Author Archives: Ida Haugum

Kva skal me med denne nynorsken?

Linda Eide og Ragnar Hovland snakkar om nynorsk! Møtet vert arrangert av Studentersamfunnet i Bergen, og går føre seg på Logen, onsdag 22. april. Dette vert ein fantastisk kjekk kveld og den er garantert verdt ei pause i eksamenslesinga!

Les meir om den herlege hendinga!

Studiemøte i Trondheim

Er du i Trondheim 29. april, ta deg ein tur på studiemøte om talemål i medieverda! Kjenner du nokon i området som kan vera interesserte, tips dei!

SniN melder:

SmiN skipar til studiemøte om talemål i medieverda onsdag 29. april. Staden er ikkje fastsett enno, men fylg med!

Korleis pratar folk i radioen og fjernsynet? Kva er føremonen med dialektbruk, og med normert talemål? Kva slags politikk og reglement finst? Korleis reagerer folk på dialekt/normert tale? Kva vanskar og ulemper er der? Kan målet i radio og fjernsyn vera av relevans for folk som skal læra seg norsk? Spørsmåla er mange!

Til neste år vert det ein ny mediekvardag her til lands, og målrørsla må tenkja nytt når det gjeld arbeidet for å få meir nynorsk i media. Til neste år er berre NRK allmennkringkastar, etermedia, nett og aviser smeltar saman.

Innleiarar denne kvelden er Ein språkforskar ved NTNU (litt uvisst kven det vert enno) Tarjei Vågstøl, Kringastingsringen

Attåt desse har vår legendariske sosiolingvist Brit Mæhlum lova å koma innom.

Det vert lett servering.

Vel møtt til eit spanande ordskifte!

Styret i SmiN

Kjelde: fjesboka

Nynorskbar

Skrivekunstakademiet og Bergen Mållag arrangerer temakveld med basar på Logen 31. mars kl. 19:00.

Alfred Fifjestøl presenterer Per Sivle Ernst Berge Drange presenterer Rasmus Løland Opplesing av Løland- og Sivle-tekstar ved Fanny Holmin

klart språk i staten

Neste tysdag vert det arrangert «temamøte om språkforståing, «Klårspråk» og arbeidet for eit betre og meir publikumsretta språk i statsforvaltinga». Om du er ein SmiB-ar som er oppteken av godt språk, høver dette for deg! Nedanføre er heile skrivet sitert:

<

p class=»MsoNormal» style=»text-align:center» align=»center»>«Skjemaoverveldet?»

Måndag 9. mars lanserte regjeringa nettstaden www.klarsprak.no og kampanjen “Klart språk i staten”. Studentar og tilsette ved språkfaga vert med dette inviterte til temamøte om språkforståing, “Klårspråk” og arbeidet for eit betre og meir publikumsretta språk i statsforvaltinga.

Rådgjevar Torunn Reksten frå Språkrådet viser filmen «Skjemaoverveldet?», som er laga av Språkrådet og viser korleis folk oppfattar informasjonen i offentlege skjema.

Reksten vil elles presentera arbeidet i Språkrådet, særleg den nye språktenesta for statsorgan, snakka litt om kva type jobbar ein kan få med språkbakgrunn, og komma med ein appell om at vi treng mange konsulentar som kan noko om godt språk.

Opplegget passar særleg godt for studentar på bachelorprogrammet i språk og informasjon, for dei som har tenkt å ta eller har teke emnet Praktisk informasjonsarbeid, og for nordiskstudentar på alle nivå. Andre studentar og tilsette er òg velkomne.

Dato og tid: tysdag 17. mars klokka 12.15–14

Stad: aud. A, Sydneshaugen

<

p class=»MsoNormal» style=»text-align:center» align=»center»>Arrangør: bachelorprogrammet i språk og informasjon

Matpakkesamling

Våren 2009 vil SmiB halda matpakkesamlingar onsdagar frå klokka 12:05, i kantina på Sydneshaugen skule. Det går fint å koma seinare enn dette, me plar å halda oss der ein time i alle fall.

Sydneshaugen skule er det gule bygget bak Johanneskyrkja, og me brukar å finna oss eit bord oppe. Styret skal vera flinke og ta med skilt, så du finn oss!

Matpakkesamlinga er eit uformelt møte med andre SmiB-ar, og det er sjeldan noko plan for desse samlingane. Her pratar me om alt, men kanskje særskilt emne som aktuelle nynorskhendingar, mattilbodet til SiB, vêret, studentnyhende og eksamen. Nærlesing og kommentering av Studvest har også synt seg å vera ein populær aktivitet på samlingane.

Me sest på onsdag!

Hei, alle nynorskstudentar i Bergen!

Velkomen til den heilt nye bloggen til Studentmållaget i Bergen! Her vil me skriva om kva som går føre seg i laget, og om andre nynorsk- og studentrelaterte ting som går føre seg i byen.

Det er fritt fram for å koma med innspel på innlegga i bloggen! Ein kan godt koma med innspel, spørsmål, framlegg til laget eller tips om nyhende utan at dei har noko med det som står i innlegget å gjera, det er berre kjekt.

Når de kommenterar vil ikkje kommentarane verta synte før me som styrer bloggen har godkjent dei. Slik kan me luka ut nynorskhat og anna spam. Me vil sjølvsagt ikkje sensurera noko utover det.

Det vil truleg vera litt skralt med informasjon nett no i starten, men dette vil betra seg med tida. Ha tol!