Sameina samling på Stord

DSC_0077

Til og med trøndarar får vestlandskos!

Så kom helga alle venta på, vestlandsk venskapshelg. Fredag 6. mars drog ivrige og spente målungdommar frå Stavanger og Bergen til vakre Stord. Forutan  å vera Noregs nynorskby, var det naturleg for oss og Studentmållaget i Stavanger å samlast på halvvegen – på «Vikjo». Førebuing til Landsmøtet 2015 i Oslo stod på planen; men heldigvis fekk ein tid til å gjera så mykje meir!

Dei fleste var svoltne etter diverse buss- og båtturar. Det vart servert taco, ein utruleg eksotisk og ukjent rett frå Mexio, som funkar perfekt som ferdamat. Dei som ville, fór ut på kveldstur for å erfara denne nynorskbyen, og det han hadde å tilby. Magnhild Mjør, ein av dei mest erfarne gaidane på Stord, viste oss mellom anna innkøyringa på parkeringshuset, Kulturhuset, terminalen og fiskedamo. Sistnemnde førte oss naturlegvis inn i ein djup, biologisk samtale om kva som er mest funksjonelt av havfruer eller fiskedamer. Me står framleis utan svar.

DSC_0038

Kassastyrar og nestleiar brukte nattevakta si på å laga bollar, til glede for deltakarane

Då me friske og flotte kom tilbake til Leirvik skule, slo me oss til ro med Flukta frå Dyreskogen. Nostalgi blanda med lingvistisk kjærleik bruste i samlinga, medan Rev og Padde leia gjengen mot Hjorteparken. Me vart sitjande lengre enn det me hadde trudd, men kven kan vel forlata filmlerretet når Ugle siterer sine favoritt-filosofar?

På laurdagen sat me alle fastspente i sofaene og venta på Stord sin store helt, Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland museum. Herr Lunde fortalte, med teatralske innslag, om Peder Lundarstøl, ein stordabu som levde isolert med kone etter kone, og gjorde det beste ut av dårlege levevilkår. Maria Svendsen, tidlegare leiar og morsfigur, hadde førebuingskurs. Studentmållaga diskuterte lovbrigdene og arbeidsprogrammet til Sentralstyret.

DSC_0071

Nestleiar Fredrik viser stolt fram sitt kondomdesign.

Kjøkken

Av og til må leiar og kassastyrar ta ansvar for grønskaskjeringa

Seinare på dagen var det idédugnad for kva som skal stå på kondomane som Studentmållaget i Stavanger hadde investert i. Det beste sitatet fekk me sjølvsagt i frå o’store Ivar Aasen: «Når Fantestaven er vorten varm i Handi, so er han ikkje god aa sleppa». Grisepratet haldt fram til middagslaginga; Ingunn og co. mekka ei eksotisk sterk kyllingsuppe til dei andre småkåte målungdommane.

Vår kjære skrivar Aslaug tok på seg oppdraget å vera quizmeistar. Me ante ikkje kva me hadde gitt oss ut på. Quizmeistaren introduserte eige poengsystem og spørsmål som fekk hugen til å knaka. Medan somme trøyste seg med øl, tok det ikkje lang tid før me alle kunne trøysteeta økologisk Isrosa-is frå Kvinnherad.

DSC_0095

Siste samling før deltakarane dreg heim att. Nokon tek det hardare enn andre.

Dagen etter stod ikkje frukosten klar for dei morgontrøytte deltakarane. Kva hadde skjedd? Ei merkeleg stemning breidde seg i rommet, og blanda seg med kjensla av svolt. Kvifor stod ikkje nugattien der? Og agurken? Og kvifor i all verda stod kaffitraktaren der utan mursvart drikke? Før svaret kom på bordet, tok gutane initiativet og laga mat. Gutane forstod at det var 8. mars og at det var deira tur til å bidra på kjøkkenet. Me fekk ein engasjert kjønnsrolledebatt på tampen av dagen. Men ikkje få panikk; alle fekk roa seg med is og ei oppsummering før slitne målungdommar vendte snuten heim igjen til sitt urbane studentliv.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *