Studenttorg på studentsenteret, 15 nye medlem(!)

For nokre dagar sidan hadde me stand på studentsenteret. Det viste seg å vera ganske so lurt. Ida og Helene klarte å verva 15 medlem på den dagen. Vel, ei av dei vart verva av Odin, men ho var allereie innstilt på å verta medlem.

Me gav ut gratis t-skjorter til alle som vart medlem (og alle som allereie var medlem). Det er av typen «Studentmållaget i Bergen» med Ivar Aasen på. Dei var veldig populære. Me har framleis mange av dei, so dersom du ikkje har fått ei (og er medlem i SmiB), so berre sei i frå, so får du ei.

Mange vart frista til å verta medlem for å få dei flotte jakkemerka som me fekk frå skrivarstova Oslo (men dei er teikna av ein SmiB-medlem ;-) ). Diverre fekk me alt for få, so me måtte rasjonera dei ut ved å berre gje til medlem (og putta ein latterleg høg pris på dei dersom du ikkje var medlem). Det viste seg faktisk å fungera som eit slags triks, sjølv om veldig mange vart veldig lei seg då dei ikkje fekk.

Me må verkeleg få laga ein liten engelsk tekst/flygeblad som forklarar godt kven/kva me er. Det er veldig mange som ikkje kan norsk som lurer på kva me er og kvifor me står der og heng. Det er faktisk noko som står i gjennomgangen frå tidlegare sokalla «studenttorg» (eller studentopningsseremoniar?) i Grieghallen.

Forresten treng me òg nytt/eige informasjonsflygeblad. Veldig-veldig mange av dei som gjekk forbi strekte seg automatisk mot verveblokka, den med EGNYNORSK på. Det viser seg at det er mykje meir interessant enn alle dei andre flygeblada våre, so her må noko drastisk setjast i gang! :-)

No byrjar me so smått å planleggja hausten. Me må få til eit par hendingar som andre enn styret kan vera med på. Det er moro å stå på stand, men det involverer omtrent ingenting av medlemsmassen vår.

Hendinga var på alle måtar totalt vellukka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *