå på stand, men det involverer omtrent ingenting av medlemsmassen vår.

Hendinga var på alle måtar totalt vellukka.

Framleis ferie

Det har vore eit par tingingar på klistremerke i ferien, men det vil nok framleis taka minst 2 veker før eg er heime i Bergen for å kunne senda ut nye. Ingen av dei som har kome inn i ferien har vore med friviljug pengedonasjon heller, so det hastar ikkje so fælt 😉

Elles ynskjer me å stå på stand ved skulestartseremonien i Grieghallen. Me prøver å finna ut kvar og kor tid me må melda oss på den for 2010.

Eg-hjarta-nynorsk-tskjortene våre er forresten komne, men dei er veldig store. Diverre er tydelegvis heile klesbransjen udugeleg, so S og M tyder i nokre høve XXXS og XXS, medan i dette høvet vert dei meir S=L og M=XL. Eit felt som definitivt treng standardisering.

Elles skal me visstnok ha ei studentsamling dette semesteret, men diverre er ganske lite fastsett nett no.

Medlemsepost for slutten av vårsemesteret

Eg fekk spørsmål om eg kom til å leggja medlemseposten ut på netsida. Kvifor ikkje? Her er ho, den fyrste og truleg siste dette vårsemesteret. SmiB går inn i ei lita stilleperiode no grunna sumar; folk reiser vekk 😉

Gode SmiB-medlem!

  1. Nye epostlister for SmiB (lurt å lesa)
  2. Få tidsskriftet Mål og Makt gratis
  3. Me har laga «reklame – nei takk»-klistremerke med ein tvist (få gratis)
  4. Prosjekt om soga til SmiB
  5. Matpakkesamlingar og andre hendingar frametter

1. Nye epostlister

Du får denne eposten av di du står i medlemslistene våre. Dette er den vanlege medlemslista. Me har i alt tri stykk:

  • Årsmøtelista (òg kjend som eg-hatar-epost-lista)
  • Medlemslista (denne)
  • Aktivlista (me vil gjerne ha deg her)

Årsmøtelista får maksimalt ein epost i semesteret (til, ja, årsmøter). Dette er folk som stør sakene våre og vil vera medlem, men som ikkje har interessa for kva med driv med nett no. Her har me putta folk over ein viss alder og folk me veit bur utanfor Hordaland. Dei kan sjølvsagt fritt flytta seg til dei andre listene om dei vil.

Send ein epost til oss dersom du heller vil stå på årsmøtelista.

Medlemslista sender me epost når det skjer store ting, men maks ein gong i månaden.

Aktivlista er ikkje berre for aktive, men for alle som ynskjer å vita kva som skjer i laget. Alle medlem kan senda epost til den lista og me kan planleggja allslags. Ting på lista bør sjølvsagt vera litt studentmållagsrelevant, men det er tenkt til å vera ei ganske fri liste. Du må tóla minst ein epost per veke (matpakkesamlingseposten). Me melder ingen på her utan å segja i frå. Meld deg på her: <http://lister.malungdom.no/listinfo/smib-aktiv>

2. Få tidsskriftet Mål og Makt gratis

Me i styret har funne ut at me vil la SmiB betala Mål og Makt for medlemene sine. Viss det vert ovstore utloger, so må me rett nok sjå på det enno ein gong, men me trur det skal gå bra.

Viss du ynskjer Mål og Makt i postkassa di (og det gjer du vel?) so kan du berre senda ein epost til smib hjå nynorsk punkt no med namn og adresse.

3. «Uadressert bokmål – nei takk»-klistremerke

No kan du pryda postkassa di med våre nye klistremerke! Me ynskjer å spreia desse so langt og godt som mogleg, so me sender dei ut på eiga rekning. Merk di eiga postkasse og dytt nokre på naboane dine, so vert me veldig glade.
Du kan tinga klistremerke på den nye netstaden vår. Det er likevel mykje betre om du berre kjem på kontoret vårt og får, so slepp me den alt for dyre portoen.

