klart språk i staten

Neste tysdag vert det arrangert «temamøte om språkforståing, «Klårspråk» og arbeidet for eit betre og meir publikumsretta språk i statsforvaltinga». Om du er ein SmiB-ar som er oppteken av godt språk, høver dette for deg! Nedanføre er heile skrivet sitert:

«Skjemaoverveldet?»

Måndag 9. mars lanserte regjeringa nettstaden www.klarsprak.no og kampanjen “Klart språk i staten”. Studentar og tilsette ved språkfaga vert med dette inviterte til temamøte om språkforståing, “Klårspråk” og arbeidet for eit betre og meir publikumsretta språk i statsforvaltinga.

Rådgjevar Torunn Reksten frå Språkrådet viser filmen «Skjemaoverveldet?», som er laga av Språkrådet og viser korleis folk oppfattar informasjonen i offentlege skjema.

Reksten vil elles presentera arbeidet i Språkrådet, særleg den nye språktenesta for statsorgan, snakka litt om kva type jobbar ein kan få med språkbakgrunn, og komma med ein appell om at vi treng mange konsulentar som kan noko om godt språk.

Opplegget passar særleg godt for studentar på bachelorprogrammet i språk og informasjon, for dei som har tenkt å ta eller har teke emnet Praktisk informasjonsarbeid, og for nordiskstudentar på alle nivå. Andre studentar og tilsette er òg velkomne.

Dato og tid: tysdag 17. mars klokka 12.15–14

Stad: aud. A, Sydneshaugen

Arrangør: bachelorprogrammet i språk og informasjon

3 comments

  1. Glitrande! Flott tiltak. Dette skulle eg jaggu ha vore med på sjølv. Eg kan dessutan leggja til at me har ein masterstudent her «på huset» (nordisk) som skriv om klårspråk. Gler meg til oppgåva hennar er ferdig.

    Eg tek meg òg den fridomen å leggja inn ein snarveg til SmiBloggen (haha!) på Fridtun teiknar og fortel.

    /kf

  2. Ja, eg gler meg til dette. I det lingvistiske miljøet på UiB har det vore slikt skryt og nærast mas om denne hendinga i ein halv månad, så eg ventar meg mykje av møtet!

    Lenkjelaging er då meir ei teneste enn ein fridom – du skulle sett kor vitjingskurva fòr i vêret her 🙂

    Kvifor ler du av SmiBloggen, forresten?

    ~ ida

  3. Vel, eg trudde eg hadde funne på noko morosamt heilt sjølv (SmiBloggen i staden for SmiB-bloggen, du skjønar).

    Men so nyskapande og påhitten er eg vel ikkje, nei..

Comments are closed.