Bergen Student-TV  /  Studentradioen i Bergen  /  Studvest   /  Nyhetsarkiv

SIKRE. - Vi hadde nok bekymra oss meir om vi ikkje allereie hadde sikra oss sommarjobb, seier sam.pol-studentane Ragna Eltun og Tine Lauritzen Kaland. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

Økonomar spår færre sommarjobbar

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

Studentane Ragna Eltun og Tine Lauritzen Kaland har fått sommarjobbar i det offentlege. Men i det private vil antal sommarjobbar minke, meiner fleire økonomiekspertar.

– Når ulike bedrifter kuttar i sine faste tilsette, kvifor skal dei ta inn like mange sommarvikarar som før? spør Tine Lauritzen Kaland.

Ho og medstudent Ragna Eltun støttar økonomane sin spådom om at finanskrisa vil gje dårlegare sommarjobbutsikter, men sjølv har dei sikra seg sommarjobb.

Kaland skal jobbe ved Studentsamskipnaden i Oppland, medan Eltun skal jobbe ved Bioforsk Appelsvol, som driv med økologisk landbruksforsking.

– Det er nok små, private selskap som kjem til å kutte flest stillingar, trur Eltun.

FLEIRE KONKURSAR
Fleire økonomiekspertar Studvest har snakka med meiner nedgangstidene vil gjere det vanskelegare å finne sommarjobbar.

– Alle prognosar seier at arbeidsløysa vil gå opp til neste år og at etterspørselen vil dempast. Dette betyr at mange bedrifter vil måtte gå til innskrenkingar, eller at det blir ein auke i talet på konkursar. Bedriftene vil samtidig vere forsiktige med nytilsetjingar, også midlertidige tilsetjingar som til dømes sommarjobbar, seier professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole (NHH) Øivind Anti Nilsen.

Nilsen trur det spesielt er bygg- og anleggssektoren, eksportretta næringar, samt servicenæringar som kafé og restaurantar som vil merke nedgangstidene mest.

– Den norske økonomien er veldig open ved at vi importerer og eksporterer mykje. Vi vil veldig snart merke den lave internasjonale etterspurnaden, seier han.

OLJE OG MØBEL
Ein annan professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NHH, Kjell Salvanes, trur finanskrisa vil gi færre sommarjobbar mellom anna i bransjar som skipsbygging, aluminiumsindustri, oljeindustri og møbelindustri.

Senior HR-konsulent i StatoilHydro, Siren Anfindsen, vil førebels ikkje seie noko om korvidt finanskrisa får konsekvensar for sommarprosjekt-stillingane i bedrifta.

– Utlysingane vil kome i januar, så dette kan vi ikkje seie noko om no, svarar Anfindsen.

-TRYGGARE I DET OFFENTLEGE
Økonomiprofessor Salvanes trur imidlertid ikkje at offentleg drift kjem til å bli påverka av nedgangstidene.

Han får støtte av leiar for Karrieresenteret Rønnaug Tveit.

– Mange studentar jobbar i offentlege instansar som helse, pleie og grøn etat. Her vil ein nok ikkje merke noko særleg, men i det private kan det hende at vi vil merke ein nedgang. No lønner det seg meir enn nokon gong å vere tidleg ute og søkje, seier ho.

Du leser nå en nyhet fra Studvest. For mer Studvest sjekk ut Studvest.no, eller utforsk de 10 nyeste nyhetene våre under.