4. Soga til SmiB

Me har starta å samla saman kjelder til soga til studentmållaget her i Bergen. Det er ikkje (enno) meint å vera eit skikkeleg prosjekt. Me vil leggja ut morosame fakta, sitat, bilete og hendingar frå gamle dagar på netsida vår. Viss du har noko historisk materiale, eller kan segja noko morsomt eller litt interessant om SmiB, vert me sers glade for det.

5. Matpakkesamlingar og andre hendingar frametter

Kvar torsdag kl. 12.00 har me matpakkesamling på studentsenteret. Til me får vårt eige skilt so vil me henga opp ein stygg papirlapp slik at du lett kan finna oss.

Av og til har me matpakkesamlingar på andre dagar òg, det vert i so fall meldt frå om på aktivlista, so det er ein god idè å melda seg på der: http://lister.malungdom.no/listinfo/smib-aktiv

Alt anna som skjer vert sagt i frå om på aktiv-lista. Viss det t.d. vert ei sumaravsluttning, so vert ho berre sagt frå om der (av di me ikkje vil senda epost til denne lista for ofte).

Pønskarkveld – torsdag 20. mai, kl. 18.00–20.00
Me veit ikkje heilt kva me skal gjera her. Men me set oss i sofaen på kontoret og pønskar på kva tilfang me skal laga frametter og kva anna me kan gjera. T.d. «kva ville ivar gjort»-t-skjorter, eller fleire klistremerke som me enklare kan hengja rundt Bergen enn dei som berre er til postkassar. Me let tankane flyta, og so går me ut på byen etterpå, dei som vil.

Kontoret vårt er i nygårdsgata 1B, fjerde etasje. Ring eller send melding til 93 24 37 25.

LOVE vs. HJARTA nynorsk

Eg var ute på min vesle tur rundtom i Bergen for å levera klistremerke som folk i Bergen sentrum hadde tinga frå ting-klistremerke-sida vår, og la merke til t-skjorta til ein fyr som gjekk forbi meg.

Stod det ikkje «I ♥ NY NORSK» der? Jo det gjorde det!

Eg snudde meg rett om og småsprang etter den vesle gjengen med fjortissar.

«Hei! Kvar fekk du t-skjorta di frå?»
«Å, den, uh, hmm, internett. Kjøpt på internett.»

Eg la merke til kvar ho var kjøpt og gav han eit par av klistremerka våre («… til postkassa di! Ha ein fin dag!»).

Det viser seg at me har ein konkurrent. So kult!

Og vår eiga skjorte:

> Du kan kjøpa t-skjortene våre frå NMU no.

Diverre fann eg ikkje eit meir t-skjorte-sentrert bilete i farten, men me har ikkje fått i gang litt meir organisert t-skjortesal enno. Det kjem.

Netbutikken til Guhl der dei sel skjorta er ganske stilig, du kan velja mellom nynorsk og bokmål, men bokmål fungerer ikkje dersom du trykkjer på han. Morosamt. 🙂

Same kva, det må seiast at vår t-skjorte:

  1. Er på norsk
  2. Ikkje har orddelingsfeil
  3. Kostar mindre

So får me sjå korleis konkurransa utartar seg ;]

Klistremerkeaksjon på sydneshaugen

I går og forrigår delte me ut klistremerke og vaflar på HF-bygget her i Bergen. Det var ein sers velukka aksjon der me fekk delt ut fleire hundre klistremerke og nesten like mange vaflar. Det heile gjekk over fire dagar;

Me starta på sundag med å finna gamle lysingar og illustrasjonar frå gamle blad. Me fann masse kult i FOLKEMÅL frå 80-talet og kopierte upp. Til slutt hadde me ein heil del lappar som Helene og Ida hang upp rundtom HF på måndagen.

På aksjonen var det fleire som hadde sett det og synast det var kult. I fylgje jentene fekk spesielt jentedassane særleg god lappedekning. Me lagde òg plakatar til å ha på bordet.

På måndags kveld var eg sjølv på Austevoll, medan Helene og Ida lagde vaffelrøre på kontoret av det eg hadde kjøpt inn tidlegare.

Det vart fleire litre. Eg vil tru me hadde rundt 13 liter vaffelrøre klår til tysdagen.

