Studentmållaget i Bergen jobbar for nynorsk, dialektar og språkleg mangfald. Og me ynskjer å gjera det på ein positiv måte, for det er berre slik me er.

Elles er me eit lokallag i Norsk Målungdom, ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag . Dei er nesten like kule som oss.

Følg oss, finn oss!

Me kjem til å legge ut info om komande aktivitetar og hendingar på Facebook og Twitter. Følg oss der! Du kan også følge oss på Instagram

Du kan nå leiar Ingrid på telefon 938 16 407 eller på epost til smib hjå nynorsk punkt no.

Me har kontor i 3. etasje i Nygårdsgåten 1B (NG1B), saman med ein del andre organisasjonar. Ta kontakt!

Styret hausten 2017

Leiar: Ingrid Mølmen Gråsletten
Nestleiar: Fredrik V. Heimsæter
Økonomiansvarleg: Magnhild Mjør
Skrivar: Janne Merete Bøyum
Styrelemar:
Tuuli Hietanen
Sunniva Øvstetun
Ragnhild Kvifte
Varaar:
Morten Stene
Stian Langlo Driveklepp

Litt frå SmiB på wikipedia

Studentmållaget i Bergen eller SmiB er eit lokallag i Norsk Målungdom (NMU), ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og har som føremål å arbeide for nynorsken blant studentar og akademikarar i Bergen. SmiB har heile tida hatt Universitetet i Bergen som kjerneområde.

SmiB vart skipa i 1946. I fyrste perioden var aktiviteten meir allmennkulturelt prega, og det å skape eit miljø for målstudentar var viktig. Såleis hadde ein vitjingar av forfattarar og fokus på litteratur. I tillegg var ein oppteken av måljamstilling ved Universitetet i Bergen.