Pakka og sendt Nei takk-klistremerke

Då har me starta på den ganske store bakloggen av klistremerketingingar. Me har nett brukt 2000 kroner på porto for Dagverd, og no held me fram å spytta inn ein heil del hundrelappar i den [gratis klistremerkesendingi vår](/ting-klistremerke/?utm_source=smib.no&utm_medium=innlegg&utm_campaign=klistremerke).

Omlag 1 av 20 gjev oss ein donasjon på rundt 100 kr, og det hjelper på slik at me ikkje går so ekstremt mykje i minus. Kvar sending kostar oss frå 20 til 40 kroner. Dessutan hjelper sjølvsagt dei små donasjonane òg.

Det kulaste er likevel at me får spreidd ein heil haug klistremerke rundtom i Noregs land, og eg vonar dei som tek mot klistremerka våre faktisk er flinke til å bruka kvart einaste merke. At dei ikkje vert liggjande heime, men vert spreidd dei vidare til naboar, vener og kjende.

Me har [matpakkesamlinger](/matpakkesamling/) på tysdagar og torsdagar no. Torsdag kl. 12, tysdagane er ikkje tid spikra enno. Send ein epost til smib@malungdom.no so minner me deg på samlingane. I dag var me 5 stykk, so pakkingi gjekk fort heilt til me ikkje hadde fleire konvoluttar att. So me får pakka resten neste tysdag, då!