Styremøte

Store ting på gang! Nemner i fleng: digital satsing, matpakkesamling (neste: måndag klokka 12 på studentsenteret), aktivitetskalender – kjem snart til ein SmiB-logg nær deg (her),  og me har skrive årsmelding, byrja på søknad om midlar, og gledd oss til møte og anna mållagsverksemd. Utsendingane til NM-årsmøtet gler seg til å festa i bunad med vyrde målfolk i hovudstaden –  førfest med Ølve mållag? Berre tida vil visa. Vidare vil me til Osterøy for å snakka målsak, og til Flåm og sutla med øl. Om det er humor på programmet? Ja.

2 responses to “Styremøte

  1. Kannhenda gjera det til ei liste, so vert det snøggare å skanna? :D Eg gjer det her, men ingen les jo kommentarar, so …

    • digital satsing,
    • matpakkesamling (neste: måndag klokka 12 på studentsenteret),
    • aktivitetskalender – kjem snart til ein SmiB-logg nær deg (her).

    Elles har me:

    • skrive årsmelding,
    • byrja på søknad om midlar, og
    • gledd oss til møte og anna mållagsverksemd.
  2. KEISAMT!! lager lister på viktige ting, liksom, men dette var eit kake-og-hekladuk-møte. det må stå i stil. referatet burde soleis eigentleg vore skrive for hand, med uleseleg lykkjeskrift.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *