Vaflar i mai; hug, elsk og Aasen!

Torsdag 12. mai var ein dag for vaflar og verving, denne gongen utanføre SV-bygget. Vaflane var ein suksess som alltid, men nye medlem vart det lite av. I minsto har fleire studentar fenge vita um oss, ikkje berre dei nynorskvenlege HF-arane me vanlegvis dreg til oss. Me fekk mykje godhug frå samfunnsvitarane òg!
Her er nokre glimt frå hendingi


Hug, elsk og Aasen – kjekke karar med fine skjorter!


GOD stemning når Odin greier ut um alle dei ubrukelege variablane som var dregne inn i dei «vellukka» fritak-frå-sidemål-prosjekta i hovudstaden.



Her byrjar det å likna på noko! Eit lite vekkjingsmøte, kan henda.

Me feira at jamstillingsvedtaket var 126 år 12. mai, og delte ut dei siste Dagverda våre.

Desse fine damene frå Samlaget lika tiltaket vårt, men ville ikkje ha vaflar. Rykte skal ha det til at dei skal skriva bok um ossvaflar, det er nok difor dei tek bilete.

3 comments

  1. jaja…no er me no vertfall sikra omtale i boka deira! så mykje som me gjer for (ny)norsk vaffelkultur, var det ikkje anna å venta.

Comments are closed.