Årsmøte

Det vert årsmøte i Studentmållaget i Bergen tysdag 31. januar klokka 1900. Møtet kjem til å gå føre seg på seminarrom A på Studentsenteret, Bergen. På årsmøtet skal vi gå gjennom mange spanande saker og vi får besøk av reiseskrivar Hannah frå NMU.


Saklista:

1. Godkjenning av innkalling og saksliste

2. Val av to personar til å skriva under møtebok

3. Val av møteleiar og skrivar

4. Godkjenning av styret sitt arbeid – årsmelding

5. Godkjenning av økonomi – rekneskap

6. Vedtak om arbeidsprogram/årsplan

7. Vedtak om økonomi – budsjett

8. Val av nytt styre

9. Val av valnemnd

10. Val av utsendingar til årsmøtet til Hordaland Mållag

11. Val av utsendingar til landsmøtet til Norsk Målungdom

12. Val av utsendingar til landsmøtet I Noregs Mållag



Viss det er andre saker de meiner vi må ta opp, som då kjem under posten «innsendte saker», må desse sendast inn seinast fire dagar før årsmøtet.

Sakspapira finn du her, og årsmøtehendinga på Facebook er å finna på https://www.facebook.com/events/1815105285373251/.

For å ha røysterett på årsmøtet må ein ha betalt medlemspengar for inneverande år, og vere under 30 år.
Medlemspengar kan betalast ved å sende ein SMS med teksten «MEDLEMSPENGAR» til 2090 (Kr 70,-). Sjå malungdom.no for andre betalingsmåtar.