So starta aksjonen. Me fekk verva 7 stk. Ganske tilfeldig eigentleg, me prøvde jo eigentleg ikkje å verva folk. So dimed var det ekstra kult at so mange sette seg opp utan nokon som helst «smøring» eller hinting.

Dagen etter (onsdag) vart det ingen vervingar, men mange folk skreiv seg opp på eg-vil-vita-kor-tid-nynorskkurset-er-lista vår.

Me gav vekk eit heilt _drøss_ klistremerke. Det vart vel fort ein 600-700 stykk (!?). Iallfall i kor mange klistremerke me plutseleg manglar! So ikkje berre forsvann nærare 26 liter vaffelrøre, men eg trur me må tinga fleire klistremerke snart óg.

Hugs at du kann få dei gratis tilsendt so lengje lageret rekk.

Me hev fengje klistremerke! – Uadressert bokmål? Nei takk!

I dag fekk me levert dei nye klistremerka våre, me hev i overkant av 1000 stykk, so det er rikeleg til alle saman.

Me skal få til ein måte der folk kann tinga merke, men de må truleg betala frakten sjølv dersom de ikkje hentar dei direkte her. Merka er gratis, me vil helst sjå dei på so mange postkassar som mogleg! 🙂

Planleggjingsmøte for skiping av Mållag i Austevoll

På tysdag tok Odin, Helene og Ida som utsendingar for SmiB turen saman med Hordaland Mållag for å få laga eit interimstyre som kan jobba med å få i gang ei skiping av Austevoll Mållag (eller kva dei no veljer å kalla det!).

Det kom 6 damer som ikkje var «påmelde». Det var eit ganske godt utfall, hadde det kome fleire so hadde det vorte dårleg med plass. Diverre kom ingen av dei som _var_ påmelde, kommunestyremøtet heldt framleis på då me starta møtet og resten hadde vorte sjuke. Diverre.

Vel, utanom redaktøren i Marsteinen avis, som kom for å dekkja hendingi.

Møtet starta med at Einar Ådland frå Hordaland mållag heldt ein tale, og deretter fortalte eg (Odin) litt om Norsk Målungdom og SmiB. Etter det gjekk ordskiftet fritt, med litt starthjelp her og der. Redaktøren viste seg å vera ganske interessert i målspørsmål, og tok m.a. opp nynorsk læringsmateriell for vaksne innvandrarar. Eg sa det skulle eg sjå meir på, og same dag fann eg ut at nynorsk læringsmateriell finst og er i bruk i Førde. Dette kan truleg det (vonleg) nye mållaget hjelpa til med å få inn i eigen kommune.

Etter møtet laga Marsteinen avis ei sak frå planleggjing-av-skipingsmøte-møtet, dei har inga god netavis (umogleg å finna permalenkje til saker) so eg legg ved bilete. Det står sikkert meir i papiravisa, men den har eg ikkje fengje tak i.Eg fekk ho tilsendt, sjå nedst.

Snart mållag Det var ikkje stinn brakke då Hordaland mållag inviterte austevollingane til møte for å skipa lokallag av Hordaland mållag. Engasjementet var dersto større.

Dei frammøtte reagerte litt på den negative grunnen til kvifor det var viktugt å skipa mållag i Austevoll. SmiB-utsendingane sa oss heilt einige. Hordaland mållag er prega av problemene i nokre kommuner med eit drøss Bergensinnflyttarar som ikkje forstår ungane sitt eige beste, og krev bokmål hist og pist.

Austevoll har ingen problem med innflyttarar frå Bergen som krev bokmål, so laget vil truleg likna mykje meir på Voss mållag, som kan rosa den eine verksemda etter den andre for god nynorskbruk. Sjølv om me andre må kjempa for rettane våre her ute, so er det jo mykje kjekkare å sleppa. Å jobba positivt og støttande er ei kjekk oppgåve for eit mållag, og eg trur kanhenda Austevollingane ynskjer å jobba på den måten.

Me fekk tri kvinner til interimstyret. All lukka til Austevoll; vonar dei klarar å få eit par til styret og få satt ein dato til eit skipingsmøte.

Oppdatert: Eg fekk tilsendt avisa frå redaktør Trond Hagenes (trykk for stort bilete).