Framleis ferie

Det har vore eit par tingingar på klistremerke i ferien, men det vil nok framleis taka minst 2 veker før eg er heime i Bergen for å kunne senda ut nye. Ingen av dei som har kome inn i ferien har vore med friviljug pengedonasjon heller, so det hastar ikkje so fælt ;-)

Elles ynskjer me å stå på stand ved skulestartseremonien i Grieghallen. Me prøver å finna ut kvar og kor tid me må melda oss på den for 2010.

Eg-hjarta-nynorsk-tskjortene våre er forresten komne, men dei er veldig store. Diverre er tydelegvis heile klesbransjen udugeleg, so S og M tyder i nokre høve XXXS og XXS, medan i dette høvet vert dei meir S=L og M=XL. Eit felt som definitivt treng standardisering.

Elles skal me visstnok ha ei studentsamling dette semesteret, men diverre er ganske lite fastsett nett no.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *