Hei, alle nynorskstudentar i Bergen!

Velkomen til den heilt nye bloggen til Studentmållaget i Bergen! Her vil me skriva om kva som går føre seg i laget, og om andre nynorsk- og studentrelaterte ting som går føre seg i byen.

Det er fritt fram for å koma med innspel på innlegga i bloggen! Ein kan godt koma med innspel, spørsmål, framlegg til laget eller tips om nyhende utan at dei har noko med det som står i innlegget å gjera, det er berre kjekt.

Når de kommenterar vil ikkje kommentarane verta synte før me som styrer bloggen har godkjent dei. Slik kan me luka ut nynorskhat og anna spam. Me vil sjølvsagt ikkje sensurera noko utover det.

Det vil truleg vera litt skralt med informasjon nett no i starten, men dette vil betra seg med tida. Ha tol!

2 comments

  1. Hei! Kristina her, tidlegare BMUar og no Smioperson, så fin blogg de har! 🙂 eg vonar vi kan få ein snart òg

    (det går ryktar om at det er nokon på saka, smil)

    vonar alt er bra i bergen!

  2. Hei!

    Takk 😀 slik fin blogg kan de få på wordpress – det veit du sikkert sidan du har det sjølv. Eg likar at wordpress driv og gjer seg nynorsk for brukarane!

    Alt er bra i Bergen, utanom vêret då, sjølvsagt.

Comments are closed.