Author Archives: Ida Haugum

Styremøte

Store ting på gang! Nemner i fleng: digital satsing, matpakkesamling (neste: måndag klokka 12 på studentsenteret), aktivitetskalender – kjem snart til ein SmiB-logg nær deg (her),  og me har skrive årsmelding, byrja på søknad om midlar, og gledd oss til møte og anna mållagsverksemd. Utsendingane til NM-årsmøtet gler seg til å festa i bunad med vyrde målfolk i hovudstaden –  førfest med Ølve mållag? Berre tida vil visa. Vidare vil me til Osterøy for å snakka målsak, og til Flåm og sutla med øl. Om det er humor på programmet? Ja.

Årsmøte

SmiB skipar til årsmøte onsdag 1. februar klokka 19. Møtestad er kontoret vårt i Nygårdsgata 1b. Sjå kart her. Vel møtt!

Førebels saksliste:

  1. Årsmelding
  2. Økonomi
  3. Val av nytt styre
  4. Den nye tufta til NMU
  5. Aktivitetar i 2012
  6. Ymist

Kom gjerne med framlegg om saker du ynskjer å drøfta på møtet!

Niste og kviss

Studentmållaget har pønska seg fram til to lågterskelaktivitetar me vil freista gjera kvar veke denne hausten; matpakkesamling og kviss-krasjing.

Matpakkesamlinga finn stad tysdagar kl. 12, på studentsenteret. Matpakkesamlingane er uformelle samlingar med niste og drøs. Drøsen går om alt mogeleg, men siste nytt på nynorskfronten plar koma opp. Me oppmodar SmiB-ar på mindre sentrumsnære skular til å skipa til eigne samlingar, t.d. må det vera råd å få i stand noko på medisin og lærarhøgskulen. Nokon frå styret kan sikkert vera med å starta opp viss interessa er der, so sei frå til oss!

Kviss-krasjinga vil nok variera litt frå gong til gong, sidan idéen går ut på at SmiB deltek (og hevdar seg) på kvissane til andre organisasjonar og lag. Dei vert varsla etter kvart. Fyrstkomande kviss-krasj er i morgon, tysdag 13.9, kl 20 på Kvarteret! Eg fann ikkje meir informasjon om denne kvissen, men han er vel anten i Stjernesalen eller i puben nede.

Vel møtt til båe hendingane! Me treng mange SmiB-ar både for å eta nista og for å hevda oss på kviss!

Pønsk og kino på torsdag

PØNSK Torsdag 8/9 er det duka for pønskarkveld i studentmållaget! Me legg duken i Stjernesalen på Kvarteret klokka 18:00 (det er lov å komma rekande etter kvart, me vert der ei god stund) og idémyldrar saman om kva me vil gjera i haust. Me vonar mange tek turen, særleg nye medlem og de som kanskje har lyst å verta med i laget. De har sikkert mange gode idéar, som me gamle inngrodde SmiB-ar ikkje har tenkt på! Det er heilt uforpliktande og ikkje fårleg i det heile teke å koma på pønsking med oss! Vil du vera med å finna på kjekke ting med/på/kring nynorsk i haust, er det her planane vert lagde!

KINO Når me har pønska lenge og vel, og kanskje endåtil spela eit spel, dreg me i samla lag frå pønskekvelden og ser «Få meg på for faen» på kino. SmiB sponsar kinoen for medlemar! Det er såleis kjekt om de som har tenkt å vera med på kino kjem tidleg til pønskinga, slik at ein frå styret kan gå og raska til seg billettar i god tid :)

Me gler oss!

Kven er SmiB, og kvifor er me best?

Gilde student!

Her er informasjonen me sende ut til dei som skreiv seg opp på e-postlistene våre på studenttorget 16/8. Me vil gjerne dela han med så mange som råd, difor legg me han ut på bloggen òg. Her får du ein kort presentasjon om laget, kva me har gjort dei siste semestra, og kva for planar me so langt har for hausten.

