Kven er SmiB, og kvifor er me best?

Gilde student!

Her er informasjonen me sende ut til dei som skreiv seg opp på e-postlistene våre på studenttorget 16/8. Me vil gjerne dela han med så mange som råd, difor legg me han ut på bloggen òg. Her får du ein kort presentasjon om laget, kva me har gjort dei siste semestra, og kva for planar me so langt har for hausten.

Kven er me, og kva gjer me? Me er ein god gjeng med unge nynorsktilhengjarar. Me er opptekne av god språkbruk, av å gje merksend til nynorsken og dei norske dialektane, av å sikra studentar mot språkleg diskriminering; Du skal få eksamenen din på det språket du er oppmeldt med, og språket i eksamensoppgåva skal vera godt! Du har rett til å klaga om eksamen er på feil språk, og likeins kan du klaga om språket i eksamensoppgåva er dårleg – dette er det ikkje alle som veit, so ein viktig del av arbeidet vårt er å opplysa om desse rettane. Likevel, det aller viktigaste for oss har heile tida vore å ikkje verta keisame og sure pessimistar (slik stoda gjerne er i dei noko eldre mållaga) – SmiB er positive i alt me gjer! Snok rundt her på bloggen og på facebooksida vår for å finna ut meir.

Kva har me gjort dei siste semestra? SmiB skryt ikkje om me seier me har vore det beste studentmållaget dei siste åra, det har me jamvel fått to diplom på. Dette er grunnen/grunnane:

  • Me har mellom anna ry på oss for å skipa dei beste studentsamlingane, den siste no i vår (Sjå programmet for førre samling).

  • Me har vore på konsertar med artistar som syng på dialekt, til redusert pris for medlemma våre. Førre studieår var me på Valkyrien Allstars og Hopalong Knut.

  • Me hadde DjAasen på Heilhus på Kvarteret, eit særs godt vitja dansegolv kor det gjekk i fengande, norsk musikk.

  • Me laga ei syrleg og sarkastisk nynorsk-avis, Dagverd. Berre for kjekt.

  • Me er alltid særs godt representerte på andre mållagstilskipingar, frå dei lokale nynorskbarane til Bergen mållag, til årsmøter, haustkonferansar, og sumar- og vinterleirar i Norsk Målungdom. Me liker å følgja med, og vera der det skjer!

…og det er sjølvsagt me som har laga desse klistremerka.

Kva vil me gjera i haust? Fyrst: me vil planleggja hausten saman med våre nye medlem, og dei som kanhenda vil verta med i laget. Difor har me tenkt at den fyrste hendinga i vår skal vera ein pønskarkveld, kor me møtest for å dela visjonar og idéar for hausten med kvarandre. Når me har gjort dette ei stund, tenkte me å avslutta kvelden med å sjå «Få meg på for faen» (Etter boka av Olaug Nilssen) på kino. Me betaler for medlem, og tilfeldigheitane vil ha det til at filmen er dyrare enn oss. Kvelden det skjer: torsdag 8. september, følg med på facebooksida og bloggen vår for nærare informasjon om tid og stad.

Dinest vil me gjerne føra vidare det beste frå i fjor; det er soleis utsikter til fleire norske konsertopplevingar, eit nytt suksess-Heilhus, kanskje meir avis, og like massiv deltaking på andre mållagstilskipingar. Sist me møttest spekulerte me òg i å ha eit nynorsk ete- og drikkegilde (kor me altså hiv innpå mat frå produsentar som nyttar nynorsk. Eit raskt oversyn over slike tyder på at det vil gå mest i øl, iskrem, saft og syltety denne kvelden. Det kan berre verta bra).

Til sist, og veldig veldig viktig, vil me seia at det ikkje er naudsynt at du er aktiv, sjølv om du er med i laget. Me er ein flott gjeng som er aktive og liker å skipa til ting, skriva lesarbrev og reisa på årsmøte, og det er sjølvsagt plass til fleire i denne gjengen. MEN du er like bra som denne gjengen om du ikkje liker desse tinga – berre liker nynorsk og vil vera med i eit mållag for å syna det. Me treng deg fordi me vil verta mange, slik at argumenta våre veg tyngre når det trengst («over 100 studentar meiner dette»), fleire medlem gjev også større økonomisk fridom – kanskje det likevel dukkar opp ei hending du kunne tenkja deg å gå på? Og aller viktigast: me er studentmållaget i Bergen. Me er nøydde til å verta større enn Oslo!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *