Klistremerkeaksjon på sydneshaugen

I går og forrigår delte me ut klistremerke og vaflar på HF-bygget her i Bergen. Det var ein sers velukka aksjon der me fekk delt ut fleire hundre klistremerke og nesten like mange vaflar. Det heile gjekk over fire dagar;

Me starta på sundag med å finna gamle lysingar og illustrasjonar frå gamle blad. Me fann masse kult i FOLKEMÅL frå 80-talet og kopierte upp. Til slutt hadde me ein heil del lappar som Helene og Ida hang upp rundtom HF på måndagen.

På aksjonen var det fleire som hadde sett det og synast det var kult. I fylgje jentene fekk spesielt jentedassane særleg god lappedekning. Me lagde òg plakatar til å ha på bordet.

På måndags kveld var eg sjølv på Austevoll, medan Helene og Ida lagde vaffelrøre på kontoret av det eg hadde kjøpt inn tidlegare.

Det vart fleire litre. Eg vil tru me hadde rundt 13 liter vaffelrøre klår til tysdagen.

So starta aksjonen. Me fekk verva 7 stk. Ganske tilfeldig eigentleg, me prøvde jo eigentleg ikkje å verva folk. So dimed var det ekstra kult at so mange sette seg opp utan nokon som helst «smøring» eller hinting.

Dagen etter (onsdag) vart det ingen vervingar, men mange folk skreiv seg opp på eg-vil-vita-kor-tid-nynorskkurset-er-lista vår.

Me gav vekk eit heilt _drøss_ klistremerke. Det vart vel fort ein 600-700 stykk (!?). Iallfall i kor mange klistremerke me plutseleg manglar! So ikkje berre forsvann nærare 26 liter vaffelrøre, men eg trur me må tinga fleire klistremerke snart óg.

Hugs at du kann få dei gratis tilsendt so lengje lageret rekk.

4 comments

  1. «Stress ned / Me er ikkje her for å selja skit»
    Hoho! Den skal eg leggja meg på minne og nytta i framtidi.

    -kf

  2. Dessutan, me freista jo å lokke folk med høve til å tena store pengar. Då sømer det seg ikkje å selje dei noko, og spesielt ikkje skit.

Comments are closed.