Medlemsepost for slutten av vårsemesteret

Eg fekk spørsmål om eg kom til å leggja medlemseposten ut på netsida. Kvifor ikkje? Her er ho, den fyrste og truleg siste dette vårsemesteret. SmiB går inn i ei lita stilleperiode no grunna sumar; folk reiser vekk 😉

Gode SmiB-medlem!

  1. Nye epostlister for SmiB (lurt å lesa)
  2. Få tidsskriftet Mål og Makt gratis
  3. Me har laga «reklame – nei takk»-klistremerke med ein tvist (få gratis)
  4. Prosjekt om soga til SmiB
  5. Matpakkesamlingar og andre hendingar frametter

1. Nye epostlister

Du får denne eposten av di du står i medlemslistene våre. Dette er den vanlege medlemslista. Me har i alt tri stykk:

  • Årsmøtelista (òg kjend som eg-hatar-epost-lista)
  • Medlemslista (denne)
  • Aktivlista (me vil gjerne ha deg her)

Årsmøtelista får maksimalt ein epost i semesteret (til, ja, årsmøter). Dette er folk som stør sakene våre og vil vera medlem, men som ikkje har interessa for kva med driv med nett no. Her har me putta folk over ein viss alder og folk me veit bur utanfor Hordaland. Dei kan sjølvsagt fritt flytta seg til dei andre listene om dei vil.

Send ein epost til oss dersom du heller vil stå på årsmøtelista.

Medlemslista sender me epost når det skjer store ting, men maks ein gong i månaden.

Aktivlista er ikkje berre for aktive, men for alle som ynskjer å vita kva som skjer i laget. Alle medlem kan senda epost til den lista og me kan planleggja allslags. Ting på lista bør sjølvsagt vera litt studentmållagsrelevant, men det er tenkt til å vera ei ganske fri liste. Du må tóla minst ein epost per veke (matpakkesamlingseposten). Me melder ingen på her utan å segja i frå. Meld deg på her: <http://lister.malungdom.no/listinfo/smib-aktiv>

2. Få tidsskriftet Mål og Makt gratis

Me i styret har funne ut at me vil la SmiB betala Mål og Makt for medlemene sine. Viss det vert ovstore utloger, so må me rett nok sjå på det enno ein gong, men me trur det skal gå bra.

Viss du ynskjer Mål og Makt i postkassa di (og det gjer du vel?) so kan du berre senda ein epost til smib hjå nynorsk punkt no med namn og adresse.

3. «Uadressert bokmål – nei takk»-klistremerke

No kan du pryda postkassa di med våre nye klistremerke! Me ynskjer å spreia desse so langt og godt som mogleg, so me sender dei ut på eiga rekning. Merk di eiga postkasse og dytt nokre på naboane dine, so vert me veldig glade.
Du kan tinga klistremerke på den nye netstaden vår. Det er likevel mykje betre om du berre kjem på kontoret vårt og får, so slepp me den alt for dyre portoen.

4. Soga til SmiB

Me har starta å samla saman kjelder til soga til studentmållaget her i Bergen. Det er ikkje (enno) meint å vera eit skikkeleg prosjekt. Me vil leggja ut morosame fakta, sitat, bilete og hendingar frå gamle dagar på netsida vår. Viss du har noko historisk materiale, eller kan segja noko morsomt eller litt interessant om SmiB, vert me sers glade for det.

5. Matpakkesamlingar og andre hendingar frametter

Kvar torsdag kl. 12.00 har me matpakkesamling på studentsenteret. Til me får vårt eige skilt so vil me henga opp ein stygg papirlapp slik at du lett kan finna oss.

Av og til har me matpakkesamlingar på andre dagar òg, det vert i so fall meldt frå om på aktivlista, so det er ein god idè å melda seg på der: http://lister.malungdom.no/listinfo/smib-aktiv

Alt anna som skjer vert sagt i frå om på aktiv-lista. Viss det t.d. vert ei sumaravsluttning, so vert ho berre sagt frå om der (av di me ikkje vil senda epost til denne lista for ofte).

Pønskarkveld – torsdag 20. mai, kl. 18.00–20.00
Me veit ikkje heilt kva me skal gjera her. Men me set oss i sofaen på kontoret og pønskar på kva tilfang me skal laga frametter og kva anna me kan gjera. T.d. «kva ville ivar gjort»-t-skjorter, eller fleire klistremerke som me enklare kan hengja rundt Bergen enn dei som berre er til postkassar. Me let tankane flyta, og so går me ut på byen etterpå, dei som vil.

Kontoret vårt er i nygårdsgata 1B, fjerde etasje. Ring eller send melding til 93 24 37 25.