Kven er me, og kva gjer me? Me er ein god gjeng med unge nynorsktilhengjarar. Me er opptekne av god språkbruk, av å gje merksend til nynorsken og dei norske dialektane, av å sikra studentar mot språkleg diskriminering; Du skal få eksamenen din på det språket du er oppmeldt med, og språket i eksamensoppgåva skal vera godt! Du har rett til å klaga om eksamen er på feil språk, og likeins kan du klaga om språket i eksamensoppgåva er dårleg – dette er det ikkje alle som veit, so ein viktig del av arbeidet vårt er å opplysa om desse rettane. Likevel, det aller viktigaste for oss har heile tida vore å ikkje verta keisame og sure pessimistar (slik stoda gjerne er i dei noko eldre mållaga) – SmiB er positive i alt me gjer! Snok rundt her på bloggen og på facebooksida vår for å finna ut meir.

Kva har me gjort dei siste semestra? SmiB skryt ikkje om me seier me har vore det beste studentmållaget dei siste åra, det har me jamvel fått to diplom på. Dette er grunnen/grunnane:

  • Me har mellom anna ry på oss for å skipa dei beste studentsamlingane, den siste no i vår (Sjå programmet for førre samling).

  • Me har vore på konsertar med artistar som syng på dialekt, til redusert pris for medlemma våre. Førre studieår var me på Valkyrien Allstars og Hopalong Knut.

  • Me hadde DjAasen på Heilhus på Kvarteret, eit særs godt vitja dansegolv kor det gjekk i fengande, norsk musikk.

  • Me laga ei syrleg og sarkastisk nynorsk-avis, Dagverd. Berre for kjekt.

  • Me er alltid særs godt representerte på andre mållagstilskipingar, frå dei lokale nynorskbarane til Bergen mållag, til årsmøter, haustkonferansar, og sumar- og vinterleirar i Norsk Målungdom. Me liker å følgja med, og vera der det skjer!

…og det er sjølvsagt me som har laga desse klistremerka.

Kva vil me gjera i haust? Fyrst: me vil planleggja hausten saman med våre nye medlem, og dei som kanhenda vil verta med i laget. Difor har me tenkt at den fyrste hendinga i vår skal vera ein pønskarkveld, kor me møtest for å dela visjonar og idéar for hausten med kvarandre. Når me har gjort dette ei stund, tenkte me å avslutta kvelden med å sjå «Få meg på for faen» (Etter boka av Olaug Nilssen) på kino. Me betaler for medlem, og tilfeldigheitane vil ha det til at filmen er dyrare enn oss. Kvelden det skjer: torsdag 8. september, følg med på facebooksida og bloggen vår for nærare informasjon om tid og stad.

Dinest vil me gjerne føra vidare det beste frå i fjor; det er soleis utsikter til fleire norske konsertopplevingar, eit nytt suksess-Heilhus, kanskje meir avis, og like massiv deltaking på andre mållagstilskipingar. Sist me møttest spekulerte me òg i å ha eit nynorsk ete- og drikkegilde (kor me altså hiv innpå mat frå produsentar som nyttar nynorsk. Eit raskt oversyn over slike tyder på at det vil gå mest i øl, iskrem, saft og syltety denne kvelden. Det kan berre verta bra).

Til sist, og veldig veldig viktig, vil me seia at det ikkje er naudsynt at du er aktiv, sjølv om du er med i laget. Me er ein flott gjeng som er aktive og liker å skipa til ting, skriva lesarbrev og reisa på årsmøte, og det er sjølvsagt plass til fleire i denne gjengen. MEN du er like bra som denne gjengen om du ikkje liker desse tinga – berre liker nynorsk og vil vera med i eit mållag for å syna det. Me treng deg fordi me vil verta mange, slik at argumenta våre veg tyngre når det trengst («over 100 studentar meiner dette»), fleire medlem gjev også større økonomisk fridom – kanskje det likevel dukkar opp ei hending du kunne tenkja deg å gå på? Og aller viktigast: me er studentmållaget i Bergen. Me er nøydde til å verta større enn Oslo!

Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!

I år som tidlegare år stilte SmiB på studiestarttilskipingane til Universitetet og Høgskulen i Bergen. Me hadde smått med tilfang (korttilgangen til kontoret var som vanleg vorten stengd over sumaren) men jamna ut med enorm entusiasme, bokstavkjeksskilt og muffins. Dette likte dei nye studentane. Sjølve hadde me stasa oss opp i «eg <3 nynorsk»-skjortene våre. Dei nye studentane likte dei òg.

Bilete av det innbydande bordet vårt. Foto: Universitetet i Bergen.

Etter desse tilskipingane har laget fenge 10 nye medlem – hjarteleg velkomne skal de vera! I tillegg til desse var oppunder hundre studentar lystne på å få vita meir om oss, og skreiv seg opp på e-postlistene våre (det gilde, gule og fullskrivne arket du ser fremst på bordet). Sidan interessa var sopass stor, hadde me i går eit lite spontanmøte for å pønska ut kva den fyrste SmiB-hendinga dette semesteret skal vera. Me kan seia so mykje at ho er kjekk og sosial, heilt utan innslag av møteverksemd, og vil finna stad torsdag i veke 36. Meir informasjon kjem over helga! Fleire bilete frå studiestart kjem òg.

Vaflar i mai; hug, elsk og Aasen!

Torsdag 12. mai var ein dag for vaflar og verving, denne gongen utanføre SV-bygget. Vaflane var ein suksess som alltid, men nye medlem vart det lite av. I minsto har fleire studentar fenge vita um oss, ikkje berre dei nynorskvenlege HF-arane me vanlegvis dreg til oss. Me fekk mykje godhug frå samfunnsvitarane òg! Her er nokre glimt frå hendingi

Hug, elsk og Aasen – kjekke karar med fine skjorter!

GOD stemning når Odin greier ut um alle dei ubrukelege variablane som var dregne inn i dei «vellukka» fritak-frå-sidemål-prosjekta i hovudstaden.

Her byrjar det å likna på noko! Eit lite vekkjingsmøte, kan henda.

Me feira at jamstillingsvedtaket var 126 år 12. mai, og delte ut dei siste Dagverda våre.

Desse fine damene frå Samlaget lika tiltaket vårt, men ville ikkje ha vaflar. Rykte skal ha det til at dei skal skriva bok um ossvaflar, det er nok difor dei tek bilete.

Årsmøte

SmiB skipar til årsmøte torsdag 28. januar klokka 18.00! Møtestad er portalen til Sydneshaugen skule, som ligg rett bak Johanneskyrkja. Illustrasjon:

(Berre å gå etter Ivar Aasen, så finn de fram!)

Ei førebels saksliste

1. Godkjenning av innkalling og dagsorden. Val av ordstyrar.

  1. Årsmelding og arbeidsprogram
    • Aktiviteten i laget i 2009, og det me vil gjera i 2010.

3. Økonomi

4. Val av nytt styre

5. Landsmøtet til Norsk Målungdom 19.-21. mars – Vil du vera utsending?

6. Anna

Nynorskbar!

Bergen Mållag inviterer alle interesserte til idèdugnad, nynorskbaren 6.oktober!

— Kva trengst for å fremje nynorsk og målsak? —

Vi har alle mange tankar om kva som er lurt, når det gjeld dette.

Kom til Logen bar tysdag 6.oktober kl.19.30! Ta med kjentfolk, og ver med i diskusjonen!

Vend vinden!

Helga 23. – 25. oktober er det «Vend Vinden»-konferanse i Valdres.

Litt om kva som skjer, henta frå nettstaden til konferansen:

Om du slit med å vinne debattar om nynorsk og sidemål kan du kome på argumentasjonskurset. Og om du då får ein trong til å skrive argumenta ned, men ikkje veit korleis du skal gjere det, eller kva du skal gjere med teksta, kan du kome på mediatreningskurset. Møt folk frå heile Noreg som har dei same utfordringane og utveksle idèar og erfaringar. Vi vil halde eit ope nynorsk sjølvtillitskurs, der alle er velkomne til å deltake. Elles vert det mellom anna lobbyverksemdskurs, innleiing om organisasjonsbygging, næringslivpaneldebatt og filmvisning!

SmiB har truleg høve til å dekkja reise for dei som vil ta turen.

Verveveke!

Neste veke er det «lagveke» i vervekampanjen – dette vil seia at det lokallaget som vervar flest i løpet av denne veka får ein gjev premie (i tillegg til dei andre premiane, sjølvsagt). Så om de sit og rugar på nokon vervelappar, er det strategisk å senda dei inn innan neste veke.

Om de driv og sparar til ei spesiell vervegåve, kan de sikkert senda med ein beskjed om dette, slik at de «slepp å bli premierte» før de har verva nok. Slik kan de likevel senda inn dei de har verva no, og verva vidare mot målet etterpå. Om det var forståeleg.. :)

Vellukka aksjonar

Nattaksjon

Siste krampetrekning før valet – me dekte Bergen med sidemålsplakatar:

nattaksjon4w

Trass mykje regn fekk dei fleste hengja fram til valdagen. (Det sterke limbandet er frå Clas Ohlson, greitt å vita til seinare aksjonar) Nokre plakatar fekk jamvel hengja på «partitorget» nede på Torgalmenningen. Mange takk til Raudt for det!

Mykje gjev plass i augehøgd på plakatsøyla ved stasjonen: nattaksjonw

Og me utnyttar alle opningar i plakatlandskapet ved musikkpaviljongen (merk teknikken): nattaksjon1w

Dag og Tid-aksjon med vaflar

Onsdag 16. september stod me i borggarden på Sydneshaugen skule og delte ut nynorske vaflar og Dag og Tid. Ein uslåeleg kombinasjon – i eittida var me tomme for både aviser og vaffelrøre, og måtte avslutta aksjonen før planlagt.

vafleaksjon1w

Me fekk til og med nokon nye medlem i laget! Fantastisk!

Ei lita mengd aviser tok me med opp på lærarhøgskulen. Det var ikkje nett like lett å dela ut aviser her, men det skuldast sikkert tidspunktet (for seint på dagen) og fråværet av vaflar (ikkje lov, grunna ein aktiv brannvarslar).

Aksjon!

Onsdag vert det SmiB-aksjon på Sydneshaugen skule! Me stiller med (gratis) vaflar og aviser, og satsar på å vera i gang før kantina for optimal effekt og lite konkurranse. Føremålet med aksjonen er stort sett berre å syna at me finst, og å gleda studentane med eit godt alternativ til Studvest, nemleg Dag og Tid.

Me er truleg å finna i portalen heile føremiddagen, vaflar så lenge røra rekk :)

Kronikk frå BT

Ein kronikk av Erlend Bakke, som tek opp tilhøvet mellom makt og språk i Noreg, samt bergensarane sitt tilhøve til nynorsk.

(Teksten den refererer til fann eg ikkje.)

Matpakkesamling

I haust vert det matpakkesamling torsdagar klokka 12 ( + akademisk kvarter for dei som treng det). Staden er førebels kantina på studentsenteret, Nygårdshøyden. Ta med deg skiva di og kom!

matpakke

Medlemsmøte

Det vert medlemsmøte i SmiB onsdag 26. august klokka 18:00. Møt opp ved bjørka utanfor HF-fakultetet (bak Johanneskyrkja).

Førebels saksliste: 1. Val av representant til studentutvalet Om studentutvalet: «Studentutvalet skal arbeide med spørsmål som er relevante for nynorskbrukande studentar, og prøver i år å stable på beina ein solid og målretta studentpolitikk» 2. Aksjonar i haust «Dag og Tid»-aksjon. Me deler ut aviser og får pengar til laget.

Vafleaksjon. Me deler ut vaflar for å gleda studentar og syna at me finst. (Ein slager) 3. Studentsamling i Oslo 10. – 11. oktober Denne veit me ikkje så mykje om. Gjer du?

4. Framtida til matpakkesamlingane Kvar? Kortid?

5. Stoda til SmiB Korleis står det med styret og økonomien til SmiB?

Exphil-ordliste

Medan me ventar på å få meir Exphilpensum og -bøker på nynorsk, kan me setja saman ei ordliste med omsetjingar til alle dei vanskelege bokmålsorda frå emnet.  Kom gjerne med framlegg til nye ord og betre omsetljingar i kommentarfeltet (å redusera talet på heit-ord hadde vore kjekt). Dette er dei problemorda eg fann i mine eigne papir, og det er ikkje sikkert at alle omsetjingane er særleg gode heller.

Exphil frå bokmål til nynorsk:

(frå Exphilvarianten på HF)

ALFA

allmenngyldighet – naturlov, allmenn, (allgjeldande, grunnleggjande, overordna), sanning, allgildskap

anskuelse – synsmåte, synspunkt, oppfatning, overtyding, tanke(bilete), tenkjemåte, tru, haldning, omdømming, forestilling, inntrykk (oppfatning) av

anskuelsesformer (– tid og rom) – synsmåtar, oppfatningar, forestillingar o.s.b.(jfr. over)

begivenhet – (stor)hending, særtilfelle, særsyn

begrep – omgrep

begrunne – grunngje, godtgjera, prova, underbyggja, forklara

betingelse – føresetnad, vilkår, atterhald, eigenskap, bakgrunn, grunnlag, kvalifikasjon

bevissthet – medvit, merksemd, innsyn, innsikt, omdømme, skjøn, forståing

enhetsvitenskap – einheitsvitskap, einskapsvitskap,

erkjennelse(-prosess, -former) – kunnskap, lærdom, innsyn, innsikt, sannkjenning, sanning

utsagn – fråsegn, påstand

viten – innsyn, innføring, innsikt, kjennskap, (sak)kunnskap, (bok)lærdom, røynsle, klokskap, visdom

BETA

avgjørbarhet – avgjerbarheit

beskrivelse – skildring, forklaring, definisjon, omtale, beskriving

betegnelse – nemning, namn, kjennemerke, symbol

betydning – tyding, meining

bruksmåtebeskrivende (om definisjonar) – bruksmåteskildrande

enighet – semje, einigheit, forlik, samtykke

flertydighet – fleirtydnad, fleirtydigskap

forbindelse – samband, sambinding, bindeledd gyldighet – gyldigheit,

hensiktsmessig – (føremåls)teneleg, gagnleg, høveleg, nyttig

holdbarhet – haldbarheit, sanningsverdi, sanningsverd, sanningsinnhald, truverd, hald

holdbarhetsargument – haldbarheitsargument, sanningsverd(i)argument, truverdargument o.s.b. (jfr. over)

medlidenhetsargument – medkjensleargument, medynkargument

overensstemmelse – semje, samsvar, einigheit, forlik, samtykke

presishet – presisheit, eintydigheit

saklighet – saklegheit, saklegskap, saktruskap, rettvise

skikkelse – skapning, figur

skinnenighet / -uenighet – falsk semje / usemje

tolkning – tolking

vaghet – vagheit

virkningsangivelse – verknadsgjeving, -melding, – nemning

årsaksangivelse – årsaksgjeving, – melding, – nemning

Hugs å gjera greia for det i teksten din når du vel å nytta omsetjingar som ligg langt frå bokmålsordet. Det kan jo vera at rettleiaren din ikkje kjenner til dei nynorske alternativa! Dette kan ein til dømes gjera i ein fotnote: «i denne teksten har eg valt å omsetja «holdbarhetsargument» med ordet «truverdargument».»

Freistnad på røysting

Dette var ikkje berre enkelt, og utforminga vart ikkje så frekk og fin som planlagt, men stem likevel :)

(kom gjerne med framlegg til klokkeslett under innlegget!)

[polldaddy poll=1802170]

Hurra!

For Studentmållaget i Oslo sin parole i 1. mai-toget, som kom på trykk i Aftenposten med nynorsk bilettekst. (Nr 7 i biletserien)

Ikkje verst!

Kjelde

Nynorskbar!

Bergen Mållag arrangerar nynorskbar på Logen Bar imorgon, tysdag 5. mai, klokka 19:30.

«Skulemålsskrivar Ingar Arnøy snakkar om korleis mange er for kulturelt mangfald, men mot nynorsk.»

Gratis inngang.