To Valkyrien Allstars-konsertar

Sist fredag var me på konsert med Valkyrien Allstars. Me klarte å få 50 kr rabatt frå Hulen, det kom 4-5 medlem utanom oss 6 i styret. Me selde 2 EGNYNORSK-t-skjorter, og kunne seld fleire dersom folk hadde hatt meir lommepengar. Me høyrde mange godord om dei.

Bilete teke på konserten av Elisabeth Almighty.

Sidan me brukte t-skjortene som ein samla gjeng på ein konsert, vart det likevel litt vel uniformete. So det kunne diverre sjå ut som om me hadde bryte oss ut frå ein institusjon. Det er noko me må hugsa til neste gong; folk må ikkje ha heilt like klede. Farge- og motivforskjellar er ein veldig bra ting. Heldigvis gjekk me ikkje alle i det same, so det gjekk bra ;-)

Konsert, nr 2

Same dag, ein god del timar seinare, spelte Valkyrien ein minikonsert på Det Norske Teatret for Studentmållaget i Oslo sitt 110-års-jubileum. Denne gongen brukte Tuva t-skjorta ho hadde fengje av oss etter konserten på Hulen.

Sers moro for oss ;-)

5 responses to “To Valkyrien Allstars-konsertar

  1. Nynorskelskende oslojente

    Ahh! Eg lyt skriva på nynorsk då. Eg er eigentleg frå Oslo, så det er litt uvant. Eg ELSKAR Valkyrien Allstars, og Tuva. Er det mogeleg å tinge ei slik T-skjorte ho hadde på seg? Hadde vore supert med svar. :)

    • Studentmållaget i Oslo har alltid vore det største laget i Norsk Målungdom, so å vera frå Oslo er ein god grunn til å vera glad i nynorsk ;-)

      Eg bur sjølv i Oslo no, men eg hadde ikkje vore heilt overraska dersom me ikkje framleis har eit par av dei der t-skjortene att. Send ein epost til smib krøll nynorsk punkt no og høyr med dei der :-) Studentmållaget i Bergen har laga ein heil haug nytt tilfang i det siste iallfall (men ikkje den gamle t-skjorta ;-) ).

  2. Nynorskelskende oslojente

    Takk for svar! Eg er veldig glad i nynorsk, og blir eigentleg berre meir glad i det når resten av klassa ikkje er spesielt glad i språket (sjølv om eg skulle ynskje fleire forstod kva dei går glipp av). Ein må vel ha eit særskilt engasjement om ein er minoritet. ;)

    • Er berre kjempehyggeleg å få innspel på gamle innlegg. :)

      Som eit tips, er eg sikker på at SmiB sender deg ei gratis t-skjorte i posten dersom du melder deg inn. ;-) Det trass i at du då vil telja til Målungdomen i Oslo, Katta Målungdom eller (erkerivalen[1]) Studentmållaget i Oslo avhengig av alder og skule.

      [1] Rivaliseringa er hundre prosent venleg og skjer for det meste på Twitter, dersom det skulle vera nokon tvil.

  3. Nynorskelskende oslojente

    Ja, eg skal byrje på Katta, so det passar no bra! :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *