LOVE vs. HJARTA nynorsk

Eg var ute på min vesle tur rundtom i Bergen for å levera klistremerke som folk i Bergen sentrum hadde tinga frå ting-klistremerke-sida vår, og la merke til t-skjorta til ein fyr som gjekk forbi meg.

Stod det ikkje «I ♥ NY NORSK» der? Jo det gjorde det!

Eg snudde meg rett om og småsprang etter den vesle gjengen med fjortissar.

«Hei! Kvar fekk du t-skjorta di frå?» «Å, den, uh, hmm, internett. Kjøpt på internett.»

Eg la merke til kvar ho var kjøpt og gav han eit par av klistremerka våre («… til postkassa di! Ha ein fin dag!»).

Det viser seg at me har ein konkurrent. So kult!

Og vår eiga skjorte:

Du kan kjøpa t-skjortene våre frå NMU no.

Diverre fann eg ikkje eit meir t-skjorte-sentrert bilete i farten, men me har ikkje fått i gang litt meir organisert t-skjortesal enno. Det kjem.

Netbutikken til Guhl der dei sel skjorta er ganske stilig, du kan velja mellom nynorsk og bokmål, men bokmål fungerer ikkje dersom du trykkjer på han. Morosamt. :-)

Same kva, det må seiast at vår t-skjorte:

  1. Er på norsk
  2. Ikkje har orddelingsfeil
  3. Kostar mindre

So får me sjå korleis konkurransa utartar seg ;]

6 responses to “LOVE vs. HJARTA nynorsk

  1. hehehee, eg likar at den bokmålsknappen både har dansk flagg og er ubrukeleg ;)

  2. Mercie Sinnett

    hehehee, eg likar at den bokmålsknappen både har dansk flagg og er ubrukeleg +1

  3. Pingback: Framleis ferie | Studentmållaget i Bergen

  4. Eg ynskjer meg slik ei t-skjorte :)

  5. Kvar kan eg få kjøpt t-skjorta?

  6. Hei Nina,

    dersom du er i Bergen so er det berre å koma på matpakkesamling, og kjøpa der. Det ser ut som om du er i Trondheim, so då kan det henda Studentmållaget i Nidaros (http://smin.no/) har, viss ikkje so er det altso berre å senda ein epost til Norsk Målungdom sentralt, dei driv med postsending og sal av dei skjortene.

    Send ein epost til skriv@nynorsk.no for å høyra med dei der :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *